Ferjesambanda får nye rutenummer 14. august
Hausten 2022 vart det avklart at ferjesambanda i Vestland skal inngå i ein nasjonal nummerserie for rutenummer. Nye rutenummer er tatt i bruk måndag 14. august.

Ein nasjonal nummerserie for rutenummer på ferjesambanda vil gjere det enklare for reisande i heile landet. Ferjesamband som ikkje har vore ein del av den nasjonale nummerserien tidlegare vil ta i bruk nye rutenummer frå og med måndag 14. august.
Som reisande kan du kome over slike rutenummer til dømes når du søker i reiseplanleggaren eller gjennom SMS-varsling ved avvik.
Ferjesamband |
Gammalt rutenr. |
Nytt rutenr. |
Halhjem - Sandvikvåg | 1000 | 1018 |
Kvanndal - Utne | 1001 | 1024 |
Hatvik - Venjaneset | 1003 | 1020 |
Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes | 1004 | 1027 |
Skånevik - Matre- Utåker | 1005 | 1031 |
Jondal - Tørvikbygd | 1006 | 1026 |
Kinsarvik - Utne | 1007 | 1025 |
Ranavik - Skjersholmane | 1008 | 1032 |
Langevåg Buavåg | 1011 | 1030 |
Jektavik - Nordhuglo-Hodnanes | 1013 | 1033 |
Våge-Halhjem | 1014 | 1021 |
Hufthamar - Krokeide | 1016 | 1022 |
Fjelberg- Sydnes-Utbjoa | 1017 | 1034 |
Husavik-Sandvikvåg | 1018 | 1023 |
Klokkarvik - Lerøy - Hjellestad | 1019 | 1035 |
Sløvåg - Leirvåg | 1020 | 1029 |
Fedje - Sævrøy | 1021 | 1028 |
Breistein - Valestrand | 1030 | 1036 |
Masfjordnes - Duesund | 1040 | 1019 |
Lavik - Oppedal | 1046 | 1045 |
Mannheller - Fodnes | 1052 | 1047 |
Vangsnes - Hella - Dragsvik | 1053 | 1046 |
Måløy - Husevågøy - Oldeide | 1109 | 1039 |
Anda - Lote | 1111 | 1044 |
Stårheim - Isane | 1114 | 1038 |
Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella | 1115 | 1042 |
Askvoll - Gjervik - Fure - Askvoll | 1116 | 1140 |
Askvoll - Fure – Værlandet | 1117 | 1141 |
Frå og med 16. august blir det billigare å reise med ei rekke ferjesamband i Vestland
Publisert:
Oppdatert: