No kan du bestillle bussen på Askøy
Bur du i Kleppestø-området eller nord på Askøy? Frå 20. januar er det tilbud om bestillingsbuss innanfor eit avgrensa område på Kleppestø og Askøy nord.
Kleppestø-området

Bestillingsbussen på Kleppestø hentar deg mellom klokka 09 og 14 frå måndag til fredag. Bussen køyrer ikkje i helg, på helligdagar og offentlege fridagar.
I tillegg vil nokre avgangar på linje 405 Øvre Florvåg-Kleppestø terminal (tidlegare linje 482) og linje 406 Florvågøen-Kleppestø terminal (tidlegare linje 483), bli erstatta med bestillingsbuss på formiddag. Kva avgangar dette gjeld, finn du i reiseplanleggaren vår eller i rutetabellen.
NB: Hugs å bestille bussen, elles kjem den ikkje.
Askøy nord

Bestillingsbussen nord på Askøy hentar deg på kveldstid mellom klokka 16 og 21 måndag til fredag, og mellom klokka 11 og 19 laurdag, søndag og helligdagar.
I tillegg vil nokre avgangar på linje 412 Breivik-Ravnanger (tidlegare linje 496), bli erstatta med bestillingsbuss på kveldstid og i helg. Kva avgangar dette gjeld, finn du i reiseplanleggaren vår eller i rutetabellen.
NB: Hugs å bestille bussen, elles kjem den ikkje.
Bestilling
Du kan bestille bussen på fleire måtar:
- Last ned appen Skyss Bestilling og legg inn bestillinga di.
- Bestill på nett her
- Ring oss på telefon 55 55 90 99 måndag-fredag klokka 08.00-17.00.
Bestillingsbussen er ein minibuss merka Skyss.
Les meir om bestillingsbussen her
Les meir om endringar i rutetilbodet på Askøy frå 20. januar her
Publisert:
Oppdatert: