Hopp til hovedinnald

Frå 1. mai kan passasjerar kjøpe alle båtbillettar i Sogn og Fjordane i appen Skyss Billett og nettbutikken.  

Appen Skyss Billett

Du kan kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar til vaksen og barn med telefonen din. I appen kan du betale med Vipps, bankkort, mobilkonto eller telefonrekning. Når du brukar appen Skyss Billett i Sogn og Fjordane, viser du billetten i appen til mannskapet når du går om bord.

Les meir om appen Skyss Billett

Nettbutikken

I nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar til vaksen og barn. Du kan velje mellom å knytte billetten til eit Skysskort, sende den på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir. Du kan betale med Vipps eller bankkort, og bestemmer sjølv kva tidspunkt billetten skal gjelde frå. Når du brukar billettar frå nettbutikken i Sogn og Fjordane, viser du billetten til mannskapet når du går om bord.

Les meir om nettbutikken

Om bord

Du kan kjøpe enkeltbillett og periodebillett om bord. Du kan betale med kontantar, bankkort og Kringom verdikort. Du får ein papirlapp som billett og kvittering. 

Kringom verdikort for båt

Kringom verdikort fungerer som eit reisekort du fyller pengar på. Du kan bruke kortet som betaling på dei fleste båtreiser i Sogn og Fjordane. Du kjøper verdikortet om bord.

Les meir om verdikort

Når du skal ha med køyretøy på båt

På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy. Det er avgrensa plass til køyretøy, og du må difor bestille plass på førehand. 

På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy. Det er avgrensa plass til køyretøy, og du må difor bestille plass på førehand. Du kan bestille plass inntil 4 veker før avgangen. Når du skal ha med bil, må du møte på kaia 10 minutt før avgang for å ikkje miste plassen.

  • Du bestiller plass ved å ringe telefon 94 83 86 99.  
  • Du kan ringe mellom klokka 09.00 og 14.00 på kvardagar.  

Hugs at du må avbestille plass som du ikkje skal bruke. Ring då same telefonnummer.

Dette gjeld følgande samband:

  • 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)
  • 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
  • 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
  • 1190 Vik-Ortnevik

 

 

Anna nyttig informasjon for deg som skal reise med båt i Sogn og Fjordane

 

Takk for at du hjelper oss å bli betre!

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.