Hopp til hovedinnald

– No blir det endå lettare å la bilen stå. Dette er svært gledelege nyheiter for pendlarane! seier fylkesvaraordførar og askøyværing Stian Opedal Davies.

Det er Fjord1 som skal drifta sambandet, og i første omgang skal dagens båt, MS Ekspressen, halde fram med å gå i sambandet. Han får selskap av MS Fjordlys. Båtane har plass til høvesvis 296 og 180 passasjerar.

I løpet av våren kjem det på plass nye, heilelektriske båtar på Askøyruta. Dei to fartøya heitte opphaveleg MS Terningen og MS Tyrhaug og blir for tida bygde om hos Brødrene Aa i Eikefjorden.

Når dei nye elbåtane kjem til Askøy, er det ikkje berre med ny teknologi, men òg nye namn: MS Kleppestø og MS Florvåg. Dei skal etter planen vere leveringsklare i løpet av våren.

– Med lokale namn på dei nye nullutsleppsbåtane håper eg at den lokale identiteten gir endå større lyst til å reise kollektivt og grønt, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Same dag, 20. januar, tilpassar Skyss busstilbodet etter dei nye båtrutene, og vi styrker tilbodet lokalt på Askøy. Askøyværingar flest får betrakteleg fleire bussavgangar, og det kjem på plass bestillingsbuss på Kleppestø og Askøy nord.

Les meir om omlegginga: https://www.skyss.no/reise/aktuelt/ask%C3%B8y-20.-januar

Les meir om bestillingstransport på Askøy: https://www.skyss.no/reise/aktuelt/Bestillingsbuss-Ask%C3%B8y/

 

Illustrasjonsfoto: Karoline Rage

Publisert:

Oppdatert: