Hopp til hovedinnald

Kleppestø-området

Bildet viser det avgrensa området for bestillingsbuss i Kleppestø-området


Bestillingsbussen på Kleppestø hentar deg mellom klokka 09 og 14 frå måndag til fredag. Bussen køyrer ikkje i helg, på helligdagar og offentlege fridagar.

I tillegg vil nokre avgangar på linje 405 Øvre Florvåg-Kleppestø terminal (tidlegare linje 482) og linje 406 Florvågøen-Kleppestø terminal (tidlegare linje 483), bli erstatta med bestillingsbuss på formiddag. Kva avgangar dette gjeld, finn du i reiseplanleggaren vår eller i rutetabellen. 
NB: Hugs å bestille bussen, elles kjem den ikkje.

Askøy nord

Bildet viser det avgrensa området for bestillingsbuss på Askøy-nord


Bestillingsbussen nord på Askøy hentar deg på kveldstid mellom klokka 16 og 21 måndag til fredag, og mellom klokka 11 og 19 laurdag, søndag og helligdagar.

I tillegg vil nokre avgangar på linje 412 Breivik-Ravnanger (tidlegare linje 496), bli erstatta med bestillingsbuss på kveldstid og i helg. Kva avgangar dette gjeld, finn du i reiseplanleggaren vår eller i rutetabellen.
NB: Hugs å bestille bussen, elles kjem den ikkje.

Bestilling

Du kan bestille bussen på fleire måtar:

  1. Last ned appen Skyss Bestilling og legg inn bestillinga di.
  2. Bestill på nett her
  3. Ring oss på telefon 55 55 90 99 måndag-fredag klokka 08.00-17.00.

Bestillingsbussen er ein minibuss merka Skyss. 

Les meir om bestillingsbussen her

Les meir om endringar i rutetilbodet på Askøy frå 20. januar her

Publisert:

Oppdatert: