7-, 30- eller 180-dagarsbillett
Med periodebillett kan du reise så mykje du vil i prissona du har kjøpt billett for. Du kan reise med buss og bybane, i tillegg til nokre tog og båtar.
Informasjon om periodebillettar til Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter
Her kan du bruke periodebillett
Periodebillettar som gjeld for ei eller fleire soner kan du bruke på
- Skyss sine bussar
- Bybanen i Bergen
I tillegg er fleire av båtrutene i Vestland inkluderte i sonesystemet og har same pris som buss. Dette er
- Askøybåten, båtruta Kleppestø - Strandkaien (sone A)
- Nordhordlandsbåten, båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen (sone A)
- Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør) (sone H)
- Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest) (sone H)
Skal du reise med andre båtruter, finn du informasjon om periodebillett for båt her.
Periodebillett på tog, ekspressbuss og Osterøyferja
- Tog: Dersom du har 7-, 30 eller 180-dagars periodebillett for sonene A, E og F, kan du bruke periodebilletten på tog på heile strekninga mellom Bergen og Voss stasjon. Dette gjeld på Vossebanen og Arnalokalen. Her finn du meir informasjon om tog.
- Ekspressbuss: Dersom du har 30 eller 180-dagars periodebillett kan du med nokre unntak bruke denne på reiser med ekspressbuss i Vestland, så lenge du har billett for sona eller sonene du skal reise i. Meir informasjon om bruk av Skyss sine billettar på ekspressbuss finn du her.
- Osterøyferja: Dersom du har 7-, 30 eller 180-dagars periodebillett for sone A, kan du bruke denne på bussreiser med Osterøyferja. Merk at dersom du reiser med enkeltbillett eller 24-timars billett på bussen, må du kjøpe enkeltbillett til ferja av ferjemannskap.
Dersom du har periodebillett på Skysskort og skal reise med tog, ekspressbuss eller Osterøyferja, må du vise både Skysskortet og kvittering.
Slik fungerer periodebillett
Gyldigheit og soner
- Periodebilletten er gyldig i 7, 30 eller 180 dagar, og gjeld frå klokkeslett til klokkeslett.
- Du kan reise så mykje du vil i perioden i den prissona du har kjøpt billett for. Du kan kjøpe billett for fleire prissoner.
- Billetten blir dyrare avhengig av kor mange prissoner du skal reise i. Makspris er fire soner.
- Du kan bruke billetten så lenge du går om bord mens billetten er gyldig. Dersom du skal byte undervegs og billetten er utløpt før du går om bord på neste transportmiddel, må du kjøpe ny billett.
Kven gjeld billetten for
- Du kan kjøpe periodebillett til vaksen, barn, honnør og student.
- Billetten er upersonleg og kan brukast av andre, men den kan berre brukast av ein person om gongen. Hugs at den som brukar periodebilletten alltid må oppfylle krav til alder og rabatt, for eksempel kan ikkje du som er vaksen reise med ein periodebillett som gjeld for barn.
- For å låne vekk billettar kjøpt i appen Skyss Billett, må du fysisk låne vekk telefonen din. For å låne vekk ein billett du har på Skysskort, må du låne vekk Skysskortet.
Dersom du reiser i bergensområdet treng du ikkje vise fram billetten din når du går om bord. Dersom du reiser utanfor bergensområdet skal du alltid vise billetten til sjåfør eller båtmannskap når du går om bord. Du finn meir informasjon om ombordstiging her.
Her finn du prisar for alle periodebillettar
Her finn du informasjon om prissoner og sonekart
Slik kjøper du periodebillett
Her kan du kjøpe periodebillettar for 7, 30 eller 180 dagar
- Appen Skyss Billett
- Skyss nettbutikk
- Kundesenteret på Bergen busstasjon
- Vy-appen (sone A, E og F)
- Entur-appen
Dersom du kjøper periodebillett i Skyss nettbutikk eller på kundesenteret, må du ha Skysskort. Her kan du bestille Skysskort.
Hugs: Dersom du har periodebilletten din på Skysskort, må du i tillegg til kortet vise fram kvittering dersom du skal reise med tog, ekspressbuss eller Osterøyferja.
Prisar og prissoner
Det er ti prissoner i Vestland. Når du skal reise i ei sone, betaler du same pris uansett kor lang reisa er. Billettprisen stig for kvar sone du kjøper billett for, men du betaler aldri for meir enn fire soner.
Her finn du kart over prissonene og meir informasjon om korleis sonesystemet fungerer
Periodebillett for sone A gir deg gratis parkering
Dersom du har periodebillett for sone A, kan du parkere gratis på utvalde parkeringsplassar i Bergen og området rundt. Parkeringsordninga gjeld for bil, MC og moped. Hugs at du må ha parkeringsbevis.
Her finn du meir informasjon om parkeringsbevis og kollektivparkering
Familierabatt
Med familierabatt kan du som er over 18 år ta med deg opptil fire barn gratis. Rabatten gjeld kvar dag heile året.
Hugs at:
- Du må vere over 18 år og ha gyldig billett for vaksen, honnør, student eller militær. Du kan ikkje få familierabatt med Ungdomsbillett.
- Barna må vere mellom 6 og 18 år.
- Barn under 6 år reiser gratis.
Familierabatten gjeld på Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter. Ver merksam på at rabatten ikkje gjeld på flybussane i Førde og Sogndal.
Familierabatt på tog
Rabatten gjeld på tog mellom Bergen-Arna-Trengereid dersom du har enkeltbillett eller 24-timarsbillett for sone A, og på tog mellom Bergen-Voss dersom du har periodebillett (7, 30 eller 180 dagar) for sonene A, E og F.
Kombinasjonsbillettar for buss og båt
Dersom du reiser med buss i kombinasjon med ei båtrute som ikkje har sonepris, får du rabatt dersom du kjøper ein kombinasjonsbillett. Kombinasjonsbilletten består av ein periodebillett for ei eller fleire soner med buss, og ein periodebillett for ei bestemt båtstrekning. Du får 50 prosent rabatt på bussbilletten.
Du kan kjøpe kombinasjonsbillett i Skyss nettbutikk og vel sjølv om billetten skal gjelde for 7, 30 eller 180 dagar. Denne typen billett er ikkje tilgjengeleg i appen Skyss Billett eller om bord på buss eller båt.
Hugs at periodebillettar for buss også gjeld på Askøybåten, Nordhordlandsbåten og båtrutene i Florabassenget. Her treng du ikkje kombinasjonsbillett.