Hopp til hovedinnald

1. Generelle reglar

Reglementet gjeld for Skyss bussar i Vestland og Bybanen i Bergen, i tillegg til følgande båtstrekningar i Vestland:

  • Askøybåten - båtruta mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen i Bergen
  • Nordhordlandsbåten - båtruta mellom Knarvik – Frekhaug og Strandkaiterminalen i Bergen
  • Florabassenget – båtrutene Florø-Askrova-Stavang-Svanøy og Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn
  • Kaupanger kai-Frønningen
  • Eidesvik-Espevær

Vestland fylke er delt opp i ti prissoner. Det vil vere talet på soner frå påstiging til avstiging som avgjer prisen. Prisane går fram av dei gjeldande pristabellane. For alle billettar gjeld ein makspris ved fire soner. Alle prisar blir runda av til næraste krone (enkeltbillettar) og næraste 5 kroner (periodebillettar).

For Flybuss i Førde og Sogndal gjeld eigne billettar, rabattar, prisar og kjøp (sjå punkt 6).

1.1 Reisebevis

Påstiging er tillate så lenge ein går om bord på transportmiddel i rute medan billetten er gyldig. Under reisa må kunden alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for tidsperiode og sone(r), og eventuelt gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis/honnørbevis e.l.). Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.

Billettformatet kan variere ut frå kvar billetten er kjøpt:

  • Skyss Billett-app: Billetten ligg i appen.
  • Nettbutikk på skyss.no: Du kan velje mellom bruk av Skysskortet, skrive ut billetten, sende til e-post eller som SMS.
  • Billettautomat: Bankkortet du betaler med fungerer som billett. Du kan også sende billetten som SMS.
  • Om bord: Du får utlevert ein papirbillett. Dersom du betaler med bankkort, vil bankkortet du betaler med fungere som billett.
  • Kundesenter Bergen busstasjon: Du får ein papirbillett ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillett. Ved kjøp av periodebillettar må du ha eit Skysskort.

1.1.1 Ombordstigning

Hordaland: Dersom du har kjøpt billetten din på førehand, treng du ikkje vise billetten når du går om bord. Du kan nytte alle inngangar. Sjåfør, mannskap og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.

Sogn og Fjordane: Dersom du har kjøpt billetten din på førehand, viser du billetten til sjåføren/mannskapet når du går om bord. Sjåfør, mannskap og kontrollør kan krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.

1.2 Takstsamarbeidsavtalar

Skyss har takstsamarbeid med andre transportaktørar. Ved reiser med andre transportaktørar må kvittering for gyldig Skyss-billett visast fram ved kontroll.

1.2.1. Tog

Følgande Skyss-billettar er gyldige på tog i Vestland (Vossebanen og Arnalokalen):

  • Enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillett i sone A mellom Bergen og Arna/Trengereid.
  • Periodebillett (7, 30 og 180 dagar) i sone A, E og F mellom Bergen og Voss
  • 30-dagars ungdomsbillett mellom Bergen og Myrdal.

Vy har eigne rabattar og reglar knytt til gruppereiser, følgeperson og dyr, og nyttar eigne satsar for ombordtillegg. Du kan lese meir om dette på vy.no.

1.2.2 Ekspressbussar

Følgande Skyss-periodebillettar er gyldige på ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke:

30- og 180-dagars periodebillett

  • Du må ha periodebillett for sonene der du reiser med ekspressbussen. Ved reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett hos Vy eller NOR-WAY. Du betaler for den strekninga du ikkje allereie har billett for.
  • 30-dagars ungdomsbillett

Skyss enkeltbillett er gyldig på følgande ekspressbussar:

  • Haukeliekspressen (NW180) på strekninga Odda-Røldal-Etne
    • Enkeltbilletten må vere gyldig i sone D. Billett kan kjøpast i Skyss sine kanalar, om bord i bussen eller i NOR-WAY sine kanalar. Billettar kjøpt i NOR-WAY sine kanalar er berre gyldige på NW180 Haukeliekspressen, og kan ikkje nyttast på Skyss sine transportmiddel. Unntaket er dersom billett er kjøpt hos NOR-WAY til Haukeliekspressen, der billetten også gjeld heile eller deler av strekninga Seljestad-Bergen. Denne billetten kan brukast på Skyss linje 930.

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Viss du vil ha enkeltbillett eller annan billett til ekspressbuss, må du kjøpe denne frå kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Strekningar der Skyss-billettar ikkje kan nyttast:

Skyss-billettar på ekspressbuss kan ikkje nyttast på strekningar der Skyss sjølv har eit godt tilbod. Dette gjeld alle ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane:

  • mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • mellom Bergen busstasjon og Trengereid

På desse strekningane må du kjøpe eigen billett hos Vy eller Nor-Way.

Skyss-billettar kan heller ikkje nyttast på flybussen i Bergen.

1.2.3 Osterøyferja

Følgande Skyss-billettar er gyldige for bussreisande på Osterøyferja mellom Breistein og Valestrand:

  • 7-, 30- og 180-dagars periodebillett
    • Du må ha periodebillett for sone A.
  • 30-dagars ungdomsbillett

Viss du vil ha enkeltbillett til ferja, må du kjøpe denne frå kanalane til Osterøy Ferjeselskap.

2. Kjøp av billett

2.1 Appen Skyss Billett

I mobilapplikasjonen «Skyss Billett» for iOS, Android- og Huawei-telefonar kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar, 24- timarsbillett og periodebillettar for heile Vestland.

Betalingsmåtar: bankkort, Vipps, mobilkonto.

2.1.1. Mobilkonto – reisekonto på mobil

Mobilkonto er eit betalingsmiddel i Skyss Billett-appen. Innskot på mobilkontoen må vere minst kr 200, og maksimal saldo er kr 5000. For at du skal kunne betale med mobilkontoen, må saldoen som minimum vere lik kjøpesummen. Du kan fylle på saldo for mobilkonto på følgande måtar

  • Med VISA eller Mastercard og Vipps.
  • Med overføring frå nettbank. Send SMS med «KID» til 2412 for meir informasjon.

2.2. Nettbutikk

I nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar, 24- timarsbillett og periodebillettar for heile Vestland. Ved kjøp av periodebillettar må du ha eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan du velje mellom å bruke Skysskort, skrive ut eller sende billetten på SMS eller e-post.
Betalingsmåtar: bankkort, vipps.

2.2.1 Skysskortet

Skysskortet er eit reisekort for kollektivtrafikken i Vestland og blir brukt til kjøp av billettar i nettbutikken på skyss.no.

2.3 Billettautomat

Du kan kjøpe billett på billettautomat ved alle haldeplassane til Bybanen. Bankkortet du betaler med fungerer som billett.

Betalingsmåtar: bankkort.

2.4 SMS-billett  

Du kan kjøpe enkeltbillett til buss i Vestland, Bybanen og nokre båtruter ved å sende ei tekstmelding som SMS.  

SMS-billetten er gyldig frå du får den som SMS (tekstmelding) og varer i 90 minutt. Det vil stå på billetten kor lenge den er gyldig. Billetten er berre gyldig på den telefonen den er kjøpt med og vil ikkje vere gyldig dersom den blir vidaresendt.  

Betalingsmåtar: mobilabonnement 

2.5 Om bord

Du kan kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar om bord på buss og båt. Du får ein papirbillett og må kunne vise fram gyldig reisebevis ved kontroll. Dersom du betaler med bankkort på buss eller båt i Hordaland, vil også bankkortet du betaler med fungere som billett.

Betalingsmåtar: bankkort, kontant.

2.6.1 Kontanttillegg

I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett med kontantar om bord.

På tog gjeld eigne satsar.

2.7 Kundesenter

Hos Skyss kundesenter på Bergen busstasjon kan du kjøpe alle typar billettar for Hordaland.

Betalingsmåtar: bankkort, kontant.

3. Billettypar

3.1 Enkeltbillett

Enkeltbilletten er gyldig i 90 minutt for éi sone etter kjøp/starttid, med tillegg på 30 minutt for kvar ekstra sone billetten er gyldig i.

Enkeltbillett er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør og militær.

3.2 Periodebillett 

Alle periodebillettar er upersonlege og kan brukast av fleire – men ikkje samstundes. Billettane kan berre brukast av éin person om gongen. Personen som nyttar billetten, må kunne framvise denne og innfri krava til alder og rabattar.

Dersom du reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett. Du betaler for dei sonene du ikkje allereie har billett for.

3.2.1 24-timarsbillett

24-timarsbilletten gjeld for eit uavgrensa tal på reiser innanfor eit bestemt tal på soner. 24-timarsbilletten er tilgjengeleg for vaksen, barn, student og honnør.

3.2.2 7-, 30- og 180-dagarsbillett

7-, 30- og 180-dagarsbillett gjeld i 7, 30 eller 180 dagar for eit uavgrensa tal på reiser innanfor eit bestemt tal på soner. 7-, 30- og 180-dagarsbillett er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør.

3.2.3 Ungdomsbillett – 16 til og med 20 år

Du kan bruke 30-dagars ungdomsbillett frå du fyller 16 år og til og med den månaden du fyller 21 år. Elevar i vidaregåande skule som ikkje har fylt 16 år, kan òg kjøpe denne typen billett, men må då dokumentere gjennom inntaksbevis at dei går på vidaregåande.

30-dagars ungdomsbillett gjeld på alle bussrutene til Skyss i heile Vestland og på Bybanen i Bergen. Billetten gjeld i tillegg på følgande transportmiddel:

Andre bussruter:

  • Bussrutene (inkludert nattavgangane) til Kolumbus i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
  • «Trygt heim»-ruter
  • Flybuss i Førde og Sogndal
  • NB: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen


 Båt:

  • Alle båtruter i Vestland, med følgande unntak:
    • båtrute Osterfjorden
    • Geitanger – Knappskog
    • turistrute Hardanger (Norheimsund – Herand – Utne – Kinsarvik – Lofthus – Ulvik – Eidfjord)
  • Ekspressbåtrutene til Norled mellom Sogn og Bergen, og mellom Nordfjord og Bergen. Du kan reservere plass om bord ved reise med ungdomsbillett. Sjå norled.no.

Ferje:

Alle ferjesamband i Vestland. Dei fleste ferjesamband i Vestland bruker AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du nytte ungdomsbilletten.

Ekspressbuss:

Ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med unntak av ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane:

  • mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • mellom Bergen busstasjon og Trengereid

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen/Arnalokalen). 
  • NB: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo) eller Flåmsbana.  

Ungdomsbilletten gjeld ikkje på andre private buss- og båtruter i Vestland.

Hugs kvittering:

Du må vise kvittering og legitimasjon når du reiser med ekspressbuss, tog eller ekspressbåt.

4. Kategoriar

Dei reisande betaler ulik pris ut frå kva kategori dei kjem inn under.

4.1. Vaksen

Personar mellom 18 og 67 år gjeld som vaksne, og betaler full pris for alle billettypar.

4.2 Barn

Barn mellom 6 og 18 år betaler ca. halv pris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar.

Barn opptil 6 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det bli kravd gyldig legitimasjon.

4.3 Honnør

Honnørrabatt gjeld for

  • personar over 67 år
  • personar med honnørkort frå NAV. Dette gjeld personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land og uføre flyktningar med supplerande stønad.
  • blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort
  • ektefelle eller partnar (registrert i henhold til Ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett.

Honnørreisande betaler ca. halv pris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar. 

Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må ved billettkontroll kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.

For reisande over 67 år, vil legitimasjon med bilde som viser alderen din, bli rekna som gyldig bevis på at ein har krav på honnørrabatt.

Honnørrabatt til reisande under 67 år vert gitt mot framvisning av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:

  • Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land, må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund pluss legitimasjon med bilde.
  • Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) som er sendt ut av Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde, pluss legitimasjon med bilde.

Det er NAV som sender ut honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.

4.4 Student

Student får ca. 40 prosent rabatt på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar, 7-, 30- og 180-dagars periodebillett.

Student vil seie

  • student/elev som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule/universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
  • lærling eller lærekandidat på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4.
  • vaksen framandspråkleg som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktning som er med i introduksjonsprogrammet.

På førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør må du som student kunne vise dokumentasjon på at du studerer / går i lære i det aktuelle semesteret. Viss du ved ein billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale gjeldande gebyr. Gyldig bevis må innehalde namn, fødselsdato og studiestad, og vise at det gjeld dette semesteret:

  • Studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret.
  • Dokumentasjon frå skule som stadfestar skulegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto.
  • Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke).
  • Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.

Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for kjøp av periodebillett 31. juli og 31. desember.

For lærlingar/lærekandidatar vil gyldig dokumentasjon vere eitt av følgande:

  • Personleg ID-kort frå bedrifta, merka «Lærling» eller «Lærekandidat».
  • Kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format).
  • Stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, merkt med periode for lærekontrakt, namn og fødselsdato.

4.5 Militær

Militær er vernepliktig mannskap (førstegongsteneste). Denne gruppa betaler ca. halv pris på enkeltbillettar, men lågaste pris er lik vaksenpris for èi sone.

Militær gjeld for tenesteperioden som står på ID-kortet frå Forsvarsdepartementet (FD-ID). FD-ID gjeld som dokumentasjon. For innkallingsreiser nyttast innkallingsordren som dokumentasjon.

Militær omfattar berre norske statsborgarar som er knytte til det norske forsvaret.

4.6 Følgeperson

Følgepersonar til nokon med nedsett funksjonsevne som har følgekort og gyldig billett, reiser gratis på transportmidla til Skyss. Følgepersonen treng ikkje eigen billett.

På tog: Når du bruker Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld same vilkår som på buss, Bybanen og båt. På reiser med tog utanfor sone A gjeld eigne reglar.

5. Rabattar

Dersom fleire reiser saman, kan det bli gitt ulike rabattar. Du kan òg oppnå rabatt ved å kombinere reiser med buss og båt.

5.1 Familie

Reisande over 18 år som har gyldig billett, kan ta med seg inntil fire barn mellom 6 og 18 år gratis heile veka. Barn under 6 år reiser alltid gratis.

Familierabatten gjeld også på tog (Vossebanen/Arnalokalen) for enkeltbillettar og 24-timarsbillettar i sone A mellom Bergen – Arna – Trengereid og periodebillettar (7-, 30 og 180-dagarsbillett) i sone A, E og F mellom Bergen og Voss.

5.2 Gruppe

Det blir gitt 17 prosent rabatt for vaksen når 10 eller fleire reiser saman på enkeltbillett. Barn, student, honnør og militær får ikkje særskild rabatt, men blir rekna med i talet på reisande. Barn under 6 år reiser gratis og blir ikkje rekna med i talet på reisande.

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

Kontakt Vy for gruppereiser med tog.

5.3 Kombinasjonsreiser buss/båt

Ved kjøp av periodebillettar for kombinasjonsreiser med buss/båt kan du oppnå rabatt. Rabatten varierer ut frå kor du reiser. 

5.4 Reiserabatt

Reiserabatt gjeld berre for enkeltbillett for vaksen kjøpt i appen Skyss Billett. Reiserabatten vert rekna ut basert på billettkjøpa dei siste 30 dagane. Jo fleire enkeltbillettar ein kjøper, jo billigare vert den neste enkeltbilletten. Den reisande begynner å tene rabatt frå sitt første billettkjøp, og får redusert pris allereie frå og med sitt andre billettkjøp. . Du kan oppnå maks 40 prosent rabatt av full pris.

6. Flybuss i Førde og Sogndal

Skyss har eigne flybussar som går til/frå Førde Lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen.

På reiser med flybussen som startar eller sluttar på flyplassen, gjeld eigne prisar og reglar:

  • Du kan kjøpe enkeltbillettar for vaksen, barn, honnør og militær. Barn, honnør og militær betaler halv pris.
  • Du må kjøpe billett om bord og betale denne kontant eller med bankkort.
  • 30-dagers ungdomsbillett kan brukast som billett på flybussane.

Merk: Familierabatt, grupperabatt og reiserabatt gjeld ikkje.

På korte reiser med flybussen som ikkje startar eller avsluttar på flyplassen, gjeld følgande reglar:

  • Du betaler vanleg pris (sonepris)
  • Du kan bruke periodebillett (7-, 30- og 180-dagarsbillett)

7. Reisegods o.l.

7.1 Handbagasje

Du betaler ingenting for å ta med handbagasje.

7.2. Barnevogner, rullestolar og ski

Barnevogn, rullestol og ski kan takast med gratis så lenge det er plass.

7.3 Dyr

Dyr reiser gratis. På tog gjeld eigne reglar.

7.4 Sykkel og sparkesykkel

Buss/Bybanen: Det er høve til å ta med sykkel/el-sykkel og stor sparkesykkel / el-sparkesykkel så lenge det er plass. Dette kostar ca. halv pris av ein enkeltbillett. Samanlagt sykkel/sparkesykkel blir rekna som handbagasje.

Askøybåten, Nordhordlandsbåten, Florabassenget og Kaupanger kai-Frønningen: Sykkel/el-sykkel og sparkesykkel/el-sparkesykkel kan takast med gratis så lenge det er plass.

8. Refusjon

Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar blir ikkje refunderte. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar og ungdomsbillett kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.

9. Skoleskyssbillett

Skoleskyssbilletten kan berre brukast av eleven den gjeld og som er innvilga gratis skoleskyss. Med skoleskyssbilletten kan du reise to gonger kvar skoledag, ein gong frå heimen til skolen, og ein gong frå skolen til heimen. Skoleskyssbilletten dekker ikkje reiser til andre stader, då må du løyse eigen billett.

Elevar kan velje å ha skoleskyssbilletten i appen Skyss Billett eller på Skyss skulekort.

Skoleskyssbilletten for grunnskolen gjeld frå klokka 05:00 til klokka 19:00, medan skoleskyssbilletten for vidaregåande skole gjeld frå klokka 05:00 til klokka 22:00. Skoleskyssbilletten gjeld for perioden eleven er innvilga gratis skoleskyss, og er berre gyldig på skoledagar. Den kan ikkje brukast på laurdagar, søndagar eller i skoleferiar.

Har du mista eller gløymt skoleskyssbilletten, må du kjøpe og betale billett sjølv. Skolen handterer fysiske skolekort, så du må kontakte skolen din for å få nytt kort. Reglane som gjeld for skoleskyss står i skoleskyssreglementet. Meir informasjon om skoleskyssbillett på mobil finn du her.