7-, 30- eller 180-dagarsbillett for båt
Med periodebillett for båt kan du reise så mykje du vil på den strekninga du kjøper billett for.
Her kan du bruke periodebilletten
Du bestemmer sjølv kva strekning periodebilletten skal gjelde for. Du kan kjøpe periodebillett for båt på følgande båtruter:
- 192 Måløy-Silda
- 193 Måløy-Gangsøy-Risøy
- 290 Kystvegekspressen
- 391 Hardbakke-Nåra-Mjømna
- 392 Hardbakke-Kolgrov-Utvær
- 393 Nord-Solund
- 394 Gåsvær-Midtre Solund-Hardbakke
- 395 Gulen-Ytre Solund
- 1131 Kaupanger-Frønningen
- 1190 Vik-Ortnevik
- 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
- 2078 Austevoll lokalbåt
- 2080 Sunnhordland-Austevoll-Bergen
Dersom du skal reise med periodebillett på Askøybåten, Nordhordlandsbåten eller på båtrutene i Florabassenget, må du kjøpe periodebillett som gjeld for buss. Her finn du informasjon om periodebilletten som gjeld for buss, bybane og båtruter med sonepris.
Slik fungerer periodebilletten
- Periodebilletten er gyldig i 7, 30 eller 180 dagar, og gjeld frå klokkeslett til klokkeslett.
- Du kan reise så mykje du vil i perioden på den strekninga du har kjøpt billett for.
- Du kan bruke billetten så lenge du går om bord mens billetten er gyldig. Dersom du skal byte undervegs og billetten er utløpt før du går om bord på neste transportmiddel, må du kjøpe ny billett.
Kven gjeld billetten for
- Du kan kjøpe periodebillett for båt til vaksen, barn, honnør og student. Billetten blir dyrare avhengig av kor lang strekning du kjøper billett for.
- Billetten er upersonleg og kan brukast av andre, men den kan berre brukast av ein person om gongen. Hugs at den som brukar periodebilletten alltid må oppfylle krav til alder og rabatt, for eksempel kan ikkje du som er vaksen reise med ein periodebillett som gjeld for barn.
- For å låne vekk billettar kjøpt i appen Skyss Billett, må du fysisk låne vekk telefonen din. For å låne vekk ein billett du har på Skysskort, må du låne vekk Skysskortet.
Hugs at du alltid skal vise fram billetten din når du går om bord. Ver oppmerksam på at båtmannskap og kontrollør kan krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.
Slik kjøper du periodebillett
Her kan du kjøpe periodebillett for båt:
Dersom du kjøper periodebillett i Skyss nettbutikk, må du ha Skysskort. Her kan du bestille Skysskort.
Når du kjøper periodebillett i appen Skyss Billett, blir billetten aktiv med ein gong. I nettbutikken kan du velje kva tidspunkt billetten skal gjelde frå.
Kombinasjonsbillettar for buss og båt
Dersom du reiser med buss i kombinasjon med ei båtrute som ikkje har sonepris, får du rabatt dersom du kjøper ein kombinasjonsbillett. Kombinasjonsbilletten består av ein periodebillett for ei eller fleire soner med buss, og ein periodebillett for ei bestemt båtstrekning. Du får 50 prosent rabatt på bussbilletten.
Du kan kjøpe kombinasjonsbillett i Skyss nettbutikk og vel sjølv om billetten skal gjelde for 7, 30 eller 180 dagar. Denne typen billett er ikkje tilgjengeleg i appen Skyss Billett eller om bord på buss eller båt.
Hugs at periodebillettar for buss også gjeld på Askøybåten, Nordhordlandsbåten og båtrutene i Florabassenget. Her treng du ikkje kombinasjonsbillett.