Hopp til hovedinnald

Bestill Skysskort

Logg inn i nettbutikken

Slik brukar du Skysskortet

  • Opprett ein konto i Skyss nettbutikk, og registrer Skysskortet ditt der. 
  • Kjøp billetten du vil ha i nettbutikken. Du kan sjølv bestemme kva tidspunkt billetten skal gjelde frå. Billetten blir knytta til Skysskortet ditt.
  • Hugs å ha med deg Skysskortet når du reiser.
  • Ved billettkontroll viser du Skysskortet og eventuell dokumentasjon dersom du har kjøpt ein billett med rabattert pris (f.eks studentbevis dersom du har kjøpt ein studentbillett). Skysskortet er knytt til kontoen din i nettbutikken, og kontrollørane kan på den måten sjekke Skysskortet for gyldig billett. Du treng ikkje vise Skysskortet om bord når du reiser i Hordaland. På reiser i Sogn og Fjordane viser du Skysskortet ditt til sjåføren/mannskapet når du går om bord.

Fleire underbrukarar på same konto
Du kan berre ha eitt Skysskort registrert på deg i nettbutikken. Men du kan også ha Skysskort registrert på underbrukarar på din konto, til dømes til barn eller andre familiemedlemmer. 

Les meir om nettbutikken her

Her kan du bruke Skysskortet

Du kan bruke Skysskortet på reiser med

  • Skyss sine bussar
  • Skyss sine båtar
  • bybanen i Bergen
  • tog mellom Bergen og Voss.

Har du mista Skysskortet?

Dersom du mistar Skysskortet, gjer du følgande

  • Gå til nettbutikken og slett det aktuelle Skysskortet.
  • Bestill eit nytt Skysskort og registrerer det i nettbutikken. Då kan du bruke det nye Skysskortet på lik linje som det gamle.
  • Medan du ventar på at nytt Skysskort skal kome i posten, må du ha med kvittering frå nettbutikken for å kunne reise dersom du har gyldige billettar i nettbutikken.  

NB: Nettbutikken og appen Skyss Billett er to forskjellige system. Billettar i appen Skyss Billett-appen er ikkje tilgjengelege i nettbutikken, og motsett.