Vilkår for bruk av tenester
Vilkår for bruk av appen Skyss Billett, Skyss nettbutikk og appen Skyss Reise.
Generelt
Dette er ein avtale mellom deg og Skyss for bruk av appen Skyss Billett, Skyss nettbutikk og appen Skyss Reise, samla omtala vidare som “Tenestene”. Ved bruk av Tenestene aksepterer du vilkåra og føresetnadene på denne sida. Ved all bruk av Skyss sine tenester gjeld våre Transportvedtekter.
Tenestene gir deg rett til å nytte mobilkonto, bankkort, gyldig bedriftskonto, telefonrekning (Strex) og Vipps som betalingsmiddel når du skal kjøpe billett av oss. Utfyllande beskrivingar av billettypar med føresetnader, prisar og betalingsmåtar finst her.
Avtalen gir Skyss rett til å belaste betalingsmiddelet ditt med prisen for dei billettane som du kjøper.
Overføring av billettar eller data
Skyss’ billettar og/eller data som Skyss gjer tilgjengeleg, skal ikkje kopierast, overførast, omsetjast og/eller distribuerast på nokon måte.
Personopplysningar
For å levere Tenestene er det nødvendig å behandle personopplysningar. Vi behandlar dine personopplysningar i tråd med vår personvernerklæring som er tilgjengeleg her.
Immaterielle rettar
Skyss eig alle rettane til Tenestene. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til, konsept, design, varemerke, know-how, forretningsløyndommar, opphavsrett og andre immaterielle rettar.
Det er ikkje tillate å endre eller manipulere innhald i Tenestene. Eitkvart forsøk på å gjenskape den opphavlege kjeldekoden til programvare (kjent som reverse engineering) er forbode.
Ansvar for tredjepartar
Skyss har ikkje ansvar for tenester eller nettsider som Tenestene lenker til eller integrerer med, som tilhøyrer tredjepartar. Desse kan ha eigne vilkår som du bør setje deg inn i.
Kortsikkerheit
Alle transaksjonar som involverer bruk av bankkort (VISA/Mastercard) blir behandla av OneSettle. Ingen opplysningar om betalingskortet, utover utløpsdato, maskert kortnummer og ev. kallenamn på kortet som du set, blir lagra i Tenestene eller hos Skyss.
Endring av vilkår
Skyss forbeheld seg retten til å endre vilkåra i denne avtalen. Endringar kan førekome i følgjande tilfelle:
- Lovendringar: Ved endringar i lover eller forskrifter som påverkar tenestene.
- Teknologiske oppdateringar: Ved innføring av nye teknologiar eller oppdateringar som krev justeringar i vilkåra.
- Forretningsmessige behov: Ved endringar i Skyss sine tenester eller produkt som krev tilpassing av vilkåra.
- Sikkerheitsforbetringar: Ved behov for å forbetre sikkerheita for brukarane eller beskytte mot misbruk av tenestene.
Skyss vil informere brukarane av appen Skyss Billett om endringar i vilkåra via appen. Ved fortsatt bruk av tenestene etter at endringane har trådt i kraft, blir brukaren rekna for å ha akseptert dei nye vilkåra.
Appen Skyss Reise
Skyss gjer sitt beste for at informasjonen knytt til avgangar og anna informasjon i appen Skyss Reise er så nøyaktig og oppdatert som mogleg, men kan ikkje garantere at den alltid er heilt korrekt eller fullstendig. Skyss er ikkje ansvarleg for eventuelle tap og mislighald som følgje av feil eller manglar ved appen Skyss Reise.
Oppseiing og mislighald
Du kan når som helst seie opp avtalen ved å avinstallere appane eller ved å slette kontoen din i nettbutikken eller i appane. Dette kan også gjerast på web-login. Dersom du ønskjer bistand med dette kan du kontakte oss via våre kontaktskjema som er tilgjengeleg her.
Dersom du har ein restverdi på mobilkonto eller du ikkje får brukt periodebilletten din, er det mogleg å søkje om refusjon av restverdien. Ved eventuelle refusjonar blir beløpet refundert til bankkortet / bankkontoen som blei nytta til påfylling eller kjøp. Les meir om korleis søkje refusjon på skyss.no.
Skyss kan seie opp denne avtalen med førehandsvarsel dersom Skyss stansar å tilby Tenestene, eller du bryt vilkåra for bruk av Tenestene. Skyss vil i den samanheng refundere eventuelle uteståande rettmessige krav. Ved bruk av Tenestene i strid med vilkåra eller anna misbruk av Tenestene, er du ansvarleg for økonomisk tap som Skyss blir påført.
Lovval
Vilkåra blir regulert av norsk rett.
Vilkåra blei sist oppdatert: 02.12.2024