Hopp til hovedinnald

Bruk reiseplanleggaren
Oppdaterte avgangstider finn du i reiseplanleggaren vår på nettsida og i appen Skyss Reise. Vi anbefaler at du reknar god tid når du skal reise. Sjekk gjerne den planlagde avgangen din før avreise.

Forseinkingar og endringar
Når det skjer noko som påverkar reisa di, kan du forvente å finne oppdatert informasjon frå oss fleire stader.

For meir informasjon, sjå https://www.skyss.no/nyttig/informasjon-om-avvik/

Her finn du informasjon for reiser med

Sanntidsinformasjon
Sanntid betyr oppdatert informasjon om kva tid bussen er forventa å køyre frå haldeplassen din. På avgangar med sanntidsinformasjon er dette markert med oransje farge i appen Skyss Reise og reiseplanleggaren. Du finn også sanntidsinformasjon på digitale haldeplasskilt på utvalde haldeplassar. 

Meir informasjon om sanntidsinformasjon finn du her

Sjekk kor full bussen er før han kjem
Mens du ventar på bussen, kan du i nokre områder sjekke kor mykje plass det er om bord. Dette kan du gjere både i reiseplanleggaren, på sanntidsskilt og på skjermar på haldeplassar. Meir informasjon om løysinga finn du her

Passeringstider på haldeplassar
Rutetider som er oppgitt viser planlagde passeringstider for buss på haldeplassane. Passeringstidene kan avvike noko frå det som er oppgitt.

Røykfrie haldeplassar
Alle våre haldeplassar og terminalar i Hordaland er røykfrie. 

Gje tydeleg teikn
Hugs å gje tydeleg teikn til bussjåføren når du står på haldeplassen. Då oppfattar bussjåføren at du ønskjer å vere med bussen. Dersom du skal kjøpe billett om bord med kontantar, er det lurt å ha pengane klare.

Tryggleik
Vi prioriterer tryggleik høgt og ber deg derfor ta omsyn til følgande råd på våre transportmiddel:

Mat og drikke  
Nokre bussar i Bergensområdet er skilta med forbod mot mat og drikke om bord.

Gruppereiser
Dersom ei gruppe på 15 personar eller fleire reiser saman med buss, må det meldast frå til operatør minst 24 timar før reisa tek til.

Behov for assistanse på Bergen busstasjon
Treng du assistanse på Bergen busstasjon? Ring vektar rett før du kjem til Bergen busstasjon. Vakttelefon vektar: 47 70 33 14

Praktisk informasjon

  • Det er berekna kort tid på haldeplassane, så du bør gå av og på raskt. Du må sjølv opne dørene med eigne knappar på innsida og på utsida.
  • Døropnarar er merka slik:
    • Svart knapp merka < > Brukast når dørene skal ha normal lukketid.
    • Blå knapp. Forleng tida dørene er opne. Dermed kan reisande med til dømes rullestol, barnevogn eller mykje bagasje få noko lengre tid til avstiging.
    • Grøn knapp merka ”STOP”. Når du trykker på denne, vil dørene opne automatisk på neste haldeplass.
  • Når dørene kan opnast, lyser det eit grønt lys over døra. Før dørene går igjen, kjem det eit skarpt lydsignal, og lyset over døra blir raudt.
  • Det er ikkje avfallskorger inne i vognene, så vi anbefaler deg å bruke avfallskorgene på haldeplass.
  • Alle vogner og haldeplassar er videoovervaka.

Tryggleik langs bybanetraseen
Vis omsyn når du ferdast langs bybanetraseen. Alle gåande, syklande og køyrande har vikeplikt for bybanen. 

Les meir om trafikktryggleik langs bybanen

Korrespondanse og reisesøk
Det er ikkje korrespondanse mellom bybanen og buss. Vi anbefaler derfor å rekne god tid ved overgang. I reiseplanleggaren, under menyvalet "Fleire val", kan du blant anna justere overgangstid. 

Forseinkingar og endringar
Når det skjer noko som påverkar reisa di, kan du forvente å finne oppdatert informasjon blant anna på skyss.no/avvik.  

Merk at bybanen ikkje har sanntidsprognosar som viser når avgangen er forseinka eller for tidleg. Avgangstidene i Skyss Reise App og reiseplanleggaren vil difor ikkje vere oppdaterte når dette skjer.

Innstilte avgangar på bybanen vil bli fjerna frå reisesøk.

Lystavler og høgtalarar
Inne i bybanen vil namnet på neste haldeplass vise på ei lystavle i taket og annonserast av ei stemme over høgtalar.

På kvar haldeplass er det lystavler som automatisk viser noverande og neste avgang.

Bagasje, barnevogn og sykkel
Bruk ei av dei midtre dørene dersom du har barnevogn, sykkel eller mykje bagasje.

Tilgjengelegheit
Bybanen er universelt utforma. Det betyr at så mange som mogleg skal kunne reise med bybanen uavhengig av funksjonsevne.

Mat og drikke  
Det er forbod mot mat og drikke om bord i bybanen.

Barn
Barn under 12 år kan ikkje reise aleine med båt, men må ha følge av ein person over 16 år.

Få informasjon om avvik på SMS
I tillegg til å finne avvik på skyss.no/avvik og ved søk i reiseplanleggaren, kan du få SMS dersom båten er forsinka eller innstilt.

Usikker på kven som køyrer sambandet? Sjå lista her.

Vegtrafikklova gjeld om bord
Vegtrafikklova og dei føresegner som elles gjeld for køyring med motorvogn gjeld på bildekket og ved ombord- og ilandkøyring. Bilførar har difor vanleg ansvar for køyringa om bord på linje med køyring på landeveg.

Ferjemannskapet dirigerer og assisterer
Mannskapet har ansvar for ombordkøyring, plassering av bilane på ferjedekk, og ilandkøyring. Vi ber om at du rettar deg etter signala dei gir.

Behov for assistanse
Ikkje alle fartøy er like godt tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du treng hjelp eller har behov for at det blir teke spesielle omsyn, gi beskjed til mannskapet ved ombordkøyring.

Barn
Barn som reiser åleine: Ta kontakt med mannskap for nærare instruksar.

SMS-varsling for ferje
I tillegg til å finne avvik på skyss.no/avvik og ved søk i reiseplanleggaren, kan du få SMS dersom ferja er forsinka eller innstilt.

Slik opprettar du varsling ved forseinkingar og andre avvik

I Bergen kan du bruke bysyklar og elsparkesyklar for å komme deg rundt. På kartet i appen Skyss Reise finn du oversikt over sykkelstativ der du kan leige syklar frå Bergen Bysykkel. Her finn du også oversikt over tilgjengelege elsparkesyklar.

Skal du ha med deg noko, eller reise med barn eller dyr?

Når du skal reise med barn

Generelt

  • Ver alltid fleire vaksne saman når ei gruppe barn skal ut å reise.
  • Gå ikkje over vegen før bussen eller bybanen har køyrt.

På haldeplassen

  • Ikkje la barna springe eller leike på haldeplassen/terminalen.
  • Bli sett! Både store og små bør nytte refleksvest.

Ombord- og avstiging 

  • Hjelp barna trygt om bord og sørg for at dei kjem seg trygt av.

Under reisa

  • Pass på at barna held seg unna dørene under reisa.
  • Dersom det er mogleg, bør alle barna ha sitteplass.
  • Ta vare på sekkar, jakker og andre ting som de har med på turen.
  • Gje beskjed til barna i god tid før de kjem til endehaldeplass, slik at dei kan forberede seg på at dei skal av.
  • Nokre bussar har barnesete. Les meir om barnesete her.
  • På bybanen og nokre bussar kan barnevognknappen nyttast dersom det er behov for meir tid. For meir informasjon, sjå neste avsnitt.

Reise med barnevogn på buss og bybane

  • Du kan ha med barnevogn gratis dersom det er plass om bord.
  • Det er sjåføren som ut frå tryggleiken avgjer om det er plass til barnevogn.
  • Sørg for at barnevogna står trygt med bremsen på, og hald den fast om nødvendig.  
  • På bybanen og på bussar er det en eigen knapp for å varsle sjåføren dersom det er behov for meir tid. Knappen er blå eller hvit og symbolet på den kan variere, men er ofte ein rullestol eller barnevogn. Knappen finn ein ved midtre inngangsdør og ved fleksområdet (sjå bilde under)
Bildet viser blå knapp med rullestol-symbol inne i bussen på motsatt side av den bakre inngangen. Knappen kan benyttes for å signalisere for sjåføren at man trenger lengere tid.

Blå knapp i midten av bussen med rullestolsymbol 

Bildet viser knapp med barnevogn-symbol på utsiden av bussen ved siden av bakre inngang. Knappen kan benyttes for å signalisere for sjåføren at man trenger lengere tid.

Knapp ved siden av bakre inngang med barnevognsymbol

Barn som reiser aleine

Det er dei føresette sitt ansvar når barn blir sende aleine på reise. 

Barn under 12 år kan ikkje reise aleine med båt, men må ha følge av ein person over 16 år.

Reis gratis med barna

Med familierabatt kan du som er over 18 år ta med deg opptil fire barn gratis. Rabatten gjeld kvar dag heile året.

Hugs at:

  • Du må vere over 18 år og ha gyldig billett for vaksen, honnør, student eller militær.
  • Barna må vere mellom 6 og 18 år.
  • Barn under 6 år reiser gratis. 

Familierabatten gjeld på Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter. Ver merksam på at rabatten ikkje gjeld på flybussane i Førde og Sogndal. 

Familierabatt på tog
Rabatten gjeld på tog mellom Bergen-Arna-Trengereid dersom du har enkeltbillett eller 24-timarsbillett for sone A, og på tog mellom Bergen-Voss dersom du har periodebillett (7, 30 eller 180 dagar) for sonene A, E og F.

 

Skyss arbeider for å sikre universell utforming av kollektivtilbodet, slik at du fritt skal kunne reise kollektivt også med rullestol.

Alle bussar i Vestland er likevel ikkje tilrettelagde for rullestolbrukarar. Innanfor sone A vil det normalt vere uproblematisk å ta bussen med rullestol. Utanfor sone A er dette fortsatt ikkje tilfelle alle stader.

Utanfor sone A køyrer i stor grad såkalla normalgolvsbussar, der rullestolbrukarar må bruke heis for å komme om bord. I byområde brukast gjerne såkalla lågentrebussar, der ein istadenfor kan bruke rampe for å komme på og av bussen. I Hordaland er alle bussar - med unntak av minibusser - utstyrt med anten heis eller rampe. I Sogn og Fjordane er det nokre normalgolvbusser som manglar tilrettelegging.

Dersom du planlegg å reise med buss utanfor sone A, må du difor sikre deg at bussen som køyrer den aktuelle ruta, er tilpassa rullestolbrukarar. Ta kontakt med kundeservice og oppgi kor og når du skal reise, så kan vi finne ut for deg om dette lar seg gjere.

Av omsyn til tryggleiken om bord er det maksstørrelse og -vekt for rullestolar i samsvar med forskrift om universell utforming og Bussdirektivet vedlegg 7. 

Maksstørrelse på rullestol:
Lengde 120 cm
Bredde 70 cm
Totalvekt (inklusiv bruker) 300 kilo   

Også på bussar som er tilpassa rullestol, kan det av og til oppstå problem med plassen. Det kan til dømes vere vanskeleg å få plass til rullestol og barnevogn samtidig. Vi seier oss lei for at dette iblant kan føre til praktiske utfordringar for deg som brukar rullestol. Dersom du blir forseinka på reisa di fordi vi ikkje har plass, gjeld reisegarantien. Les meir om reisegarantien her.

Personar med nedsett funksjonsevne som har følgekort og gyldig billett, kan ha med seg ein følgeperson som reiser gratis på Skyss sine transportmiddel. Følgepersonen treng derfor ikkje eigen billett.

Når du bruker Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld same vilkår som på buss, bybanen og båt. På reiser med tog utanfor sone A gjeld eigne reglar.

Du kan ta med deg dyr på reise med oss dersom det er plass på transportmiddelet og dyret ikkje er til sjenanse for dei andre reisande. Dyret skal sikrast i band eller bur under transporten og må ikkje hindre fri passasje. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli sett av under transporten.

Dyr reiser gratis på:

  • Skyss sine bussar i Vestland
  • Bybanen i Bergen
  • Alle båtar i Hordaland
  • Båtrutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai – Frønningen

På andre båtar i Sogn og Fjordane kan dyr takast med til barnetakst.

Om du reiser med hund og har overgang til tog eller ekspressbuss, må du vere merksam på at dei har eigne reglar.

På buss og bybanen
På Skyss sine bussar og bybanen har sykkel/el-sykkel og stor sparkesykkel/el-sparkesykkel same pris som barn. Du kan berre ta med sykkel på bussar med eigna plassering, dersom det er ledig plass og sjåføren finn det forsvarleg.

Sykkel som handbagasje
Dersom du har ein samanlagt sykkel/sparkesykkel, kan du ta denne med som handbagasje utan ekstra kostnad. Syklar som kan demonterast eller leggast saman kan tas med i bagasjerom på buss. 

På båt i Hordaland
Det er gratis å ta med sykkel/el-sykkel og sparkesykkel/el-sparkesykkel på alle Skyss sine båtar, dersom det er ledig plass.

På båt i Sogn og Fjordane
På båtrutene i Florabassenget og Kaupanger kai-Frønningen er det gratis å ta med sykkel/el-sykkel og stor sparkesykkel/el-sparkesykkel så lenge det er plass.

På alle andre båtar i Sogn og Fjordane gjeld eigne takstar for syklar og du må du bestille plass på førehand. Ta kontakt med operatøren du skal reise med.

Sykkelparkering
På fleire terminalar er det lagt til rette for sykkelparkering.

Du kan fritt ta med enkle og handterbare ting som handbagasje. Plasser bagasjen slik at den ikkje sjenerer andre reisande eller hindrar på- og avstiging. Brannfarlege og eksplosive stoff, og anna bagasje som kan vere ein tryggleiksrisiko, kan du ikkje ta med. Du kan også fritt ta med ski og liknande dersom det er ledig plass.

Anna informasjon om kollektivtilbodet

Treng du assistanse på Bergen busstasjon? Ring vektar rett før du kjem til Bergen busstasjon. Vakttelefon vektar: 47 70 33 14    

Du finn parkering for bil og sykkel på utvalde stader i Bergen og omegn. Dette gjer det enklare å kombinere kollektivreising med bil og sykkel.

Her finn du meir informasjon om bilparkering og informasjon om sykkelparkering.

Du kan ha rett på refusjon for utgifter dersom du blir forseinka og det er meir enn 20 minutt til neste avgang etter rutetabellen. Merk at reisegarantien ikkje gjeld dersom forseinkinga eller innstillinga skuldast tilhøve utanfor vår/transportøren sin kontroll.

Informasjon om reisegarantien finn du her.

Transportvedtektene gjeld som avtale mellom Vestland fylkeskommune v/ Skyss og kvar enkelt reisande.

Transportvedtekter

Eu-forordning om busspassasjerrettigheiter