Kom deg rundt med ungdomsbillett
Reis så mykje du vil i heile Vestland med 30-dagars ungdomsbillett.
Er du eldre enn 16 og ikkje fylt 21 år? Då kan du komme deg enkelt rundt med ungdomsbilletten – vår beste periodebillett!
Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil med buss, bybane, tog og båt, i heile Vestland i 30 dagar. Og den kostar berre 395 kroner!
Velkommen om bord!
Kven kan reise med ungdomsbillett?
Du kan bruke 30-dagars ungdomsbillett frå dagen du fyller 16 år, og til og med den månaden du fyller 21 år. Når du reiser med ungdomsbillett må du hugse å ha med gyldig legitimasjon som viser kor gamal du er!
Dersom du ikkje har fylt 16 år, kan du likevel kjøpe ungdomsbillett dersom du er elev i vidaregåande skole. I ein kontroll må du kunne vise inntaksbeviset ditt for å bevise at du er elev i den vidaregåande skolen.
Ungdomsbilletten er ein upersonleg billett og kan brukast av andre. Men den kan berre brukast av ein person om gongen. Personen som skal bruke ungdomsbilletten må uansett vere mellom 16 og 21 år.
Tips: Etter at du har fylt 21 år kan du kjøpe 7-, 30- eller 180-dagarsbillett for vaksen eller student.
Kvar kan du bruke ungdomsbilletten?
Bussar og bybanen
Ungdomsbilletten gjeld i heile Vestland, på alle Skyss sine bussar og på bybanen.
I tillegg til Skyss sine bussar, kan du bruke ungdomsbillett til å reise med:
- Kolumbus sine bussar i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
- Trygt heim-ruter
- Flybuss i Førde og Sogndal
NB: Ungdomsbilletten gjeld ikkje på Flybussen i Bergen.
Båt
Alle båtruter i Vestland med følgande unntak:
- Båtrute Osterfjorden
- Geitanger – Knappskog
- Turistrute Hardanger (Norheimsund – Herand – Utne – Kinsarvik – Lofthus – Ulvik – Eidfjord)
Ekspressbåt
Du kan også bruke ungdomsbillett på reiser med Norled sine ekspressbåtruter mellom Sogn og Bergen, og mellom Nordfjord og Bergen.
Reservere plass på ekspressbåt
Du som reiser med ungdomsbillett kan enkelt reserve plass på norled.no.
Ferje
Du kan bruke ungdomsbillett til å reise med alle ferjesamband i Vestland. Dei fleste ferjesamband brukar AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du bruke ungdomsbilletten.
Ekspressbuss
Ungdomsbillett kan brukast til å reise med Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med unntak av ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane
- mellom Bergen busstasjon og Knarvik
- mellom Bergen busstasjon og Halhjem
- mellom Bergen busstasjon og Trengereid
Reservere plass på ekspressbuss
Ver merksam på at du som reiser med ungdomsbilletten ikkje har plassgaranti på ekspressbussane. På fleire av ekspressrutene kan du reservere plass mot at du betaler eit pristillegg.
- For Vy sine ruter, sjå Vy.no for meir informasjon.
- For Nor-Way sine ruter, sjå Nor-Way.no for meir informasjon.
Tog
Med ungdomsbillett kan du reise på avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen/Arnalokalen).
Merk: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo), Flåmsbana eller på andre andre private buss-, båt- og ferjeruter i Vestland.
Slik kjøper du ungdomsbillett
Her kan du kan kjøpe 30-dagars ungdomsbillett
Ungdomsbillett på Skysskort
Når du kjøper ungdomsbillett i Skyss nettbutikk eller på kundesenteret, må du ha Skysskort. Her kan du bestille Skysskort.
Dersom du har ungdomsbilletten din på Skysskort, må du hugse å ta vare på kvitteringa som viser kor lenge billetten er gyldig. Denne må du kunne vise på reiser med tog, ekspressbuss og ekspressbåt. I nettbutikken finn du enkelt kvittering for billetten din.
Billettkontroll
Når du reiser med 30-dagars ungdomsbillett blir gyldig identitetskort med namn, fødselsdato og bilde, bankkort med bilde eller pass rekna som gyldig legitimasjon.