Tog
Du kan bruke utvalde Skyss-billettar på reiser med lokaltog mellom Bergen og Arna/Trengereid, og mellom Bergen og Voss stasjon. Hugs at du må vise kvittering for gyldig billett til konduktør.
Desse Skyss-billettane kan brukast på Vossebanen og Arnalokalen:
-
Enkeltbillett og 24-timersbillett for sone A kan brukast på reiser mellom Bergen og Arna/Trengereid.
-
7-, 30- og 180-dagarsbillettar for sone A, E og F kan brukast på heile strekninga mellom Bergen og Voss stasjon.
-
30-dagers ungdomsbillett kan brukast på alle strekningar mellom Bergen og Myrdal.
NB: Ver obs på at du ikkje kan bruke Skyss-billettar på reiser med regiontog mellom Bergen og Oslo.
Slik kjøper du billett
Enkeltbillett og 24-timarsbillett:
Her kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett for sone A:
- Appen Skyss billett
- Nettbutikken
- Kundesenteret vårt på Bergen busstasjon
- Billettautomat
- SMS-billett (Berre for enkeltbillett)
- Vy-appen
- Entur-appen
Periodebillett (7-, 30- og 180-dagarsbillett)
Her kan du kjøpe periodebillett for sonene A, E og F:
Det er Vy som køyrer tog mellom Bergen og Arna/Trengereid, og mellom Bergen og Voss. Ver obs på at du ikkje kan bruke Skyss-billettar på reiser med regiontog mellom Bergen og Oslo.
Prisar for reiser mellom Bergen og Arna/Trengereid
Med Skyss-billett for sone A kan du reise med lokaltog mellom Bergen og Arna/Trengereid.
Dette gjeld enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillettar for 7, 30 eller 180 dagar.
Prisar for sone A | Vaksen | Barn/honnør | Student/militær |
Enkeltbillett | 49* | 25* | 29* |
24-timarsbillett | 123 | 62 | 74 |
7-dagarsbillett | 272 | 136 | 163 |
30-dagarsbillett | 827 | 413 | 496 |
180-dagarsbillett | 4135 | 2068 | 2481 |
* Du må, med nokre unntak, betale eit tillegg i prisen dersom du kjøper billett om bord på toget. Meir informasjon finn du på vy.no
Du som er fylt 16 og er under 21 år kan også reise med lokaltog mellom Bergen og Arna/Trengereid med ungdomsbilletten.
Prisar for reiser mellom Bergen og Voss stasjon
Skyss sine 7-, 30 og 180-dagarsbillettar til buss, bybanen og nokre båtruter, kan også brukast på reiser med lokaltog mellom Bergen og Voss. Du må ha billett for sona eller sonene du skal reise i.
Priseksempel:
30-dagarsbillett |
Sone |
Vaksen |
Barn/honnør |
Student/militær |
Arna–Vaksdal | A og F | 1243 | 622 | 746 |
Arna–Voss stasjon | A, F og E | 2064 | 1032 | 1238 |
Bergen–Arna | A | 827 | 413 | 496 |
Bergen–Bulken | A, F og E | 2064 | 1032 | 1238 |
Bergen–Dale | A og F | 1243 | 622 | 746 |
Bergen–Vaksdal | A og F | 1243 | 622 | 746 |
Bergen–Voss stasjon | A, F og E | 2064 | 1032 | 1238 |
Dale–Voss stasjon | F og E | 1243 | 622 | 746 |
Stanghelle–Voss stasjon | F og E | 1243 | 622 | 746 |
Merk: Du må ha periodebillett for alle sonene når fleire soner er nemnde. Du må for eksempel ha billett for tre soner, A. E og F, på reiser mellom Bergen og Voss stasjon.
Skyss sine enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan berre brukast på reiser med tog mellom Bergen og Arna/Trengereid, og ikkje mellom Bergen og Voss, eller mellom Trengereid og Voss.
Om du skal reise på enkeltbillett mellom Bergen og stasjonar på strekninga Trengereid–Voss, må du kjøpe billett i Vy-appen eller hos Vy.
Du som er fylt 16 og er under 21 år kan også reise med lokaltog mellom Bergen og Voss med ungdomsbilletten.
Har du 30-dagars ungdomsbillett?
Då kan du reise med lokaltog på alle strekningar mellom Bergen og Myrdal.
Rabattar på tog
Når du reiser med Skyss-billettar på tog, gjeld same rabattreglane som på Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter, med nokre unntak.
- Gruppereiser: For gruppereiser må du ta kontakt med Vy. Sjå vy.no for meir informasjon.
- Følgeperson: Det gjeld eigne reglar for følgeperson utanfor sone A. Sjå vy.no for meir informasjon.
Merk: Du må ha med kvittering for gyldig Skyss-billett når du reiser med tog.
Reiserabatt: Du får reiserabatt når du kjøper enkeltbillett til vaksen i Vy- eller Entur-appen. Dersom du har både appen Skyss Billett og Vy- eller Entur-appen, vil ikkje appane snakke saman om rabattstigen. Du opparbeider deg rabatt kvar for seg i dei ulike appane.
Det er Vy som køyrer tog mellom Bergen og Arna/Trengereid, og mellom Bergen og Voss.