Populære turistdestinasjoner
Her finn du informasjon om korleis du reiser frå Bergen sentrum til populære turistdestinasjonar.
Slik kjøper du billett
Vi anbefaler alle passasjerar å kjøpe billett før dei går om bord. Du kan kjøpe billett på ulike måtar:
- Appen Skyss Billett
- SMS: Send “Vaksen”, “Barn”, “Honnør”, "Student" eller "Militær" til 2412
- Nettbutikk
- Om bord på bussar og båtar
- Billettautomatar langs bybanen (berre for sone A)
- Kundesenteret på Bergen busstasjon
- Entur-appen
Les meir om korleis du kjøper billett her
Pris
Dei aller fleste destinasjonane på denne sida ligg i sone A, som er same sone som Bergen. Der du må ha billett for fleire soner, er det spesifisert.
Kart over haldeplassar
Bussar og bybanen går frå forskjellige haldeplassar i Bergen sentrum og frå Bergen busstasjon. Bruk karta under for å finne ut kvar du skal reise frå.
Sjekk når bussen eller bybanen går
Du finn avgangstider ved å bruke:
Last ned turistguiden
På turistinformasjonen i Bergen kan du finne ei brosjyre som innneheld den same informasjonen som ligg på denne sida. Du kan også laste den ned og skrive den ut sjølv.
Brosjyren finst berre på engelsk.
Populære destinasjonar
ALVØEN
Ta buss med linje 3 eller 3E frå Olav Kyrres gate til Loddefjord terminal, deretter linje 42 til Alvøen.
ARBORETET
Ta buss med linje 50E eller 51 frå Bergen busstasjon, eller bybanen (linje 1), til Birkelandsskiftet terminal, deretter linje 53 til Milde snuplass.
BERGEN GOKART
Ta buss med linje 450, 445 eller 460 frå Bergen busstasjon eller Lars Hilles gate til Straume terminal.
BJØRN WEST MUSEUM
Ta ekspressbuss med rute NW431 eller VY430 frå Bergen busstasjon til Matre. Du kjøper billett på Nor-Way.no eller VYBuss.no.
DAMSGÅRD HOVEDGÅRD
Ta buss med linje 6 frå Olav Kyrres gate til Damsgård hovedgård.
EDVARD GRIEG MUSEUM – TROLDHAUGEN
Ta bybanen (linje 1) til Hop. Gå til høgre mot trafikklysa, følg deretter Troldhaugsveien til venstre. Følg skilta. Det tek ca. 20-30 minutt å gå. Du kan også ta buss med linje 67 eller 600 frå Bergen busstasjon til Hop Sjølinjen, og deretter gå i ca. 20 minutt.
FANTOFT STAVKIRKE
Ta bybanen (linje 1) til Fantoft. Gå forbi butikken, ta til venstre og følg skilta 'Stavkirke'. Du kan også ta bybanen til Paradis og gå opp Birkelundsbakken, over tunnelen til parkeringa på venstre side. Følg den korte, bratte stien opp til stavkirka.
FLIPZONE TRAMPOLINEPARK
Ta buss med linje 4 frå Festplassen til Industrihuset.
GAMLE BERGEN MUSEUM
Ta buss med linje 3 eller 4 frå Torget eller Bryggen retning nord, til Gamle Bergen. Følg skiltinga til Gamle Bergen.
GAMLEHAUGEN
Ta buss med linje 67 eller 600 frå Bergen busstasjon til Fjøsangerkrysset. Derifrå er det ein kort gåtur.
GLESVÆR
Ta buss med linje 450 frå Bergen busstasjon til Skogsskiftet terminal, deretter linje 458 eller 459 til Glesvær.
HARDANGERFJORD (Steinsdalsfossen in Norheimsund)
Ta buss med linje 925 frå Bergen busstasjon til Steinsdalsfossen. I Norheimsund sentrum kan du også besøke Hardanger Maritime Museum. Merk: Denne turen går frå sone A til sone F, og du må ha billett for to soner.
HERDLA MUSEUM
Ta buss med linje 400 frå Bergen busstasjon eller Lars Hilles gate til Ravnanger, deretter linje 414 til museet.
HØYT & LAVT KLATREPARK
Ta bybanen (linje 1) til Nesttun terminal, deretter buss med linje 610 til Kirkebirkeland. Derifrå er det ca. 3 minutt å gå til klatreparken.
HØYT UNDER TAKET
Ta bybanen (linje 1) til Kokstad. Deretter er det ca. 10 minutt å gå.
KYSTMUSEET I ØYGARDEN
Ta buss linje 460 frå Bergen busstasjon eller Lars Hilles gate til Ågotnes terminal, deretter linje 479 til Ovågen.
LYNGHEISENTERET
Ta buss med linje 300 frå Bergen busstasjon til Knarvik terminal, deretter linje 302 til Lygra nord. Frå haldeplassen er det ca. 10 minutt å gå.
LYSØEN, OLE BULL’S HJEM
Ta buss med linje 67 eller 600 frå Bergen busstasjon til Lagunen terminal, deretter linje 62 til Buena. Du kan også ta linje 600 frå Bergen busstasjon til Tøsdalskiftet, deretter linje 601 til Buena. Det går båt frå Buena til Lysøen.
LØVSTIEN
Ta buss med linje 19 til Melkeplassen, derettter er det ca. 10 minutt å gå til starten av stien. Du kan også starte i andre enden ved å ta linje 67 eller 600 frå Bergen busstasjon til Fjøsangerkrysset, og deretter gå i ca. 5 minutt til starten på stien.
NORDSJØFARTMUSEET I TELAVÅG
Ta buss med linje 450 frå Bergen busstasjon eller Lars Hilles gate til Skogsskiftet terminal, deretter linje 458 eller 459 til Sælstø.
NORSK FISKERIMUSEUM
Ta buss med linje 3 eller 4 frå Torget eller Bryggen til Sandvikstorget. Kryss vegen og ta til venstre.
RUSH TRAMPOLINEPARK
Ta bybanen (linje 1) til Kokstad, deretter er det ca. 4 minutt å gå.
SILJUSTØL
Ta Bybanen (linje 1) til Råstølen, deretter er det ca. 10 minutt å gå.
TEKSTILINDUSTRIMUSEET
Ta buss med linje 3 eller 4 frå Torget eller Bryggen til Åsane terminal, deretter linje 35 til Salhus kai.
ULRIKEN643 (Ulriksbanen)
Ta bybanen (linje 2) til Haukeland sjukehus. Du kan også ta buss med linje 5 eller 6 frå Festplassen eller linje 16E frå Småstrandgaten til Haukeland sjukehus Nord. Deretter går du opp Haukelandsbakken i ca. 5-10 minutt.
VANNKANTEN
Ta buss med linje 3 eller 3E til Loddefjord terminal.
VILVITE
Ta bybanen (linje 1) til Florida. Deretter er er det ca. 3-4 minutt å gå.
YTRE ARNA MUSEUM / OLEANA
Ta buss med linje 3 eller 4 nordover til Åsane terminal, deretter linje 28 til Ytre Arna kirke.