Stor ruteomlegging på Askøy frå 20. januar
Frå 20. januar 2025 endrar vi rutetilbodet for buss og båt på Askøy, og alle bussar får nye linjenummer.
Vi set inn to båtar mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen, og det blir derfor fleire båtavgangar enn før. Alle bussar får nye linjenummer og nye ruter. Frå same dato startar vi også opp med bestillingsbuss i to område på Askøy. Under kan du finne meir informasjon om det nye rutetilbodet ditt.
Båtruta Kleppestø–Strandkaiterminalen
I rushtid vil det gå to båtar på strekninga. Dette gir eit betre tilbod enn før, med avgang kvart 20. minutt istadenfor kvar halvtime. Utanom rushtid går båtane kvart 40. minutt. Dei to båtane er MS Ekspressen og MS Fjordlys. To nye heilelektriske båtar skal etter kvart erstatte desse.
Rutetabell for båtruta Kleppestø–Strandkaiterminalen frå 20. januar 2025
Under finn du ei oversikt over dagens linjenummer
Klikk på busslinja du bruker i dag for å finne ut kva linje som no vil vere aktuell for deg:
Linje 481 Kleppestø–Bergen busstasjon
- Blir erstatta av linje 400 Ravnanger–Kleppestø–Bergen busstasjon.
- I rushtid køyrer også linje 407 Haugland–Steinrusten–Kleppestø–Bergen busstasjon.
Linje 482 Øvre Florvåg–Kleppestø terminal
- Blir erstatta av linje 405 Øvre Florvåg–Kleppestø terminal.
- I delar av Kleppestø-området kan du også reise med den nye bestillingsbussen. Dette kan du lese meir om her.
Linje 483 Florvågøen–Bergen busstasjon
- Blir erstatta av linje 406 Florvågøen–Kleppestø terminal
- I delar av Kleppestø-området kan du også reise med den nye bestillingsbussen. Dette kan du lese meir om her.
Linje 484 Haugland–Steinrusten–Kleppestø terminal
Blir erstatta av linje 407 Haugland–Steinrusten–Kleppestø terminal (–Bergen busstasjon):
- I rushtid startar og sluttar fleire avgangar på denne linja på Bergen busstasjon.
- Bussen køyrer ikkje lenger om Grensedalen, den køyrer berre i Erdalsvegen.
Linje 485 Hanevik–Kleppestø (–Bergen busstasjon)
Blir erstatta av linje 408 Hanevik–Ask–Kleppestø terminal:
- Bussen køyrer ikkje lenger om Grensedalen og Steinrusten
- Reisande til Bergen må byte til buss eller båt på Kleppestø terminal
- I delar av Askøy nord kan du også reise med den nye bestillingsbussen. Dette kan du lese meir om her.
Linje 490 Marikoven–Strusshamn–Kleppestø terminal
Blir erstatta av linje 401 Marikoven–Strusshamn–Kleppestø terminal.
Linje 491 Hetlevik–Kleppestø terminal (–Bergen busstasjon)
Blir erstatta av linje 402 Hetlevik–Norrønaheimen–Kleppestø terminal–Myrane:
- Linja blir forlenga til Myrane (Kleppestø ungdomsskole)
- Nokre avgangar køyrer via Stongafjelltunnelen i rushtid
- Reisande til/frå Bergen må byte til/frå buss eller båt på Kleppestø terminal
Linje 493 Krokåsfeltet–Kleppestø terminal–Stongafjellet
Blir erstatta av linje 403 Krokåsfeltet–Kleppestø terminal–Stongafjellet.
Linje 495 Ramsøy–Ravnanger terminal–Kleppestø terminal–Bergen busstasjon
Blir erstatta av:
- linje 411 Ramsøy–Ravnanger terminal
- linje 400 Ravnanger terminal–Kleppestø terminal–Bergen busstasjon
- linje 410 Ravnanger terminal–Norrønaheimen–Bergen busstasjon (ikkje via Kleppestø)
Linje 496 Breivik–Bergen busstasjon
Blir erstatta av:
- linje 412 Breivik–Ravnanger terminal
- linje 400 Ravnanger terminal–Kleppestø terminal–Bergen busstasjon
- linje 410 Ravnanger terminal–Norrønaheimen–Bergen busstasjon (ikkje via Kleppestø)
- I delar av Askøy nord kan du også reise med den nye bestillingsbussen. Dette kan du lese meir om her.
Linje 497 Berland/Heggernes–Ravnanger terminal
- Blir erstatta av linje 413 Berland/Heggeres–Ravnanger terminal
- I delar av Askøy nord kan du også reise med den nye bestillingsbussen. Dette kan du lese meir om her.
Linje 499 Herdla–Bergen busstasjon
Blir erstatta av:
- linje 414 Herdla–Ravnanger terminal
- linje 400 Ravnanger terminal–Kleppestø terminal–Bergen busstasjon
- linje 410 Ravnanger terminal–Norrønaheimen–Bergen busstasjon (ikkje via Kleppestø)
Oversikt over dei nye linjene
Her finn du dei nye linjenummera som gjeld frå 20. januar:
Linje 400 Ravnanger–Kleppestø–Bergen busstasjon
Linje 400 er hovudlinja mellom Askøy og Bergen og køyrer ofte på morgon, formiddag og ettermiddag. Linja erstattar linje 481, 495, 496 og 499 mellom Ravnanger, Kleppestø og Bergen.
Rute: Ravnanger terminal–Kleppestø–Bergen busstasjon
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Her kan du byte til linje 411 Ramsøy, 412 Davanger/Breivik, 413 Berland/Heggernes, 414 Herdla og bestillingsbuss.
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
- Storavatnet terminal: Her kan du byte til linjer til/frå Øygarden og lokale linjer i Bergen.
- Bergen busstasjon: Her kan du byte til linjer i bergensområdet.
Linjekart og terminalkart
Terminalkart Kleppestø terminal
Linje 401 Marikoven–Strusshamn–Kleppestø
Linje 401 erstattar linje 490. Linja er ikkje lenger knytt til linja til/frå Hetlevik, og er tilpassa båtruta på Kleppestø.
Rute: Marikoven–Norrønaheimen–Strusshamn–Kleppestø terminal
Viktige bytepunkt
- Norrønaheimen: Her kan du byte til linje 402 Hetlevik, 402 Kleppestø/Myrane, 410 Bergen busstasjon og 410 Ravnanger terminal.
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
Linjekart og terminalkart
Linje 402 Hetlevik–Kleppestø–Myrane
Linje 402 erstattar linje 491. Den køyrer oftare i morgon- og ettermiddagsrushet og er tilpassa båtruta på Kleppestø. Linja er forlenga til Myrane (Kleppestø ungdomsskole).
Rute: Hetlevik–Norrønaheimen–Strusshamn/Stongafjelltunnelen–Kleppestø terminal–Myrane
I rushtid køyrer dei fleste avgangane Stongafjelltunnelen i staden for å køyre om Strusshamn.
Viktige bytepunkt
- Norrønaheimen: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 401 Kleppestø, linje 410 Bergen busstasjon og 410 Ravnanger terminal.
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
Linjekart og terminalkart
Linje 403 Krokåsfeltet–Kleppestø–Stongafjellet
Linje 403 erstattar linje 493. Den køyrer oftare i morgon- og ettermiddagsrush, og er tilpassa båtruta på Kleppestø. Stongafjellet får fleire avgangar, då alle avgangar på linja startar og sluttar på Stongafjellet.
Rute: Krokåsfeltet–Kleppestø–Stongafjellet
Linje 403 køyrer to ulike ruter, som er avhengig av når på dagen du reiser.
Fra Krokåsfeltet kl 05.36 – 10.56 og 19.26 – 22.26:
- I morgonrush og på kveld køyrer bussen frå Krokåsfeltet over Øvre Kleppe i retning Kleppestø.
- Bussen stoppar ikkje på haldeplassane Skansen og Torvgarden.
Frå Krokåsfeltet kl. 11.58 – 18.38:
- I dette tidsrommet køyrer ikkje bussen frå Krokåsfeltet over Øvre Kleppe. Bussen køyrer Kleppevegen.
- Bussen stoppar ikkje på haldeplassane Øvre Kleppe, Karisvingen – Øvre Kleppe, Rossvoll – Øvre Kleppe – Kyrkjelemyra.
Frå Stongafjellet kl. 05.47 – 11.27:
- I morgonrushet og på formiddagen køyrer ikkje bussen over Øvre Kleppe i retning mot Krokåsfeltet. Bussen køyrer Kleppevegen.
- Bussen stoppar ikkje på haldeplassane Kyrkjelemyra – Øvre Kleppe – Øvre Kleppe, Rossvoll – Øvre Kleppe, Karisvingen.
Frå Stongafjellet kl. 12.27 – 21.37:
- På ettermiddag og laurdagar og søndagar køyrer bussen frå Stongafjellet mot Krokåsfeltet over Øvre Kleppe.
- Bussen stoppar ikkje på haldeplassane Torvgarden og Skansen.
Merk: Laurdagar og søndagar køyrer alle bussar på linja over Øvre Kleppe i begge retningar.
Bestillingsbuss
I delar av Kleppestø-området kan du også reise med den nye bestillingsbussen. Dette kan du lese meir om her.
Viktige bytepunkt
- Juvikflaten: Her kan du byte til linje 400 Ravnanger terminal, 400 Bergen busstasjon, 410 Ravnanger terminal og 410 Bergen busstasjon.
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 402 Myrane, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
Linjekart og terminalkart
Linje 405 Øvre Florvåg–Kleppestø
Linje 405 erstattar linje 482. Linja er tilpassa båtruta på Kleppestø.
Rute: Øvre Florvåg–Kleppestø terminal
Bestillingsbuss
Nokre avgangar på linje 405 Øvre Florvåg-Kleppestø terminal (tidlegare linje 482), blir erstatta med bestillingsbuss på formiddag. Kva avgangar dette gjeld, finn du i reiseplanleggaren vår eller i rutetabellen. NB: Hugs å bestille bussen, elles kjem den ikkje.
Du kan lese meir om bestillingsbussen her.
Viktige bytepunkt
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 400 Bergen busstasjon, 400 Ravnanger terminal, 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 402 Myrane, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
Linjekart og terminalkart
Linje 406 Florvågøen–Kleppestø
Linje 406 erstattar linje 483. Linja er tilpassa båtruta på Kleppestø.
Rute: Florvågøen–Kleppestø terminal
Bestillingsbuss
Nokre avgangar på linje 405 Øvre Florvåg-Kleppestø terminal (tidlegare linje 482), blir erstatta med bestillingsbuss på formiddag. Kva avgangar dette gjeld, finn du i reiseplanleggaren vår eller i rutetabellen. NB: Hugs å bestille bussen, elles kjem den ikkje.
Du kan lese meir om bestillingsbussen her.
Viktige bytepunkt
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 400 Bergen busstasjon, 400 Ravnanger terminal, 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 402 Myrane, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
Linjekart og terminalkart
Linje 407 Haugland–Steinrusten–Kleppestø (–Bergen busstasjon)
Linje 407 erstattar linje 484. Linja startar på Haugland, køyrer Erdalsvegen til Steinrusten og vidare til Kleppestø. I rushtid startar nokre avgangar i Steinrusten i staden for Haugland. I rushtid går også fleire avgangar heilt til Bergen busstasjon. Linja er tilpassa båtruta på Kleppestø.
Linja køyrer ikkje lenger om Grensedalen, så haldeplassane Eideskiftet og Olufsen blir lagt ned.
Rute: Haugland / Steinrusten–Erdalsvegen–Florvåg–Kleppestø terminal. I rushtid køyrer fleire avgangar også heilt til Bergen busstasjon. I ettermiddagsrush startar fleire avgangar på linje 407 på Bergen busstasjon.
Viktige bytepunkt
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 400 Bergen busstasjon, 400 Ravnanger terminal, 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 402 Myrane, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
- Storavatnet terminal: Her kan du byte til linjer til/frå Øygarden og lokale linjer i Bergen.
- Bergen busstasjon: Her kan du byte til linjer i bergensområdet.
Linjekart og terminalkart
Linje 408 Hanevik–Ask–Kleppestø
Linje 408 erstattar linje 485. Linja er tilpassa båtruta på Kleppestø.
Linja køyrer ikkje lenger om Grensedalen, så haldeplassane Eideskiftet og Olufsen er ikkje lenger i bruk og blir lagt ned. Reisande som tidlegare har brukt desse haldeplassane, kan reise frå haldeplassar i Askvegen (Nordre Erdal, Erdal skole).
Rute: Hanevik snuplass–Ask–Erdal–Florvåg–Kleppestø terminal
Bestillingsbuss
Linja køyrer ikkje lenger vidare til Ravnanger terminal. Reisande mellom Hanevik snuplass og Åsebø/Ravnanger terminal, kan bruke bestillingstransport på ettermiddag, kveld og helg. Her kan du lese meir om bestillingstransport for Askøy nord.
Viktige bytepunkt
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 400 Bergen busstasjon, 400 Ravnanger terminal, 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 402 Myrane, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland, 408 Hanevik og til båtrute 490 Strandkaiterminalen.
Linjekart og terminalkart
Linje 410 Ravnanger–Norrønaheimen–Bergen busstasjon (ikkje via Kleppestø)
Linje 410 erstattar direktebussar mellom Ravnanger terminal og Bergen busstasjon på linje 495, 496 og 499 i rushtid. Vi aukar også talet på avgangar.
Rute: Ravnanger terminal–Juvik–Norrønaheimen–Storavatnet terminal–Bergen busstasjon (ikkje via Kleppestø terminal)
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Her kan du byte til linje 411 Ramsøy, 412 Davanger/Breivik, 413 Berland/Heggernes, 414 Herdla og bestillingsbuss.
- Norrønaheimen: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 401 Kleppestø, 402 Hetlevik og 402 Kleppestø/Myrane.
- Storavatnet terminal: Her kan du byte til linjer til/frå Øygarden og lokale linjer i Bergen.
- Bergen busstasjon: Her kan du byte til linjer i bergensområdet.
Linjekart og terminalkart
Linje 411 Ramsøy–Kollevågshøyden–Ravnanger
Linje 411 erstattar linje 495. Linja startar og sluttar på Ravnanger terminal. Frå Ravnanger terminal kan du reise vidare mot Kleppestø og Bergen med linje 400.
Rute: Ramsøy–Kollevågshøyden–Tveit–Ravnanger terminal
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Her kan du byte til linje 400 Kleppestø terminal - Bergen busstasjon, 410 Bergen busstasjon, 412 Davanger/Breivik, 413 Berland/Heggernes, 414 Herdla og bestillingsbuss.
Linje 412 Breivik–Davanger–Ravnanger
Linje 412 erstattar linje 496. Linja starta og sluttar på Ravnanger terminal. Frå Ravnanger terminal kan du reise vidare mot Kleppestø og Bergen med linje 400.
Rute: Breivik–Davanger–Ravnanger terminal
Bestillingsbuss
Området Breivik - Davanger - Ravnanger terminal får også eit tilbod om bestillingsbuss på ettermiddag, kveld og helg. Her kan du lese meir om bestillingstransport for Askøy nord.
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Her kan du byte til linje 400 Kleppestø terminal - Bergen busstasjon, 410 Bergen busstasjon, 411 Ramsøy, 413 Berland/Heggernes, 414 Herdla og bestillingsbuss.
Linje 413 Berland–Heggernes–Ravnanger
Linje 413 erstattar linje 497. Linja startar og sluttar på Ravnanger terminal. Frå Ravnanger terminal kan du reise vidare mot Kleppestø og Bergen med linje 400.
Rute: Berland–Heggernes–Ravnanger terminal
Bestillingsbuss
Området Berland - Heggernes - Ravnanger terminal får også eit tilbod om bestillingstransport på ettermiddag, kveld og helg. Her kan du lese meir om bestillingstransport for Askøy nord.
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Her kan du byte til linje 400 Kleppestø terminal - Bergen busstasjon, 410 Bergen busstasjon, 411 Ramsøy, 412 Davanger/Breivik, 414 Herdla og bestillingsbuss.
Linje 414 Herdla–Ravnanger
Linje 414 erstattar linje 499. Linja startar og sluttar på Ravnanger terminal. Frå Ravnanger terminal kan du reise vidare mot Kleppestø og Bergen med linje 400.
Rute: Herdla–Ravnanger terminal
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Her kan du byte til linje 400 Kleppestø terminal - Bergen busstasjon, 410 Bergen busstasjon, 411 Ramsøy, 412 Davanger/Breivik, 413 Berland/Heggernes og bestillingsbuss.
Linje 490 båtruta Kleppestø–Strandkaiterminalen
Rute 490 er båtruta mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen. Det blir oftare avgangar med to båtar.
Rute: Kleppestø kai–Strandkaiterminalen
Kor ofte går båten?
Kvart 20. minutt: Avgang kvart 20. minutt frå kl. 06.30–09.20 og
13.43–17.00 måndag til fredag.
Kvart 40. minutt: Avgang kvart 40. minutt på dagtid, kveld og helg.
Sjå rutetabell for båtrute 490
Dei to båtane er MS Ekspressen og MS Fjordlys. To nye heilelektriske båtar skal etter kvart erstatte desse.
Båtruta endrar linjenummer frå 2070 til 490. Frå same dato tek Fjord1 over som operatør for båtruta. Ønsker du SMS-varsel for denne ruta, sjå Fjord1 sine nettsider.
Viktige bytepunkt
- Kleppestø terminal: Her kan du byte til linje 401 Marikoven, 402 Hetlevik, 402 Myrane, 403 Stongafjellet, 403 Krokåsfeltet, 405 Øvre Florvåg, 406 Florvågøen, 407 Steinrusten/Haugland og 408 Hanevik.
Linjekart og terminalkart
Nattbussar
For nattbussar har vi kombinert ruter slik som før.
Sjå rutetabell for nattavgangar
Viktige bytepunkt
- Ravnanger terminal: Linje 400, 410, 411, 412, 413, 414 og bestillingsbuss
- Norrønaheimen: Linje 401, 402, 410.
- Kleppestø terminal: Linje 400, 401, 402, 403, 405, 406, 407, 408, båtrute 490 og bestillingsbuss
- Storavatnet terminal: Linje 400, 407, 410, linjer til/fra Øygarden og lokale linjer i Bergen.
- Bergen busstasjon: Linje 400, 407, 410 og linjer i bergensområdet
Bestillingsbuss
Frå 20. januar 2025 startar vi opp med bestillingsbuss i to område på Askøy, Kleppestø og Askøy nord.
Her kan du lese meir om bestillingsbuss på Askøy.
Moglege trafikale utfordringar ved Storavatnet terminal
I samband med utbygginga av Sotrasambandet vil det frå 20. januar bli endringar i køyremønsteret for buss- og biltrafikken ved Storavatnet terminal. Dette kan skape utfordringar for busstrafikken. Vi oppfordrar til å reise kollektivt mellom Askøy og Bergen for å redusere køane i området.
Meir informasjon om endra køyremønster kan du finne på Statens vegvesen sine nettsider.
Linjekart og terminalkart
Terminalkart Bergen busstasjon
Terminalkart Kleppestø terminal
Terminalkart Storavatnet terminal
Her kan du lese meir om bakgrunn for ruteendringane for Askøy.
Publisert:
Oppdatert: