Hopp til hovedinnald

 

  • Gulen – Ytre Solund
  • Hardbakke – Nåra – Mjømna
  • Hardbakke – Kolgrov – Utvær
  • Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke
  • Nord-Solund
  • Kystvegekspressen Måløy – Smørhamn – Florø
  • Måløy – Silda /Måløy – Hennøystranda
  • Vik-Ortnevik
  • Ortnevik-Måren-Nordeide

Merk: Rutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai-Frønningen er prisa på same måte som Skyss sine bussar. Her finn du informasjon om prisar.

På båt i Sogn og Fjordane vert reisande rekna som vaksne frå fylte 16 år og til fylte 67 år.

Vaksen reisande betaler ordinær pris. Dersom du ikkje høyrer til ei rabattert gruppe, betaler du vaksenpris.

På båt vert reisande rekna som barn frå 4 til og med 15 år.

Barn får rundt 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn under 4 år reiser gratis. 

Honnørreisande på båt i Sogn og Fjordane får rundt 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar.

Honnørrabatten gjeld

  • personar over 67 år
  • personar med honnørkort frå NAV. Dette gjeld personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land og uføre flyktningar med supplerande stønad.
  • blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort (sjå detaljert informasjon lenger nede på sida).
  • ektefelle eller partnar (registrert etter Ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett.

Hugs gyldig bevis
Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må ved billettkontroll kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.

Dersom du er over 67 år, vil legitimasjon med bilde som viser alderen din, bli rekna som gyldig bevis på at du har krav på honnørrabatt.

Dersom du er under 67 år, gjeld følgande når du skal reise med honnørbillett:

  • Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land, må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund pluss legitimasjon med bilde.
  • Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) som er sendt ut av Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde, pluss legitimasjon med bilde.

Det er NAV som sender ut honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.

Dersom du har spørsmål som gjeld vilkår og utsending av honnørkort, kan du kontakte NAV, Noregs Blindeforbund eller Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde direkte.

Søk om honnørkort frå NAV

For deg mellom 16 til og med 20 år anbefaler vi 30-dagars ungdomsbillett til 390 kr.

Med ungdomsbillett kan du reise så mykje du vil med buss, bybane, tog, ferje og båt heile Vestland. 

Les meir om ungdomsbilletten

Studentreisande på båt i Sogn og Fjordane får rundt 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar.

Studentrabatten på båt i Sogn og Fjordane gjeld

  • elevar i grunn- og vidaregåande skule
  • heiltidsstudentar ved fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet i Noreg eller utlandet, frå fylte 19 år til og med månaden dei fyller 30 år
  • vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som deltek i introduksjonsprogrammet
  • lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4

Alle som reiser med billettar det er gitt rabatt på, må kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten. Gyldig bevis er 

  • gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto
  • studentbevis med gyldig semestermerke og foto
  • elevbevis som viser personidentitet med foto, namn og fødselsdato, namn på kursarrangør, kursstad og stadfesting av tidspunkt for opplæringa
  • framlegging av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

På båt i Sogn og Fjordane vert militær rekna som personell i førstegongsteneste med gyldig legitimasjon. Militærreisande får 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar. Det blir ikkje gitt militærrabatt på 30-dagars periodekort.

Alle som reiser med billettar det er gitt rabatt på, må kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten.

Som gyldig bevis for militærreisande på båt i Sogn og Fjordane, gjeld Forsvarsdepartementet sitt identitetskort (FD-ID). For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som dokumentasjon.

Minigruppe båt: Når 2–11 personar løyser felles billett, blir det gitt 25 prosent rabatt på vaksentakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje tekne med i talet på reisande.

Gruppe båt: Når 12 eller fleire personar reiser saman, blir det gitt 18 prosent rabatt på vaksen- eller barnetakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje tekne med i talet på reisande.

Det gjeld eigne takstar for syklar på båt, og plass må tingast på førehand. Ta kontakt med operatøren du skal reise med.

Hundar/dyr kan takast med til barnetakst på lokale båtruter, med mindre mannskapet meiner hunden er til skade, ulempe eller sjenanse for andre passasjerar.

Politihund i følgje med uniformert politi eller følgjehund i følgje med blinde, er tillate.

Hundar skal haldast i band under transporten og plasserast slik at dei ikkje sjenerer andre reisande.

Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på annan måte, kan bli sette av under transporten.

Følgeperson til person med nedsett funksjonsevne som har følgekort, reiser gratis på Skyss sine båtruter i Sogn og Fjordane. Følgepersonen treng ikkje eigen billett (gjeld både enkeltbillett og periodebillett).

Prisar for båtsamband i Sogn og Fjordane finn du her.

Prisar for båtsamband i Hordaland finn du her.

Prøveordning med gratis reise for asylsøkarar.

Båtrutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai-Frønningen er prisa på same måte som Skyss sine bussar.

Skal du reise med ekspressbåtane Bergen-Sogn eller Bergen-Nordfjord, finn du informasjon om rabattar og billettar her.