Endringar i SMS-varslinga for Nordhordlandsbåten og Askøybåten
Frå 20. januar blir det endringar i SMS-varslinga for båtrutene Knarvik–Frekhaug–Bergen og Kleppestø–Strandkaiterminalen.
Dersom du ønsker varsel på SMS om forseinkingar eller andre endringar på desse rutene, må du registrere deg på nytt.
Bestill SMS-varsling frå Fjord1 her
Endringane skjer i forbindelse med at Fjord1 tek over ansvaret for rutene.
Linje 390: Knarvik-Frekhaug-Bergen
- Det er ingen endringar i rutetilbodet frå 20. januar, og det vil framleis vere MS Fjordkatt som køyrer ruta.
- Den nye båten som skal køyre ruta, MS Alversund, er venta ferdig i slutten av mai. Når den blir sett inn, blir det nokre justeringar i rutetidene. Skyss vil informere om dette i god tid.
Linje 490 Kleppestø-Strandkaiterminalen
- Frå 20. januar skal det gå to båtar på ruta, og det blir difor fleire båtavgangar enn før. Du finn informasjon om alle endringar for buss og båt på Askøy her.
Publisert:
Oppdatert: