Hopp til hovedinnald

Målet er eit meir attraktivt og heilskapleg rutetilbod med fleire reisemoglegheiter. Vi ønsker å legge til rette for at fleire kan og vil bruke kollektivtransport både til arbeid og i fritida, og at folk skal bli meir tilfredse med tilbodet. Slik bidrar vi til å nå den nasjonale målsetjinga om nullvekst i personbiltrafikken.

Blant grepa vi gjer er å innføre såkalla regionstamlinjer, eller hovudlinjer, lik dei vi allereie har i Bergen, i Nordhordland og i Bjørnafjorden kommune.

Ei slik hovudlinje har hyppige avgangar og kan frakte mange reisande på strekningar der mange bur og reiser. Vi kopler mindre busslinjer inn mot hovudlinja, slik at det blir færre direktelinjer som går ved sidan av kvarandre. Rutenettet vert mindre som ein spindelvev med mange, tynne trådar, og meir som eit blodomløp med hovudpulsårer og mindre årer. Slik får vi utnytta ressursane betre og får meir igjen for dei fylkeskommunale løyvingane til kollektivtransporten.

Sterke hovudlinjer på Askøy

Litt av bakgrunnen for endringa på Askøy er at det startar ny driftskontrakt for Askøybåten.  I løpet av våren vil det bli sett inn to nye, heilelektriske fartøy på sambandet, men allereie frå 20. januar blir det hyppigare avgangar i rush. Det vil no gå båt kvart 20. minutt i rushtida.

Samtidig gjer vi fleire andre endringar, med utgangspunkt i Mobilitetsplan vest (PDF). Dette er ein overordna plan for korleis kollektivtilbodet skal utviklast på Askøy, i Øygarden og i Bergen vest.

Med fleire avgangar i rush vert Askøybåten som ei hovudlinje i seg sjølv. Det er likevel få som bur i gangavstand til kaien, og båten kan ikkje dekke alle dei viktige reisemåla til askøyværingane. Bussane speler derfor ei viktig rolle både i å bringe reisande til båten og i å gi gode samband til andre reisemål.

På Askøy blir linje 400 hovudlinja mellom Ravnanger, Kleppestø og Bergen busstasjon, med avgang kvart 20. minutt store delar av dagen. Denne linja vil også køyre passasjerar til kvar båtavgang. Samtidig vil nye linje 410 gå frå Ravnanger via Norrønaheimen til Bergen busstasjon i rushtida, og då utan å gå om Kleppestø. For mange blir dette det raskaste alternativet.

Nye linje 407 vil gå frå Haugland til Kleppestø. I rushtida vil denne gå vidare til Bergen busstasjon. Linje 407 skal sikre eit godt kollektivtilbod mellom Haugland og Erdal og skal også gi reisemoglegheiter til og frå Storebotn næringsområde.

For meir informasjon om det komande rutetilbodet på Askøy, sjå eigen artikkel.

Nokon må reise på nye måtar

Når vi satsar på hovudlinjer, betyr det samtidig at nokon må reise på nye måtar. Nokre reisande må byte buss, til dømes dei som reiser frå Herdla og Ramsøy til Bergen. Dette kan verke uvant og tungvint, særleg i starten. Det er likevel med på å gjere det mogleg å ha ei sterk hovudlinje frå Ravnanger, slik at bussen blir eit betre alternativ for fleire, både til arbeid og i fritida.

Det vil ikkje lenger gå buss i Grensedalen. Dei som reiser frå Vardane-området vil måtte gå lenger for å komme til haldeplassen. Dette er ei ulempe, men til gjengjeld får dei eit tilbod med hyppigare avgangar.

Bestillingsbussar på Askøy

Nord på Askøy (Berland / Hegernes og Davanger / Breivik) blir rutetilbodet om kvelden og i helgene i stor grad erstatta av bestillingstransport. Dette vil vere  ein minibuss som du kan bestille i appen Skyss Bestilling, på skyss.no/bestilling eller på telefon.

Vi tilbyr bestillingstransport fordi det gir eit meir fleksibelt tilbod som er betre tilpassa behovet. Ei slik løysing gir fleire reisemoglegheiter enn vi kan få til med faste ruter. Reisande nord på Askøy kan bruke bestillingsbuss til Ravnanger, og slik få ei kopling til hovudruta i retning Bergen.

Også i området rundt Kleppestø, Stongafjellet og Florvåg blir det bestillingsbuss, der på dagtid på kvardagar. Dette er også meint å gi eit tilbod som svarer best mogleg på behovet.

Denne typen bestillingstransport er framleis noko ganske nytt. Ny teknologi har gjort det enklare for oss å tilby slike løysingar, men vi må framleis hauste erfaringar, og vi kan måtte gjere justeringar etter kvart.

For meir informasjon om bestillingsbuss på Askøy, sjå eigen artikkel.

Osterøy: Kortare reisetid til Arna

Skyss har lenge vurdert endringar for Osterøy for å ha eit tilbod som er best mogleg for flest mogleg. Vi har også fått ønsker om endringar, både frå kommunen og andre. Hyppigare togavgangar i Arna gir oss eit godt høve til å ta grep.

Det blir no ei hovudlinje mellom Lonevåg og Arna, linje 900. Dei som bur sentralt på Osterøy får hyppigare avgangar og ei raskare reise til Arna, gjennom Arnanipatunnelen. Avgangane blir tilpassa togtidene på Arna stasjon, slik at det er enkelt å reise heile vegen til Bergen.

Samtidig får Tunes og Takvam på Arna-sida linje 92 som sin hovudforbindelse til Arna, med færre avgangar enn før.

Vi gjer lokale linjer på Osterøy meir føreseielege med faste trasear. Nokre reisande på Osterøy får endra reisemønster med bussbyte, til dømes dei som skal ta buss frå Haus, som no vil måtte byte ved Kvisti. Likevel får dei raskare reisetid til Arna.

Også reisande frå Valestrand til Bergen vil oppleve endringar. Dagens direktelinje til Bergen vil berre gå i rushtida. Ferja blir gratis for passasjerar når fylkeskommunen tek over ferjesambandet 1. januar. Etter ferjereisa kan reisande frå Valestrand ta linje 37 vidare frå Breistein kai til Åsane. Valestrand får samtidig fleire avgangar lokalt til og frå Lonevåg.

For meir informasjon om det komande rutetilbodet på Osterøy, sjå eigen artikkel.

 

Publisert:

Oppdatert: