Kjøp enkeltbillett og 24-timarsbillett
Du kan kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett om bord.
Slik betaler du:
- Du kan betale med kontantar eller bankkort.
- Du får alltid ein papirlapp som billett og kvittering.
- Dersom du betaler med bankkort, kan også bankkortet fungere som billett.
Godkjente bankkort:
- Visa: debet– og kreditkort
- Mastercard: debet– og kreditkort
- Maestro: debetkort
Betalinga med bankkort skjer kontaktlaust, ved at du legg kortet ditt på bankterminalen. I nokre tilfelle må du sette inn kortet og taste PIN-koden. Du kan også betale med smarttelefon eller smartklokke dersom eit godkjent bankkort er registrert.
På bybanen
Kjøp billett på førehand
Du kan ikkje kjøpe billett om bord på bybanen.
Vi oppfordrar alle til å kjøpe billett på førehand. Du kan kjøpe billett her:
På båten
Kjøp enkeltbillett, 24-timarsbillett og tur-retur-billett
På Askøybåten, Nordhordlandsbåten og båtrutene i Florabassenget kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett. På andre båtruter kan du kjøpe enkeltbillett og tur-retur-billett.
Slik betaler du:
- Du kan betale med kontantar eller bankkort.
- Du får alltid ein papirlapp som billett og kvittering.
- Dersom du betaler med bankkort, kan også bankkortet fungere som billett.
Godkjente bankkort:
- Visa: debet– og kreditkort
- Mastercard: debet– og kreditkort
- Maestro: debetkort
Betalinga med bankkort skjer kontaktlaust, ved at du legg kortet ditt på bankterminalen. I nokre tilfelle må du sette inn kortet og taste PIN-koden. Du kan også betale med smarttelefon eller smartklokke dersom eit godkjent bankkort er registrert.
Bankkort som billett
Slik fungerer bankkort som billett
Når du betaler med bankkort på buss eller båt, blir billetten knytt til kortet. Det gjer at du kan bruke bankkortet ditt som billett i ein billettkontroll.
- Alle bankkort har fleire unike ID-nummer som berre kan bli henta når kortet blir brukt i ein kortterminal. ID-nummer blir brukt til å identifisere bankkortet, då risikoen for misbruk er svært låg. Det unike ID-nummeret (PAR) er det same som gjer det mogleg å bruke tenester som Apple Pay, Google Pay og liknande, der det fysiske bankkortet er erstatta med ID-nummer.
- Når du betaler ein billett med bankkort, blir ID-nummeret kopla til billetten. Dette gjer det mogleg å sjå kva billettar som er kjøpte med eit bestemt bankkort i ein kontrollsituasjon, eller ved nye kjøp.
- ID-nummeret som blir lagra i billettsystemet, er ikkje mogleg å spore tilbake til ein person, og er berre synleg for autorisert personell. Det blir altså ikkje lagra personleg informasjon i samband med billettkjøpet.
Sjekk billetten på bankkortet
Det er enkelt å sjekke billettar som er knytte til bankkortet ditt:
- Tæpp bankkortet: Du kan tæppe bankkortet, smarttelefonen eller smartklokka du betalte med, på ein bankterminal på buss eller båt. Du får då informasjon om du har ein gyldig billett, og kor lenge han er gyldig. Du kan også tæppe bankkortet på billettautomatar langs bybanen.
- Sjekk billetten på skyss.no: Legg inn kortinformasjon her for å få opp ei oversikt over alle billettar du har kjøpt bankkort om bord på buss og båt, og på billettautomat. Dersom du har ein gyldig billett, vil du sjå kor lenge han er gyldig. Du kan også skrive ut kvittering ved behov.