Kjøper du periodebillett om bord på båt i Hordaland?
Frå og med 1. mai kan du ikkje lenger kjøpe periodebillettar om bord på båtar i Hordaland.
Periodebillettar kjøper du i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no
Appen Skyss Billett:
Last ned appen på mobilen din. I appen kan du betale billetten med bankkort eller Vipps. Meir informasjon om appen Skyss Billett finn du her.
Skyss nettbutikk:
Når du kjøper periodebillett i Skyss nettbutikk kan du framleis bruke det gamle Skysskortet ditt. I nettbutikken kan du betale billettar med bankkort eller Vipps. I Skyss nettbutikk kan du også kjøpe kombinasjonsbillettar for buss og båt. Meir informasjon om Skyss nettbutikk finn du her.
Du kan framleis kjøpe enkeltbillettar og tur/retur-billettar hos mannskapet om bord på båtane. På båtrutene som er inkludert i sonesystemet kan du også kjøpe 24-timarsbillettar om bord.
Kvifor gjer vi dette?
Bakgrunnen for endringane er at vi skal endre billettsystem på båtar i Hordaland, slik vi allereie har gjort på buss og Bybanen.
Det er ingen endringar for deg som kjøper periodebillett om bord på båt i Sogn og Fjordane.
Publisert:
Oppdatert: