Hopp til hovedinnald

1. Generelle reglar

Reglementet gjeld for personreiser på følgande av Skyss sine båtruter i Vestland:

  • Sunnhordland–Austevoll–Bergen
  • Austevoll lokalbåt
  • Kystvegekspressen: Måløy–Smørhamn–Florø
  • Måløy–Gangsøy–Risøy
  • Måløy–Silda
  • Gåsvær–Midtre Solund–Hardbakke
  • Hardbakke–Kolgrov–Utvær
  • Hardbakke–Nåra–Mjømna
  • Nord–Solund
  • Gulen–Ytre Solund
  • Kaupanger kai–Frønningen
  • Vik–Ortnevik
  • Ortnevik–Måren–Nordeide

Prisane på båtrutene er delte opp i pristrinn. Pristrinna blir rekna ut på grunnlag av avstanden mellom ombord- og avstiging. Prisane går fram av dei til kvar tid gjeldande pristabellane. Du finn meir informasjon om båtrutene og om korleis du kjøper billett, på skyss.no.

1.1 Reisebevis

Ombordstiging er tillate innan utløpstida på billetten. Du må kunne vise fram gyldig reisebevis til personalet og kontrolløren under heile reisa. Reisebevis er billett som er gyldig for strekninga og for tidspunktet for ombordstiginga, og eventuelt gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis, honnørbevis o.l.). Dersom du skal byte transportmiddel undervegs og billetten er utløpt før du går om bord på neste transportmiddel, må du kjøpe ny billett. Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet. 

Billetten kan du ha i forskjellige format, avhengig av kvar du har kjøpt han:

  • Appen Skyss Billett: Billetten ligg i appen.
  • Nettbutikken på skyss.no: Du kan velje mellom å ha billetten på Skysskortet, skrive han ut eller få han på e-post eller SMS.
  • Om bord: Du får ein papirbillett. Dersom du betaler med bankkort, fungerer bankkortet òg som billett. Merk: Dette gjeld ikkje på alle båtar. Sjå skyss.no for meir info.
  • Kundesenter Bergen Busstasjon: Du får ein papirbillett når du kjøper enkeltbillett og 24-timarsbillett. Skal du kjøpe periodebillett, må du ha eit Skysskort.

2. Kjøp av billett

2.1 Appen Skyss Billett

Skyss Billett er ein mobilapplikasjon for iOS-, Android- og Huawei-telefonar. Her kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Vestland bortsett frå kombinasjonsbillettar for båt og buss. Du må vise fram gyldig reisebevis ved ombordstiging og kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, Vipps, bedriftskonto eller mobilkonto.

2.1.1 Mobilkonto – reisekonto på mobil

Mobilkonto er eit betalingsmiddel i appen Skyss Billett. Innskotet på mobilkontoen må vere minst 200 kroner, og maksimal saldo er 5000 kroner.

Slik fyller du på mobilkontoen: Bruk bankkort, Vipps eller overføring frå nettbank. Send SMS med «KID» til 2412 for meir informasjon om overføring frå nettbank.

2.1.2 Bedriftskonto – bedrifta som betalingsval

Bedriftskonto er eit betalingsmiddel i appen Skyss Billett. Kjøpsløysinga for bedrifter og organisasjonar gir dei reisande tilgang til å få kollektivreiser betalte av bedrifta. Bedriftene betaler ved faktura per månad. Sjå meir på skyss.no.

Betalingsmåte: Faktura.

2.2. Nettbutikken

I nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar. For å kjøpe periodebillett treng du Skysskortet, eit reisekort for kollektivreiser i Vestland. Ved kjøp av enkeltbillett og 24-timarsbillett kan du bruke Skysskortet, skrive ut billetten eller få han på e-post eller SMS. Du må vise fram gyldig reisebevis ved ombordstiging og kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, Vipps, bedriftskonto.

2.3 Om bord

Om bord på båtane kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar og tur-retur-billettar. Du får då ein papirbillett. Dersom du betaler med bankkort, kan du òg bruke bankkortet som billett. Merk: Sjå pkt. 1.1. Personalet og kontrolløren kan krevje å få sjå gyldig reisebevis under heile reisa.

Betalingsmåtar: Bankkort, kontant.

3. Billettypar

3.1 Enkeltbillett båt

Ein enkeltbillett gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning. Enkeltbillettar er tilgjengelege for alle kategoriar.

Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten og vil variere avhengig av reisestrekninga.

3.1.1 Tur-retur-billett båt

På strekningar over det lågaste pristrinnet betaler du halv pris på returreisa når du kjøper ein tur-retur-billett. Prisane går fram av den til kvar tid gjeldande pristabellen. Returen må skje innan 15 dagar. Det blir ikkje gitt refusjon for returbillettar som ikkje er brukte innan fristen. Tur-retur-billett er tilgjengelege for alle kategoriar.

3.2 Periodebillett

Alle periodebillettar er upersonlege og kan brukast av fleire – men berre av éin person om gongen. Personen som nyttar billetten, må kunne vise fram billetten og innfri krava til alder og rabattar.

Dersom du skal reise utover den strekninga du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett for den strekninga periodebilletten ikkje gjeld for.

3.2.1 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt

Periodebillettar gjeld for 7, 30 eller 180 dagar på ei bestemt strekning med båt. Periodebillettar er tilgjengelege for kategoriane vaksen, barn, honnør og student.

Maksimumsprisen for 7-, 30- og 180-dagarsbillett går fram av den til kvar tid gjeldande pristabellen.

3.2.2 Ungdomsbillett

Du kan bruke 30-dagars ungdomsbillett frå du er 16 år, og til og med den månaden du fyller 21 år. Elevar i vidaregåande skole som ikkje har fylt 16 år, kan òg kjøpe ungdomsbillett, men må då dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skolen.

30-dagars ungdomsbillett gjeld på alle Skyss sine bussruter i heile Vestland og på Bybanen i Bergen. I tillegg gjeld billetten på desse transportmidla:

Andre bussruter

  • Kolumbus sine bussruter (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
  • «Trygt heim»-rutene
  • Flybussen i Førde og Sogndal

Båt
Ungdomsbilletten gjeld på alle båtruter i Vestland bortsett frå desse:

  • Osterfjorden båtrute
  • Geitanger–Knappskog
  • Hardanger turistrute (Norheimsund–Herand–Utne–Kinsarvik–Lofthus–Ulvik–Eidfjord)

Du kan reservere plass om bord på Norled sine ekspressbåtruter Sogn–Bergen og Nordfjord–Bergen når du reiser med ungdomsbillett. Sjå norled.no.

Ferje
Ungdomsbilletten gjeld på alle ferjesamband i Vestland.

Ekspressbuss
Ungdomsbilletten gjeld på ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland bortsett frå på ekspressbussruter rundt Bergen på desse strekningane:

  • Bergen busstasjon–Knarvik
  • Bergen busstasjon–Halhjem
  • Bergen busstasjon–Trengereid

For å vere garantert plass på ein ekspressbuss må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i salskanalane til Vy eller NOR-WAY.

Tog
Ungdomsbilletten gjeld på avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen og Arnalokalen).

Merk:
Du kan ikkje bruke ungdomsbilletten på Flybussen i Bergen, region-/fjerntog mellom Bergen og Oslo, Flåmsbana eller andre private buss-, båt- og ferjeruter i Vestland.

Du må vise kvittering frå nettbutikken eller appen Skyss Billett og legitimasjon når du skal reise med ekspressbuss, tog og ekspressbåt.

4. Kategoriar

Reisande betaler ulik pris, avhengig av kva for ein kategori dei høyrer til. Alle som reiser med rabattert billett, må ved billettkontroll kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten.

4.1 Vaksen

Vaksne frå 18 til og med 66 år betaler ordinær pris.

4.2 Barn

Barn under 6 år reiser gratis. Barn frå 6 til og med 17 år betaler om lag halv pris av ordinær pris. På lengre strekningar er det sett ein maksimal pris for barn som reiser saman med ein betalande vaksen. Maksimal pris per barn går fram av den til kvar tid gjeldande pristabellen og gjeld for inntil fire barn per vaksen.

Ved tvil om alder kan personalet og kontrolløren krevje å få sjå gyldig legitimasjon.

4.3 Honnør

Honnørar betaler om lag halv pris av ordinær pris.

 Honnørrabatten gjeld for

  • personar som har fylt 67 år
  • personar med honnørkort frå Nav (personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land)
  • uføre flyktningar med supplerande stønad
  • blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort
  • ektefelle eller partnar (registrert etter ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett

På førespurnad frå personale eller kontrollør må du kunne vise at du har krav på rabatt. For reisande som har fylt 67 år, er legitimasjon med bilde som viser alderen, rekna som gyldig bevis.

Honnørbillett for reisande under 67 år er gyldig ved framvising av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:

  • Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
  • Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
  • Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og legitimasjon med bilde.
  • Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) frå Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde og legitimasjon med bilde.

Det er Nav som utferdar honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.

4.4 Student

Studentar betaler om lag 40 prosent av ordinær pris.

Studentrabatten gjeld for følgande personar:

  • Studentar/elevar som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule, universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studiebelastninga svare til eit årskurs.
  • Lærlingar og lærekandidatar på fulltid som følgjer krava i lov om opplæring, kapittel 4
  • Vaksne framandspråklege som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktningar i introduksjonsprogrammet

På førespurnad frå personale eller kontrollør må du kunne vise at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Gyldig bevis må vise namn, fødselsdato, studiestad og at det gjeld dette semesteret. Følgande bevis er gyldige:

  • studiekort/studentbevis på mobilen som stadfestar at du er student dette semesteret
  • dokumentasjon frå skole som stadfestar skolegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med bilde

Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort. (ANSA-kort blir ikkje godteke.) Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.

Gyldig dokumentasjon for lærlingar/lærekandidatar:

  • personleg ID-kort frå bedrifta merka med «lærling» eller «lærekandidat»
  • kopi av lærekontrakten (digitalt eller fysisk)
  • stadfesting frå bedrifta om at du er lærling/lærekandidat, med perioden for lærekontrakten, namn og fødselsdato

Studiebeviset for vårsemesteret gjeld til og med august, og studiebeviset for haustsemesteret gjeld ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for kjøp av periodebillett 31. juli og 31. desember. Dersom du ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale det gjeldande gebyret.

4.5 Militær

Vernepliktig mannskap i førstegongsteneste betaler om lag halv pris av ordinær pris på enkeltbillettar for reise over 15 kilometer. Militærrabatten gjeld for den tenesteperioden som er oppført på Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID fungerer som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis. Militærrabatten gjeld berre norske statsborgarar som er knytte til det norske forsvaret.

4.6 Følgeperson (ledsager)

Følgepersonar til personar med nedsett funksjonsevne som har følgekort og gyldig billett, reiser gratis med Skyss sine transportmiddel. Følgepersonen treng ikkje eigen billett.

5. Rabattar

Dersom de er fleire som reiser saman, kan de få rabatt. Du kan òg få rabatt dersom du kombinerer båtreisa med ei bussreise.

5.1 Gruppe

Kjøper du enkeltbillett til ti eller fleire personar samtidig, får du 17 prosent grupperabatt på vaksenbillettar. Barn, studentar, honnørar og militær får ikkje grupperabatt, men blir rekna med i talet på reisande. Barn under 6 år reiser gratis og blir ikkje rekna med i talet på reisande.

Grupperabatten kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

5.2 Kombinasjonsreise båt–buss

Dersom du reiser med buss i kombinasjon med ei båtreise, får du 50 prosent rabatt på bussbilletten når du kjøper ein kombinasjonsbillett. Kombinasjonsbilletten består av ein periodebillett for ei eller fleire soner med buss, og ein periodebillett for ei bestemt båtstrekning som ikkje er inkludert i sonesystemet. Du kan kjøpe kombinasjonsbillett i Skyss nettbutikk. Denne typen billett kan ikkje kjøpast i appen Skyss Billett eller om bord på båten eller bussen.

6. Reisegods o.l.

6.1 Gratis reisegods i følge med den reisande, så langt plassen tillèt det:

  • handbagasje
  • rullestol, barnevogn, sykkel (også elsykkel, elsparkesykkel og sparkesykkel)
  • kjæledyr
  • ski

6.2 Frakt av gods

På nokre båtruter er det mogleg å frakte gods som ikkje er i følge med reisande. Ta kontakt med operatøren for den aktuelle båtruta for å få opplysningar om prisar og anna informasjon.

7. Refusjon

Enkeltbillettar og tur-retur-billettar blir ikkje refunderte. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar og ungdomsbillett kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.

8. Skoleskyssbillett

Skoleskyssbilletten er personleg og kan berre brukast av elevar som har fått gratis skoleskyss. Med skoleskyssbilletten kan du reise to gonger kvar skoledag: éin gong frå heimen til skolen og éin gong frå skolen til heimen. Skal du reise meir enn dette eller til og frå andre stader, må du kjøpe ein eigen billett.

Elevar kan velje om dei vil ha skoleskyssbilletten i appen Skyss Billett eller på Skyss skolekort.

Skoleskyssbilletten for grunnskolen gjeld skoledagar frå klokka 06:00 til klokka 19:00, medan skolebilletten for vidaregåande skole gjeld skoledagar frå klokka 06:00 til klokka 22:00. Billetten gjeld for den perioden eleven er innvilga gratis skoleskyss, og er berre gyldig på skoledagar. Han kan altså ikkje brukast på skolefrie dagar, slik som helger, planleggingsdagar og skoleferiar.

Dersom du har mista eller gløymt skoleskyssbilletten, må du sjølv kjøpe og betale for reisa til eller frå skolen. Det er skolen som deler ut dei fysiske skolekorta, så du må kontakte skolen din dersom du treng eit nytt kort. Du finn meir informasjon om skoleskyssbillett på mobil og reglane som gjeld, i skoleskyssreglementet på skyss.no.