Hopp til hovedinnald

Logg inn i nettbutikken her
Slik brukar du nettbutikken

I nettbutikken kan du kjøpe alle typar billettar for:

  • Skyss sine bussar i Vestland
  • Bybanen i Bergen
  • Alle båtar i Vestland
  • Lokaltog mellom Bergen og Voss.

Du bestemmer sjølv kva tidspunkt billetten skal gjelde frå. Du kan også kjøpe kombinasjonsbillettar for båt/buss for Hordaland.

Kor er billetten?
Når du kjøper enkeltbillett og 24-timarsbillett, kan du velje mellom å knytte billetten til Skysskortet ditt, sende den på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir. Når du kjøper periodebillett (7-, 30- og 180-dagar) og ungdomsbillett i nettbutikken, treng du eit Skysskort.

Kjøp billett til andre
I nettbutikken kan du også kjøpe enkeltbillett eller 24-timarsbillett til andre personar, til for eksempel barn eller familiemedlemmer. Du kan velje mellom å knytte billetten til eit Skysskort (dersom vedkommande har det), sende billetten på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir.



Skysskort som reisebevis

Skysskortet fungerer som reisebevis og du kan bruke det på alle reiser du kan kjøpe billett til i nettbutikken.

Slik får du Skysskort

Bestill Skysskort
Treng du fleire Skysskort, legg du inn ei bestilling for kvart kort. 

Slik brukar du Skysskortet

  • Opprett ein konto i Skyss nettbutikk, og registrer Skysskortet ditt der. 
  • Kjøp billetten du vil ha i nettbutikken. Du kan sjølv bestemme kva tidspunkt billetten skal gjelde frå. Billetten blir knytta til Skysskortet ditt.
  • Hugs å ha med deg Skysskortet når du reiser.
  • Ved billettkontroll viser du Skysskortet og eventuell dokumentasjon dersom du har kjøpt ein billett med rabattert pris (f.eks studentbevis dersom du har kjøpt ein studentbillett). Du treng ikkje vise Skysskortet om bord når du reiser i Hordaland. På reiser i Sogn og Fjordane viser du Skysskortet ditt til sjåføren/mannskapet når du går om bord.

Har du mista Skysskortet?

Dersom du mistar Skysskortet, gjer du følgande

  • Gå til nettbutikken og slett det aktuelle Skysskortet.
  • Bestill eit nytt Skysskort og registrerer det i nettbutikken. Då kan du bruke det nye Skysskortet på lik linje som det gamle.
  • Medan du ventar på at nytt Skysskort skal kome i posten, må du ha med kvittering frå nettbutikken for å kunne reise dersom du har gyldige billettar i nettbutikken.  
Hånd som holder et skysskort.

Spørsmål og svar

Nettbutikken

Du finn nettbutikken på billett.skyss.no 

På skyss.no finn du informasjon om billettar og prisar

Du registrerer deg første gong du brukar nettbutikken. Du kan også logge inn i nettbutikken med Facebook eller Google-godkjenning.

Ja, det er eit flagg der ein kan velje språk (bokmål/nynorsk/engelsk).

Du kan ikkje skaffe deg parkeringsbevis til innfartsparkeringane i nettbutikken. 

Slik skaffar du deg parkeringsbevis

Skysskort

Nettbutikken er ein sjølvbeteningskanal på lik linje med appen Skyss Billett. Sjåføren har ikkje høve til å lese av eller korrigere billettar kjøpt i desse kanalane. Har du spørsmål før du går om bord, må du sjå om du finn svaret på skyss.no, eller ta kontakt med kundesenteret vårt. Vi hjelper deg gjerne.

Då registrerer du Skysskortet ditt i nettbutikken ved å bruke kortnummeret som står på sjølve kortet. Etterpå kan du starte å kjøpe billettar som du knytter til kortet.

Dersom du mistar Skysskortet, logg deg raskast mogleg inn i nettbutikken og slett Skysskortet frå profilen din. Sjølve billetten som eventuelt er kjøpt, vil framleis vere i nettbutikken, registrert på din profil.

Bestill nytt Skysskort, og registrer dette i nettbutikken når det kjem i posten. Har du ein billett du vil bruke i tida før kortet kjem, kan du ta med kvittering frå nettbutikken og vise denne i ein eventuell billettkontroll.

Du bestiller Skysskort

Når du får Skysskortet, registrerer du det i nettbutikken. Etter at kortet er registrert kan du bruke det som reisebevis. 
Treng du fleire Skysskort, legg du inn ei bestilling for kvart kort. 

Kringom verdikort eller Kringom periodekort kan ikkje brukast i nettbutikken.

Kjøp av billett

I nettbutikken kan du kjøpe enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar for Skyss sine bussar og båtar i Vestland, Bybanen i Bergen og lokaltog mellom Bergen og Voss. Du kan også kjøpe kombinasjonsbillettar for båt/buss for Hordaland.

Ved kjøp av periodebillettar må du bruke Skysskort som reisebevis.

Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar vel du kvar du ønsker å ha billetten tilgjengeleg:

  • På eit Skysskort
  • På SMS
  • På e-post
  • På utskrift 

 

Det er ingen spesiell rabatt knytt til bruk av nettbutikken, men du får tilgang til alle typar rabattar og reduserte prisar for ulike kategoriar av reisande (som honnør, student, osb.).

Hugs at du alltid må ha med legitimasjon som viser at du har krav på billett med rabattert pris.

Når du har valt billett og kva type reisebevis du vil bruke, kjem du til betaling. I nettbutikken kan du betale med bankkort eller Vipps. Du registrerer bankkortet ditt ved første kjøp, så går det raskare neste gong.

Ja, du kan betale billettane med Vipps.

Du kan kjøpe billett til reiser som startar inntil 30 dagar fram i tid. Når du kjøper billett, seier du nøyaktig frå kva dato og klokkeslett billetten skal vere gyldig.

Ja, du kan kjøpe Ungdomsbillett i nettbutikken. Men legg merke til at ved reiser på andre transportmiddel enn Skyss sine (t.d. ekspressbussar) må du hugse å ha med kvittering for kjøpt billett. Kvittering kan du skrive ut eller sende til deg sjølv på e-post frå nettbutikken.

Ja, du kan kjøpe billett til andre ved å lage underbrukarar. Då kan du knyte eit anna Skysskort til t.d. barn/andre familiemedlemmer. Når du kjøper billett, vel du dette Skysskortet under «Levering». Du kan også kjøpe enkeltbillett og sende billetten/gi billettkoden til den som skal reise. Merk at det er ei avgrensing på eitt Skysskort per brukar/underbrukar.

Du kan kjøpe så mange billettar du vil, men det er avgrensa kor mange stader du kan sende kvar billett.

Nei, per i dag er det ikkje mogleg å kjøpe det i nettbutikken.

Nettbutikken og appen Skyss Billett er to forskjellige system. Billettar i Skyss Billett-appen er ikkje tilgjengelege i nettbutikken, og motsett.

I nettbutikken kan du velje å bruke ein kode som billettbevis for enkeltbillett og 24-timarsbillett. Det vel du når du kjøper billetten. Når du kjøper periodebillettar i nettbutikken, må du bruke Skysskort som billettbevis.

Bruk av billett

I nettbutikken vil du alltid ha oversikt over kjøpte billettar, både dei som er gyldige no og tidlegare kjøp.

 

Sjølve billetten ligg i nettbutikken, og det er det du har valt som reisebevis, Skysskort, QR-kode eller billettkode, som er ditt bevis på kjøpt billett. Hugs å ta med legitimasjon dersom du har krav på rabattert pris, for eksempel student- eller honnørrabatt. 

I Hordaland treng du ikkje vise billett til sjåfør/mannskap, mens du på reiser med buss eller båt i Sogn og Fjordane viser fram valt reisebevis til sjåfør/mannskap ved ombordstiging. 

 

Då viser du fram reisebeviset ditt (Skysskort, QR-kode, SMS eller e-post). Kontrolløren vil ha kontakt med nettbutikken og kan sjekke at du har gyldig billett.

Kjøper du billett i nettbutikken og skal reise med andre busselskap enn Skyss, må du ha med kvittering. Den kan du skrive ut eller sende til deg sjølv frå nettbutikken. Her finn du informasjon om kva Skyss-billettar som er gyldige på ekspressbuss