Reiserabatt - for deg som reiser av og til
Du får automatisk rabatt når du kjøper enkeltbillett for vaksen i appen Skyss Billett. Maks rabatt er 40 prosent.
Reiserabatten er ei rabattordning som gir deg ein personleg rabatt basert på kor ofte du reiser. Den er perfekt for deg som reiser mindre enn sju enkeltreiser i veka eller ikkje veit heilt kor mykje du skal reise framover.
Slik fungerer rabatten
Kor mykje rabatt du får, kjem an på kor ofte du reiser. Med reiserabatt vil du opparbeide deg ein personleg rabatt basert på kor mange enkeltbillettar du har kjøpt dei siste 30 dagane. Jo oftare du reiser, jo billigare blir det.
- Kjøp ein enkeltbillett for «vaksen» for buss/bybane og enkelte båtar i appen Skyss Billett som vanleg.
- Rabatten startar frå billettkjøp nummer to og vil gradvis auke jo fleire billettar du kjøper i løpet av 30 dagar.
- Dei første 30 dagane vil kvar reise ta deg eitt steg høgare på rabattstigen.
- Etter dei første 30 dagane vil rabatten din flate ut. Den vil fortsette å ligge på same nivå dersom du har eit fast reisemønster. Rabatten blir alltid rekna ut frå den dagen du skal kjøpe billett og 30 dagar tilbake i tid.
- Dersom du reiser meir enn vanleg, vil rabatten din gå opp. Om du reiser mindre enn vanleg, vil rabatten din gå ned. Rabatten går berre ned til null dersom du ikkje har kjøpt nokon enkeltbillettar i løpet av dei siste 30 dagane.
- I appen Skyss Billett finn du di personlege side, Min reiserabatt. Den held også teljinga på billettkjøpa dine, reknar ut prisen på den neste billetten din og kor mykje du har spart totalt.
Merk: Reiser du i gjennomsnitt meir enn 4 enkeltreiser per veke, vil det som oftast lønne seg med 30-dagars billett. Reiser du i gjennomsnitt meir enn 3-4 reiser i veka, løner det seg med ein 180-dagars periodebillett.
Her er tre eksempel på kor mykje reiserabatt du kan oppnå, dersom du har eit fast reisemønster med reiser i ei sone:
Reiser per 30 dagar | Rabatt | Billettpris |
4 dagar (8 reiser) | 15 % | 39,95 kroner |
8 dagar (16 reiser) | 25 % | 35,25 kroner |
12 dagar (24 reiser) | 33 % | 31,49 kroner |
Her er alle prisane du får med reiserabatten
Prisar for vaksen med reiserabatt i kroner
Billettkjøp | Rabatt | 1 sone | 2 soner | 3 soner | 4 - 10 soner |
1 | 0,00 % | 47 | 72 | 124 | 175 |
2 | 2,50 % | 45,83 | 70,20 | 120,90 | 170,63 |
3 | 5,00 % | 44,65 | 68,40 | 117,80 | 166,25 |
4 | 7,00 % | 43,71 | 66,96 | 115,32 | 162,75 |
5 | 9,00 % | 42,77 | 65,52 | 112,84 | 159,25 |
6 | 11,00 % | 41,83 | 64,08 | 110,36 | 155,75 |
7 | 13,00 % | 40,89 | 62,64 | 107,88 | 152,25 |
8 | 15,00 % | 39,95 | 61,20 | 105,40 | 148,75 |
9 | 17,00 % | 39,01 | 59,76 | 102,92 | 145,25 |
10 | 19,00 % | 38,07 | 58,32 | 100,44 | 141,75 |
11 | 20,00 % | 37,60 | 57,60 | 99,20 | 140 |
12 | 21,00 % | 37,13 | 56,88 | 97,96 | 138,25 |
13 | 22,00 % | 36,66 | 56,16 | 96,72 | 136,50 |
14 | 23,00 % | 36,19 | 55,44 | 95,48 | 134,75 |
15 | 24,00 % | 35,72 | 54,72 | 94,24 | 133 |
16 | 25,00 % | 35,25 | 54 | 93 | 131,25 |
17 | 26,00 % | 34,78 | 53,28 | 91,76 | 129,50 |
18 | 27,00 % | 34,31 | 52,56 | 90,52 | 127,75 |
19 | 28,00 % | 33,84 | 51,84 | 89,28 | 126 |
20 | 29,00 % | 33,37 | 51,12 | 88,04 | 124,25 |
21 | 30,00 % | 32,90 | 50,40 | 86,80 | 122,50 |
22 | 31,00 % | 32,43 | 49,68 | 85,56 | 120,75 |
23 | 32,00 % | 31,96 | 48,96 | 84,32 | 119 |
24 | 33,00 % | 31,49 | 48,24 | 83,08 | 117,25 |
25 | 34,00 % | 31,02 | 47,52 | 81,84 | 115,50 |
26 | 35,00 % | 30,55 | 46,80 | 80,60 | 113,75 |
27 | 36,00 % | 30,08 | 46,08 | 79,36 | 112 |
28 | 37,00 % | 29,61 | 45,36 | 78,12 | 110,25 |
29 | 38,00 % | 29,14 | 44,64 | 76,88 | 108,50 |
30 | 39,00 % | 28,67 | 43,92 | 75,64 | 106,75 |
31 | 40,00 % | 28,20 | 43,20 | 74,40 | 105 |
32 | 40,00 % | 28,20 | 43,20 | 74,40 | 105 |
Rabatten viser kor mykje rabatt du får om du har det oppgitte billettkjøp innanfor 30 dagar.
Ved kjøp av 31 billettar, har du oppnådd maksimal rabatt. Kjøper du meir enn 31 billettar, blir prisen 28,20 for kvar billett etter dette i ei sone.
Slik ser det ut i appen Skyss Billett. Når prisen for vaksen kjem i grøn farge, får du reiserabatt, og du kan sjå kor mykje rabatten er no. Sjå heilt nede på denne sida for video av når ein kjøper ein billett med reiserabatt. Har du ikkje automatisk oppdatering av appen, må du oppdatere den.
Spørsmål og svar om reiserabatten
Kva er reiserabatt?
Reiserabatt er ein ny rabatt frå Skyss som blei innført 1. februar 2024. Når du kjøper enkeltbillettar for vaksen i appen Skyss Billett, får du rabatt frå billett nummer to viss du kjøper fleire billettar innanfor ein periode på 30 dagar. Jo fleire billettar du kjøper innanfor denne perioden, jo større blir rabatten på neste billett. Maksimal rabatt på 40 prosent får du ved kjøp av billett nummer 31 i løpet av 30 dagar. Den personlege rabatten din vil du alltid finne i appen Skyss Billett under Min reiserabatt.
Når kan eg ta i bruk reiserabatten?
Rabatten gjeld frå billett nummer to du kjøper i appen Skyss Billett.
Hugs å oppdatere appen
Dersom du ikkje har skrudd på automatisk oppdatering må du manuelt oppdatere appen Skyss Billett. Dette gjer du ved å finne Skyss Billett-appen i App Store (iPhone) eller Google Play Store (Android).
Kva må eg gjere for å få rabatt?
Ingenting. Når du kjøper ein enkeltbillett for vaksen i appen Skyss Billett får du automatisk rabatt. Din første billett vil ha fullpris. Ved kjøp nummer to innanfor 30 dagar, får du fram ein ny pris som har fargen grøn, som er den prisen du skal betale med rabatten.
Men kanskje må du oppdatere appen
Dersom du ikkje har skrudd på automatisk oppdatering må du manuelt oppdatere appen Skyss Billett. Dette gjer du ved å finne Skyss Billett-appen i App Store (iPhone) eller Google Play Store (Android).
Kven får reiserabatt?
Dei som kjøper «vaksen» enkeltbillett i appen Skyss Billett, og som reiser meir enn ein gong i løpet av ein periode på 30 dagar. Det gjeld billetten for Skyss sine bussar, bybane og båtar som har sonepris.
Reiserabatten gjeld for alle soner, og kjem automatisk for alle som kjøper vaksenbillett i appen. Du treng difor ikkje gjere noko spesielt for å få rabatt.
Kor mykje rabatt får eg?
Rabatten blir rekna løpande ut frå kor mange reiser du har gjennomført dei siste 30 dagane. Rabatten startar på billett nummer to og er då på 2,5 prosent. Deretter aukar rabatten etter kvart som du kjøper fleire billettar. Den aukar mest for dei 10 første billettane.
På billett nummer 11 får du 20 % rabatt,
På billett nummer 21 får du 30 % rabatt.
Maksimal rabatt kan du få ved kjøp nummer 31, då blir rabatten 40 prosent. Kjøper du fleire billettar enn 31 i løpet av 30 dagar, vil alle billettane etter det ha 40 prosent rabatt. Reiser du sjeldnare igjen, vil rabatten gå ned i same frekvens som den auka.
Din personlege rabatterte pris vil alltid vise i appen Skyss Billett når du skal kjøpe din neste billett. Du kan ikkje samle opp rabatten og bruke han til andre billettar eller spare til seinare.
Kven får ikkje denne rabatten?
Rabatten gjeld ikkje for andre billettypar enn enkeltbillett for «vaksen» i appen. Barn, honnør og student har andre rabattar allereie. Rabatten gjeld heller ikkje om du kjøper billett på billettautomat, i nettbutikk eller om bord. Rabatten gjeld heller ikkje på båtane som ikkje har sonepris. Les meir om båtprisar.
Korleis kan eg sjå korleis eg ligg an på rabattstigen?
Når du har kjøpt billett i appen Skyss Billett, får du opp teksten «Spar meir på neste billett» som tek deg vidare til sida «Min reiserabatt». Du finn også denne sida i menystrukturen i appen under «Min reiserabatt».
Her ser du korleis du ligg an i talet på billettar, kva rabatt du får på neste billett, og kor mykje du har spart sidan du starta med reiserabatt.
På denne sida er det også ei lenke til meir informasjon på skyss.no.
Kva billettype lønner seg for meg, enkeltbillett eller periodebillett?
Sidan reiserabatten stig om du reiser meir, og minkar om du reiser mindre, blir det individuelt kva som lønner seg for deg. På «Min reiserabatt» i appen Skyss Billett kan du følge med på kor mykje du har betalt og kor mykje det ville kosta uten reiserabatten dei siste 30 dagar. Då kan du samanlikne det du har betalt med ein periodebillett.
Dei første 30 dagane du reiser med enkeltbillett, vil du opparbeide deg meir og meir rabatt. Viss du har eit fast reisemønster, vil du då sjå kva rabattnivå du vil ligge på med det talet på reiser du har i gjennomsnitt i løpet av 30 dagar.
NB: Dei første 30 dagane du reiser med reiserabatten vil koste meir enn dei neste 30 dagane med like mange reiser. Det er fordi dei første 30 dagane opparbeider du deg rabatt. Billettane etter dette vil gi deg den opparbeidde rabatten for din neste billett.
Kva skjer med grupperabatt viss eg kjøper 10 billettar eller meir?
Du vil alltid få den billigaste prisen. Viss du kjøper 10 billettar før du har oppnådd 17 prosent reiserabatt i appen, vil du få grupperabatten på 17 prosent. Dersom du for eksempel har oppnådd 26 prosent rabatt i appen før du kjøper dei 10 billettane, vil du få reiserabatt på 26 prosent på alle dei 10 billettane.
Opparbeider eg meg rabatt når eg kjøper periodebillettar?
Nei, reiserabatten har ingen samanheng med periodebillettar. Periodebillett er ein annan type rabatt som fungerer som før, med ein fast pris for 7, 30 eller 180 dagar.
Vil neste billett alltid bli billigare?
Nei, det er ikkje nødvendigvis slik at det alltid blir billigare. Det kjem an på kor regelmessig du har reist dei siste 30 dagane. Det er alltid talet på reiser dei siste 30 dagane som avgjer kva rabatt du får.
Dersom eg kjøper fleire billettar samtidig, får eg rabatt på alle billettane?
Ja, dersom billettane er enkeltbillett for vaksen, får du rabatt på alle billettane. Du får då same pris på alle billettane etter kva rabatt du har akkurat no. På sida «Min reiserabatt» kan du sjå at talet på billettar har auka tilsvarande det talet du kjøpte, og du gjer eit hopp på rabattstigen.
Får eg familierabatt samtidig med reiserabatt?
Ja, familierabatten gjeld akkurat som før. Reiser du med inntil fire barn og får familierabatt, vil du få han i tillegg til reiserabatten.
Kva om eg kjøper billett i Vy- eller Entur-appen?
Når du kjøper enkeltbillett for vaksen for Vestland i appane til Entur og Vy, får du også automatisk reiserabatt som aukar etter kvart som du reiser. Men rabattane du opparbeider deg i kvar app, blir ikkje samordna. Det vil seie at du har separate rabattar for kvar app, og dei blir ikkje slått saman. Dermed må du reise med same app for å nytte deg av den oppsamla rabatten i den appen.
Video av korleis det ser ut i appen
Her er ein video som viser korleis det ser ut i appen Skyss Billett når du får reiserabatt. Eksempelet viser kjøp av billett med 26 prosent rabatt og på slutten ser du kva informasjon du kan sjå på sida «Min reiserabatt».
Eksempelet viser med prisane frå 1. februar 2024.