Studentrabatt
Er du student? Då får du rabatt når du skal reise med oss.
Vi tek deg dit du skal – heile semesteret
Her gjeld studentrabatten
Du får om lag 40 prosent studentrabatt på alle typar billettar til Skyss sine bussar, båtar og bybanen.
Tips: Fleire Skyss-billettar kan også brukast på andre transportmiddel. Her finn du meir informasjon om:
Kven gjeld studentrabatten for?
Du får studentrabatt dersom du er
- student/elev som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule/universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
- lærling eller lærekandidat på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4
- vaksen framandspråkleg som på fulltid får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktning som er med i introduksjonsprogrammet
Er du under 21 år?
Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 413 kroner i månaden.
Hugs å ta med gyldig bevis
Når du reiser med studentbillett, må du alltid kunne bevise at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Sjåfør, mannskap eller kontrollør kan be om å få sjå bevis.
Gyldig bevis må vise namn, fødselsdato og studiestad og at det gjeld dette semesteret.
Følgande bevis er gyldige:
- studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret
- dokumentasjon frå skole som stadfestar skolegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med bilde
Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort. (ANSA-kort blir ikkje godteke). Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå studiestaden.
For lærlingar/lærekandidatar er følgande gyldig bevis:
- personleg ID-kort frå bedrifta merka «lærling» eller «lærekandidat»
- kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format)
- stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, med perioden for lærekontrakten, namn og fødselsdato
Studiebeviset for vårsemesteret gjeld til og med august, og studiebeviset for haustsemesteret gjeld ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for bruk av periodebillett med studentrabatt 31. august og 31. januar.
Dersom du ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale det gjeldande gebyret.
Her kan du kjøpe billett med studentrabatt
Vi oppfordrar alle til å kjøpe billett på førehand. Du kan kjøpe billett på mange ulike måtar:
Sjekk kva studentbilletten kostar
Her finn du informasjon om prisar på Skyss sine bussar, bybanen og båtrutene som har sonepris
Her finn du informasjon om prisar på dei andre båtrutene
Tips: Hugs at dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland.
Er du under 21 år?
Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 395 kroner i månaden.