Fleire ferjer blir billigare
Frå og med 16. august blir det billigare å reise med ei rekkje ferjesamband i Vestland. I tillegg blir sambandet Krokeide - Hufthamar gratis.

Følgande samband får redusert pris:
- Leirvåg – Sløvåg
- Hatvik – Venjaneset
- Halhjem – Våge
- Langevåg – Buavåg
- Skjersholmane – Ranavik
- Jondal – Tørvikbygd
- Kvanndal – Utne
- Skånevik – Matre – Utåker
- Stårheim – Isane
- Askvoll – Fure
- Gjermundshamn - Årsnes
- Jektevik – Hodnanes
- Måløy - Oldeide
Prisane på desse sambanda vert redusert med 50 prosent med utgangspunkt i prisane som var gjeldande 1. januar 2021.
Du finn prisar for alle ferjesamband i ferjepriskalkulatoren
Gratis ferje
Frå og med 16. august blir ferjesambandet Hufthamar - Krokeide gratis.
I fjor vart ti ferjesamband og fire delstrekningar på fleirkantsamband i fylket gratis. Dette betyr at det no er gratis å reise på følgande ferjesamband i Vestland:
- Hufthamar-Krokeide (frå 16. august)
- Hisarøy – Mjånes
- Barmen - Barmsund
- Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad
- Daløy - Haldorsneset
- Fjelberg - Sydnes - Utbjoa
- Kinsarvik - Utne
- Fedje - Sævrøy
- Masfjordnes – Duesund
- Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella
- Husavik-Sandvikvåg
Gratis fleirkantsamband
- Askvoll – Gjervik - Fure - Værlandet (Gjeld reisande til og frå Gjervik og Værlandet)
- Gjermundshamn - Varaldsøy – Årsnes (Gjeld reisande til og frå Varaldsøy)
- Jektevik - Nordhuglo – Hodnanes (Gjeld reisande til og frå Nordhuglo)
- Måløy - Husevågøy – Oldeide (Gjeld reisande til og frå Husevågøy)
Det er fylkestinget i Vestland som har gjort vedtak om billigare ferjetakstar og gratis ferje til stader utan veg til fastlandet.
Publisert:
Oppdatert: