Hopp til hovedinnald

24-timarsbilletten for Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter gjeld på følgande båtruter:

  • Askøybåten - båtruta Kleppestø–Bergen
  • Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik–Frekhaug–Bergen
  • båtrutene i Florabassenget: Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy, Florø–Rognaldsvåg–Kinn, Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy og Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn

Slik fungerer 24-timarsbilletten

Du kan kjøpe 24-timarsbillett for kategoriane vaksen, barn, honnør, student og militær. Billetten er gyldig i 24 timar frå tidspunktet du kjøper den.

24-timarsbilletten er ein upersonleg billett som kan brukast av andre, men den kan berre brukast av ein person om gongen. Personen som brukar 24-timarsbilletten må alltid tilfredsstille krav til alder og rabattar.

Du kan kjøpe 24-timarsbillett for ei eller fleire soner. 

24-timarsbillett for Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter kan også brukast på reiser med tog i sone A, mellom Bergen og Arna/Trengereid.

Slik kjøper du 24-timarsbillett

Du kan kjøpe 24-timarsbillett på følgande måtar:

Familierabatt

Hugs at du som reiser med 24-timarsbillett for vaksen, student, honnør eller militær på Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter, kan få familierabatt.