Hopp til hovedinnald

Du kan bruke enkeltbillett for båt når du reiser med ei av følgande båtruter:

  • 192 Måløy-Silda
  • 193 Måløy-Gangsøy-Risøy
  • 290 Kystvegekspressen
  • 391 Hardbakke-Nåra-Mjømna
  • 392 Hardbakke-Kolgrov-Utvær
  • 393 Nord-Solund
  • 394 Gåsvær-Midtre Solund-Hardbakke
  • 395 Gulen-Ytre Solund
  • 1131 Kaupanger-Frønningen
  • 1190 Vik-Ortnevik
  • 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
  • 2078 Austevoll lokalbåt
  • 2080 Sunnhordland-Austevoll-Bergen

Dersom du skal reise med enkeltbillett på Askøybåten, Nordhordlandsbåten eller på båtrutene i Florabassenget, må du kjøpe enkeltbillett som gjeld for buss. Her finn du informasjon om enkeltbilletten som gjeld for buss, bybane og båtruter med sonepris.

  • Enkeltbillett for båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt strekning. 
  • Billetten viser gyldig overgangstid, som vil variere avhengig av kva strekning billetten gjeld for.
  • Du kan kjøpe enkeltbillett for båt til vaksen, barn, honnør, student og militær. Billetten blir dyrare avhengig av kor lang strekning du kjøper billett for.

Hugs at du alltid skal vise fram billetten din når du går om bord. Ver oppmerksam på at båtmannskap og kontrollør kan krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa. 

Her finn du prisar for enkeltbillett på alle båtrutene.

Vi oppfordrar alle til å kjøpe billett på førehand. Her kan du kjøpe enkeltbillett for båt:

Når du kjøper enkeltbillett i appen Skyss Billett eller om bord, blir billetten aktiv med ein gong. I nettbutikken kan du velje kva tidspunkt billetten skal gjelde frå.

Når du kjøper billett til ti eller fleire personar samtidig, får du 17 prosent grupperabatt på vaksenbillettar.

appen Skyss Billett og i nettbutikken blir grupperabatten automatisk rekna ut når du kjøper billettane. 

Hugs at:

  • Du får grupperabatt på enkeltbillettar til vaksen. Rabatten kan ikkje kombinerast med andre rabattar på båt.
  • Dersom gruppa inkluderer reisande som har billett for barn, student, honnør eller militær, vil dei telle med i talet. Dei får ikkje grupperabatt i tillegg til annan rabatt, for eksempel studentrabatt. 
  • Barn under 6 år reiser gratis.

Her finn du prisar for enkeltbillett på alle båtrutene. 

Når du skal ha med køyretøy på båt

På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy.

På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy. Det er avgrensa plass til køyretøy, og du må difor bestille plass på førehand. Du kan bestille plass inntil 4 veker før avgangen. Når du skal ha med bil eller anna køyretøy, må du møte på kaia 10 minutt før avgang for å ikkje miste plassen.

Slik bestiller du plass:
Bestill plass til køyretøy via bestillingskjema på Norled sine nettsider. 

Hugs at du må avbestille plassar som du ikkje skal bruke. Bruk lenka du fekk i e-posten med stadfesting av bestillinga di, for å avbestille plassen.  

Du kan bestille plass til køyretøy på følgande samband:

  • 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)
  • 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
  • 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
  • 1190 Vik-Ortnevik

Rabattreglane for køyretøy på båt finn du i Riksregulativet for ferjetakstar.

Under finn du informasjon om prisar for køyretøy på dei ulike båtrutene.

291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)

292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest) 

1190 Ortnevik-Måren-Nordeide

1190 Vik-Ortnevik