Avvik i kollektivtrafikken
Her finn du informasjon om avvik, forseinkingar og endringar i tilbodet vårt. Dersom du brukar reiseplanleggaren finn du dei same driftsmeldingane der.
-
Slik held du deg oppdatert
Informasjon om avviksmeldingar på nett, i reiseplanleggar og på haldeplass.
-
Informasjon ved avvik i andre reisetilbod
Her finn du ei oversikt over kollektivtilbodet i Vestland kor Skyss ikkje er ansvarleg for informasjonen.
-
Kalvedalsveien stengd 23.juni - 14. sept.
Stenginga fører til omkøyring for linje 5, 6, 11 og 16E.
Aktive avvik
Passasjerbåt i sambandet Vik–Ortnevik–Måren–Nordeide
På grunn av teknisk problem er det passasjerbåt i sambandet med avgang kl. 14.00 frå Vik. Reservefartøy er ikkje bilførande.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 18.07.25 11.18
Haldeplass Meyerskiftet stengd 17.–20. juli
Holdeplass Meyerskiftet på Flyplassveien er stengd frå 17. juli til 20. juli som følge av arrangement.
Alternative haldeplass er Rådal, Flyplassvegen.
Gyldig til: 20.07.25 16.00
Sist oppdatert: 17.07.25 15.57
Omkøyring via Haukeland
Kaigaten og Lars Hilles gate er stengd, og det blir endra køyremønster for bybanelinje 1 frå 14. juli til 28. juli.
Under finn du ei oversikt over korleis linje 1 og 2 køyrer desse to vekene.
For information in English, click here.
Linje 1 Bergen lufthavn - Bergen sentrum
Bybanen linje 1 kan ikkje stoppe på haldeplassane Byparken, Nonneseter, Nygård, Florida, Danmarks plass og Kronstad A og B.
Linje 1 køyrer slik:
Frå Bergen lufthavn: Normal trasé frå Bergen lufthavn til og med Brann stadion. Deretter køyrer banen til Kronstad E - Haukeland sjukehus - Fløen - Bergen busstasjon D.
Frå sentrum: Bergen busstasjon C - Fløen - Haukeland sjukehus - Kronstad F, og deretter normal trasé frå Brann stadion.
Her kan du sjå kart over linje 1 sin omkøyringstrasé, og rutetabell kan du finne her.
Linje 2 Fyllingsdalen terminal - Bergen sentrum
Linje 2 kan ikkje bruke haldeplassane Nonneseter og Kaigaten.
Bybanen linje 2 køyrer til og frå Bergen busstasjon desse vekene.
Gyldig til: 28.07.25 02.30
Sist oppdatert: 14.07.25 09.10
Omkøyring pga. stengd veg
Strekninga Langebrua–Liland er innstilt frå måndag 30. juni til måndag 21. juli, på grunn av vegarbeid langs Vikjavegen. Omkøyring via Rekvesvegen og E16 medan vegen er stengd.

Gyldig til: 21.07.25 09.00
Sist oppdatert: 26.06.25 12.02
Haldeplass Småland flytta
Haldeplass Småland, i retning mot Lonevåg, er flytta 100-150 m i retning mot Valestrand.
Haldeplassen er mellombels flytta i ca. tre måneder på grunn av vegarbeid.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 25.06.25 14.02
Haldeplass Apeltunvegen flytta
Haldeplass Apeltunvegen er flytta nokre meter på grunn av vegarbeid. Gjeld i perioden 23.juni - 14. august.
Gyldig til: 14.08.25 23.59
Sist oppdatert: 20.06.25 07.23
Avkorta trasé på enkelte avgangar
Enkelte avgangar til/frå Ådland får ny endehaldeplass ved Stord sjukehus inntil vidare, dette då Skyttarhaugsvegen er periodevis stengd på grunn av vegarbeid.
Dette gjeld følgande avgangar:
Avgangar frå Ådland som startar ved Stord sjukehus
- Avgang kl. 09.35, 10. 35, 11.35, 12.35, 13.35 og 14.35.
Avgangar frå Kårevik som avsluttar ved Stord sjukehus
- Avgang kl. 09.03, 10.03, 11.03, 12.03, 13.03 og 14.03.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 18.06.25 10.29
Bestillingsturar mellom Vikne nord og Kvisti frå 23. juni
Strekninga Vikne nord – Kvisti terminal blir køyrd med taxi mellom kl. 07.00 og 16.00 på grunn av vegarbeid. Turane må bestillast på førehand.
Arbeidet er venta å vare til fredag 29. august.
Avgangar som må bestillast på førehand frå måndag 23. juni:
- Avgang kl. 07.50 frå Vikne nord.
- Avgang kl. 15.21 frå Kvisti terminal.
Bestill tur på telefon 909 75 895. Morgonavgangen må bestillast innen kl. 22.00 kvelden før, og ettermiddagsavgangen må bestillast innan kl. 14.20 same dag (ein time før avgangstid).
Endra trasé for nokre turar på linje 090:
- Avgang kl. 14.05 frå Hatland skulesenter til Kvisti terminal køyrer til Haus terminal og via Tiråstunnelen til Kvisti terminal.
Strekninga Haus terminal-Kvisti terminal er innstilt. - Avgang kl. 14.05 frå Haus terminal køyrer via Tiråstunnelen til Kvisti terminal. Strekninga Haus terminal - Kvisti terminal er innstilt.
Avgangar før kl. 07.00 og etter kl. 16.00, samt alle avgangar laurdag og søndag, køyrer som normalt.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 29.05.25 01.05
Haldeplass Sævareid kryss flytta
Frå måndag 19. mai vil det ikkje vere mogleg å bruke haldeplass Sævareid kryss, retning Kilen/Eikelandsosen på grunn av vegarbeid. Dette gjeld inntil vidare.
Alternativ haldeplass ved rundkøyring i Sævareidvegen.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 23.05.25 00.40
Haldeplass Verftet stengd
Haldeplassen Verftet er stengd i begge retningar på grunn av vegarbeid . Alternativ haldeplass er Nedre Hageby ca. 250m, retning mot Heiane.
Avgangar til/frå Verftsporten går som normalt.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 09.04.25 01.10
Haldeplass Lofthus kai mellombels flytta
Haldeplassen Lofthus kai er mellombels flytta til hovudvegen rv. 13 på grunn av vegarbeid.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 09.04.25 01.10
Haldeplass Solbakken flytta
Haldeplass Solbakken i retning Åsane terminal er flytta om lag 50 meter tidligare på grunn av vegarbeid.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 08.03.25 03.05
Michael Krohns gate stengd
Michael Krohns gate er stengd frå måndag 3. mars. Gaten blir stengd i ei lengre periode og dette fører til endra rute for linje 13, 20 og 85 (servicelinjen).
Sjå korleis endringane blir for linja di:
Linje 13
Haldeplassane "Lien sør" og "Michael Krohns gate" vil ikkje vere i bruk. Linje 13 skal bruke nye haldeplassar i Damsgårdsveien, "Kronviken" og "Damsgårdsveien nr. 39".
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 20
Linje 20 vil få ny trasé.
- I retning frå Storavatnet vil den køyre over Puddefjordsbroen og gjennom Nygårdstunnelen mellom Gyldenpris og Danmarks plass. Haldeplassane "Gyldenprisveien", "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør", "Solheimsviken" vil ikkje vere i bruk. På Gyldenpris vil bussen betjene haldeplassen "Gyldenpris Nord".
- I retning frå Nesttun vil bussen køyre gjennom Nygårdstunnelen, over Puddefjordsbroen og deretter bruke haldeplassen "Gyldenpris Nord". Haldeplassane "Solheimsviken", "Lien sør", "Lotheveien" og "Gyldenprisveien" vil ikkje vere i bruk.
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 85
Linje 85 vil få ny trasé.
- Frå Gyldenpris til Danmarks plass vil linja køyre over Puddefjordsbroen og Nygårdstunnelen. Bussen stoppar ikkje på haldeplassane "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør" og "Solheimsviken".
- Frå Danmarks plass mot Gyldenpris køyrer linja via Damsgårdsveien. Linja stoppar på haldeplass "Solheimsviken", køyrer deretter Damsgårdsveien og stoppar på dei to mellombelse haldeplassane der før den køyrer opp igjen i Michael Krohns gate og stoppar på haldeplass "Lotheveien".
Sjå oppdatert rutetabell.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 24.02.25 09.43
Endringar mellom Førde og Florø
Det er endra avgangstider, tilførselsskyss og endra trasé ved Eikefjord på grunn av langvarig vegstenging.
Endra trasé
Strekninga Kvalvik-Eikefjord er innstilt, og bussen køyrer via rv. 5 i begge retningar. Haldeplassane Kvalvik Indre - Hovland Eikefjord - Eikefjord vest er ikkje i bruk av linja medan vegen er stengd.
Sjå info om tilførselskyss nedfor for meir informasjon.
Endra avgangstider
På grunn av omkøyringa er rutetidene justert for å framleis oppretthalde korrespondanse til andre linjer.
Ny tilførselsrute mellom Hovland og Kvalvik
Det er sett inn tilførselsrute mellom haldeplass Hovland Eikefjord og Kvalvik ved riksveg 5. Tilførselsskyssen korresponderar med bussar på linje 250 til Førde–Florø ved busstoppet Kvalvik (rv. 5) på følgande turar:
Enkelte turar via Hovland
- Linje 250: Tur med avgang frå Florø kl. 09.25 vil køyre via Hovland på veg til Førde. Avgangstid ved Eikefjord er kl. 10.00, og ankomsttid i Førde er kl. 10.35.
- Linje 101: Tur med avgang frå Sandane kl. 08.15 vil køyre via Hovland på veg til Florø. Avgangstid frå Eikefjord er kl. 10.05, og ankomsttid i Florø er kl. 10.40.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 08.10.24 15.21
Omkøyring pga. stengd veg
Gate 1 er stengd og bussar køyrer via gate 2.
Bussar som har korrespondanse med båtar frå Måløy kai køyrer innom Torget og Torghopen. Andre lokale bussavgangar køyrer via hovudvegen.
Haldeplass Spiralen er ikkje i bruk medan vegen er stengd.
For større kart, trykk herGate 1 har vore stengd sidan 30. september 2024.
Berørte linjer: 100, 120, 121, 122, 123, 150, 160
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 27.09.24 15.17
Endringar på grunn av arbeid i Fodnestunnelen
På grunn av arbeid i Fodnestunnelen kl. 20.00–06.00 er avgangstidene i ferjesambandet Mannheller–Fodnes endra. Det medfører også følgande endringer for linje 830, som gjeld inntil vidare:
- Tur med avgang frå Sogndal skysstasjon kl. 20.35 endar ved Øvre Årdal skysstasjon. Bussen returnerar direkte til Sogndal (ca. kl. 22.00). Reisande til Farnes må bruke haldeplassen Øvre Årdal skysstasjon.
- Tur med avgang frå Øvre Årdal Farnes til Sogndal skysstasjon kl. 22.30, startar no frå Øvre Årdal skysstasjon kl. 21.55. Reisande til Oslo kan her bytte til ekspressbuss Vy 170.
- Tur med avgang frå Øvre Årdal Farnes til Fodnes ferjekai fredag kl. 22.30, får ny avgangstid kl. 23.00.
Den alternative rutetabellen til ferja vil gjelda i perioden med nattestengd tunnel, frå 9. september i år til 31. mai 2025.
Sjå alternativ rutetabell for ferja
Meir informasjon om arbeidet i Fodnestunnelen finn du på Statens vegvesen sine nettsider.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 10.09.24 15.28
Ytre Tysse stengd inntil vidare
Ytre-Tyssevegen er stengd inntil vidare på grunn av vegarbeid.
Medan vegen er stengd vil linje 934 køyre via Tyssetunnelen og følgande haldeplassar blir ikkje brukt:
- Tysse Ytre
- Tysse sør
- Barmen nord
- Barmen
- Barmen sør
- Sætrevika
Vi oppmodar reisande å møte opp på haldeplassen i god tid då reisetida vil vere kortare når bussen køyrer via Tyssetunnelen.
Klikk her for kart

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 22.01.25 07.56
Avgang kl. 21.00 frå Bergen busstasjon stoppar ikkje i Eidsvåg
I samband med vegarbeid og utbetring av Selvik- og Glaskartunnelen vil ikkje avgang frå Bergen busstasjon kl. 21.00 kunne stoppe ved haldeplass i Eidsvåg i retning mot Odda.
Dette gjelder alle kveldar tunnelen er nattestengd frå kl. 21.00.
Vi anbefalar reisande å bruke alternativ haldeplass frå Bergen busstasjon, Handelshøyskolen eller Åsane terminal på denne avgangen.
Merk: For å unngå forseinkingar til Hardanger vil bussen sleppe gjennom tunnelen, men utan moglegheit til å stoppe i Eidsvåg.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 14.10.24 13.10