Rabattar og kategoriar på båt
Her finn du oversikt over kva rabattar og aldersgrenser som gjeld på båtrutene. Reisande betaler ulik pris, avhengig av kva kategori dei høyrer til.
Vaksen
Du blir rekna som vaksen frå du fyller 18 år til og med 66 år. Vaksne betaler ordinær pris. Dersom du ikkje høyrer til ein kategori som har rett til rabattert pris, betaler du ordinær pris.
Barn
Barnebilletten gjeld for barn frå 6 til og med 17 år, og kostar om lag halv pris av vaksenbilletten. Barn under 6 år reiser gratis.
Barn under 12 år kan ikkje reise åleine med båt, og må reise saman med nokon over 16 år.
Ved tvil om alder kan båtmannskap og kontrollør krevje å få sjå gyldig legitimasjon.
Makspris for barn på lange reiser
Når barn reiser saman med ein vaksen, kostar barnebilletten maks 196 kroner uansett kor lang reisa er.
- For å få makspris på barnebilletten må den vaksne ha ein vaksenbillett og du må kjøpe alle billettane samtidig.
- Makspris for barnebillett gjeld ikkje dersom den vaksne har honnør-, student eller militærbillett.
- Maksprisen gjeld for inntil fire barn per vaksen.
- Merk: Når du kjøper tur-retur-billett og betaler makspris for barnebilletten, får den vaksne og barna ikkje tur-retur-rabatt i tillegg.
Honnør
Honnørreisande får om lag 50 prosent rabatt på ordinær pris på alle billettar.
Honnørrabatten gjeld for
- personar som har fylt 67 år
- personar med honnørkort frå Nav
- blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort
- ektefelle eller partnar (registrert etter ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett
Hugs gyldig bevis
Dersom båtmannskap eller kontrollør spør, må du kunne vise at du har krav på rabatt. Dersom du er over 67 år, er legitimasjon med bilde som viser alderen din rekna som gyldig bevis på at du har krav på honnørrabatt.
Honnørbillett for reisande under 67 år er gyldig ved framvising av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:
- Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land, må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og legitimasjon med bilde.
- Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) som er sendt ut av Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde og legitimasjon med bilde.
Det er Nav som sender ut honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.
Dersom du har spørsmål som gjeld vilkår og utsending av honnørkort, kan du kontakte Nav, Norges Blindeforbund eller Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde direkte.
Ungdom
For deg mellom 16 til og med 20 år, anbefaler vi 30-dagars ungdomsbillett til 395 kr.
Med ungdomsbillett kan du reise så mykje du vil med buss, bybane, båt, tog og ferje i heile Vestland.
Student
Du som er student får om lag 40 prosent rabatt på alle båtbillettar.
Studentrabatten gjeld for:
- Studentar/elevar som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule, universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studiebelastninga svare til eit årskurs.
- Lærlingar og lærekandidatar på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4
- Vaksne framandspråklege som på fulltid får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktningar i introduksjonsprogrammet
Hugs gyldig bevis
Dersom båtmannskap eller kontrollør spør, må du kunne vise at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Gyldig bevis må vise namn, fødselsdato, studiestad og at det gjeld dette semesteret.
Følgande bevis er gyldige:
- studiekort/studentbevis på mobilen som stadfestar at du er student dette semesteret
- dokumentasjon frå skole som stadfestar skolegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med bilde
Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort. (ANSA-kort blir ikkje godteke.) Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.
Gyldig dokumentasjon for lærlingar/lærekandidatar er:
- personleg ID-kort frå bedrifta merka med «lærling» eller «lærekandidat»
- kopi av lærekontrakten (digitalt eller fysisk)
- stadfesting frå bedrifta om at du er lærling/lærekandidat, med perioden for lærekontrakten, namn og fødselsdato
Studiebeviset for vårsemesteret gjeld til og med august, og studiebeviset for haustsemesteret gjeld ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for bruk av periodebillett med studentrabatt 31. august og 31. januar.
Dersom du ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale det gjeldande gebyret.
Militær
Dersom du er vernepliktig i førstegongsteneste, kan du kjøpe militærbillett. På reiser over 15 kilometer betaler du som er vernepliktig i førstegongsteneste om lag halv pris av ordinær pris på enkeltbillettar og tur-retur-billettar.
Militærrabatten gjeld for den tenesteperioden som er oppført på Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID fungerer som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis. Militærrabatten gjeld berre norske statsborgarar som er knytta til det norske forsvaret.
Følgeperson
Følgepersonar til personar med nedsett funksjonsevne som har følgekort og gyldig billett, reiser gratis med alle våre transportmiddel. Følgepersonen treng ikkje eigen billett.
Grupperabatt
Når du kjøper billett til ti eller fleire personar samtidig, får du 17 prosent grupperabatt på vaksenbillettar.
I appen Skyss Billett og i nettbutikken blir grupperabatten automatisk rekna ut når du kjøper billettane.
Hugs at:
- Du får grupperabatt på enkeltbillettar til vaksen. Rabatten kan ikkje kombinerast med andre rabattar.
- Dersom gruppa inkluderer reisande som har billett for barn, student, honnør eller militær, vil dei telle med i talet. Men dei får ikkje grupperabatt i tillegg til annan rabatt, for eksempel studentrabatt.
- Barn under 6 år reiser gratis.
Sykkel
Dersom det er ledig plass, er det gratis å ta med sykkel, elsykkel, elsparkesykkel og sparkesykkel.
Kjæledyr
Du kan ta med deg kjæledyr på båten dersom det er plass og dyret ikkje er til sjenanse for andre reisande. Kjæledyr skal sikrast i band eller bur, sitte på fanget eller på golvet, og dei skal ikkje hindre fri passasje under transporten. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli vist vekk.
Dersom du reiser med kjæledyr og har overgang til tog eller ekspressbuss, må du vere merksam på at dei har eigne reglar.
Reglane gjeld på desse båtrutene
- 192 Måløy-Silda
- 193 Måløy-Gangsøy-Risøy
- 290 Kystvegekspressen
- 391 Hardbakke-Nåra-Mjømna
- 392 Hardbakke-Kolgrov-Utvær
- 393 Nord-Solund
- 394 Gåsvær-Midtre Solund-Hardbakke
- 395 Gulen-Ytre Solund
- 1190 Vik-Ortnevik
- 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
- 2078 Austevoll lokalbåt
- 2080 Sunnhordland-Austevoll-Bergen
Dersom du skal reise med Askøybåten, Nordhordlandsbåten eller på båtrutene i Florabassenget, gjeld same reglar som på buss. Her finn du informasjon om reglar som gjeld for buss, bybane og båtruter med sonepris.
Prisar for alle båtruter finn du her.Informasjon om båtruter med eigne prisar