Studentrabatt
Er du student? Då får du rabatt når du skal reise med oss.
Vi tek deg dit du skal – heile semesteret
Her gjeld studentrabatten
Du får om lag 40 prosent studentrabatt på alle typar billettar til Skyss sine bussar, bybanen og båtrutene.
Tips: Fleire Skyss-billettar kan også brukast på andre transportmiddel. Her finn du meir informasjon om:
Kven gjeld studentrabatten for?
Du får studentrabatt dersom du er
- student/elev som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule/universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
- lærling eller lærekandidat på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4.
- vaksen framandspråkleg som får opplæring på fulltid i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktning som er med i introduksjonsprogrammet.
Er du under 21 år?
Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 395 kroner i månaden.
Hugs å ta med gyldig bevis
Når du reiser med studentbillett, må du alltid kunne bevise at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Du kan bli bedt om å vise bevis av sjåfør, mannskap eller kontrollør.
Gyldig bevis må innehalde namn, fødselsdato og studiestad, og vise at det gjeld dette semesteret.
Dette blir rekna som gyldig bevis:
- Studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret.
- Dokumentasjon frå skule som stadfestar skulegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto.
- Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke).
- Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.
Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for kjøp av periodebillett 31. juli og 31. desember.
For lærlingar/lærekandidatar blir dette rekna som gyldig bevis:
- Personleg ID-kort frå bedrifta, merka «Lærling» eller «Lærekandidat».
- Kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format).
- Stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, merkt med periode for lærekontrakt, namn og fødselsdato.
Dersom du i ein billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale gjeldande gebyr.
Her kan du kjøpe billett med studentrabatt
Vi oppfordrar alle til å kjøpe billett på førehand. Du kan kjøpe billett på mange ulike måtar:
Sjekk kva studentbilletten kostar
Her finn du informasjon om prisar på Skyss sine bussar, bybanen og båtrutene som har sonepris
Her finn du informasjon om prisar på dei andre båtrutene
Tips: Hugs at dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland.
Er du under 21 år?
Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 395 kroner i månaden.