Hopp til hovedinnald

Dei viktigaste endringane er at prisen for passasjerar for å reise med båt er lik på like lange avstandar, og at rabattreglane er like på alle båtruter. Reiser du inntil 15 kilometer, kostar båtturen 47 kroner. Skal du reise lenger, betaler du alt etter kor lang reisa er. 

Askøybåten, Nordhordlandsbåten og båtrutene i Florabassenget får ingen endringar, og har framleis same prisar og rabattreglar som buss og bybane.

Under finn du oversikt over kva prisar og rabattreglar som vil gjelde på båtane i Vestland frå 1. oktober. Du finn pristabellar for kvart samband lenger nede på sida.

Endra reglar

Barn reiser no gratis på båtane fram til dei fyller 6 år. Barn i alderen 6–17 år må ha barnebillett, og etter fylte 18 år gjeld vaksenbillett.
Når barn reiser saman med vaksen, kostar barnebilletten maks 188 kroner, uansett kor lang reisa er. Dette gjeld for inntil fire barn per vaksen. 

På reiser over 15 kilometer får du 50 prosent rabatt på returreisa når du kjøper tur-retur-billett. Du kan kjøpe tur-retur-billett for barn, vaksen, honnør, student og militær.

Du kan ta med sykkel og kjæledyr gratis på alle båtruter, så lenge det er plass.

Kjæledyr må ikkje vere til ulempe for dei andre reisande. Dei skal sikrast i band eller bur, sitte på fanget eller golvet, og ikkje hindre fri passasje under transporten.

Du som reiser med båt i Sogn og Fjordane, får no moglegheit til å kjøpe fleire typar periodebillett. I tillegg til 30-dagarsbillett, kan du no kjøpe periodebillett for 7 og 180 dagar. No får du også student- og honnørrabatt på periodebillettar.

Dersom du reiser med buss i kombinasjon med ei båtrute som ikkje har sonepris, får du rabatt dersom du kjøper ein kombinasjonsbillett. Kombinasjonsbilletten består av ein periodebillett for ei eller fleire soner med buss, og ein periodebillett for ei bestemt båtstrekning. Du får 50 prosent rabatt på bussbilletten.

Du kan kjøpe kombinasjonsbillett i Skyss nettbutikk. Denne typen billett er ikkje tilgjengeleg i appen Skyss Billett eller om bord på buss eller båt.

Frå 1. oktober fjernar vi den øvre aldersgrensa for studentrabatt. Alle som studerer på heiltid kan no kjøpe studentbillett, uansett alder. Studentar får 40 prosent rabatt. 

På reiser over 15 kilometer får vernepliktig mannskap 50 prosent rabatt på enkeltbillettar og tur-retur-billettar. Du får ikkje militærrabatt på periodebillett og kombinasjonbillett for buss og båt.

Frå 1. oktober kan du ikkje lenger bruke Kringom verdikort til å kjøpe billett på bussar og båtar i Sogn og Fjordane.

Dersom du har pengar igjen på verdikortet ditt, kan du få desse tilbakebetalt. Du får også tilbakebetalt panten du har betalt for sjølve kortet. Dette gjeld både Kringom verdikort og Kringom periodekort. 

Her kan du søke om tilbakebetaling dersom du har ubrukte pengar på kortet.

 

Prisar fra 1. oktober 2024

Nye prisar og rabattreglar gjeld også på følgande båtruter i Vestland:

 

Her finn du reglement for prisar og rabattordningar for båt

 

 

Publisert:

Oppdatert: