Skoleskyssbillett
Elevar ved alle grunnskole- og vidaregåande skoler i Vestland som har rett på gratis skoleskyss, får skoleskyssbillett mellom heim og skole på skoledagar.
Elevar i barneskole får skoleskyssbilletten på eit personleg skolekort. Elevar i ungdomsskole eller videregåande skole kan velje om dei vil ha skoleskyssbilletten på eit skolekort eller i appen Skyss Billett.
Elevar med rett på skoleskyss får to skoleskyssbillettar kvar dag. Éin frå heim til skole som kan nyttast i tidsrommet kl. 06:00-12:00, og éin frå skole til heim som kan nyttast i tidsrommet kl. 12:00-19:00 for elevar ved barne- og ungdomsskole og kl.12:00-22:00 for elevar ved vidaregåande skole. Skal ein reise andre stader, må ein kjøpe eigen billett til dette.
Skoleskyssbillett på skolekort
Frå og med skolestart 15. august 2024 får alle elevar i Vestland med rett til skoleskyss, nye skolekort.
Elevane kan reise gratis til skolen første skoledag, kor dei då vil få utlevert skolekort på skolen.
Meir informasjon om det nye skolekortet
Dei nye skolekorta er like for heile Vestland og dei er personlege. Frå den dagen eleven får sitt nye personlege skolekort, ligg eleven sin skoleskyssbillett i skyen og er knytt til kortnummeret på kortet.
Kortet viser følgjande:
- Namn til elev
- Elev-ID
- Informasjon om gyldig reisestrekning (ligg i skyen, synleg for vektar i billettkontroll)
- Informasjon om eleven sin reiserett
- Kortnummer
Slik vil kortet sjå ut
Kva skjer med dei gamle skolekorta?
Dei gamle skolekorta vil ikkje lenger vere gyldige og skal leverast til skolen for makulering.
Skoleskyssbillett på mobil
Elevar i ungdomsskolen og vidaregåande skole kan velge å ha skoleskyssbilletten i appen Skyss Billett.
Skoleskyssbillett på mobilen skal bidra til;
- ein enklare kvardag for elevane
- mindre administrasjon for skolane
- ei meir berekraftig og brukarvennleg løysing
Sjå korleis du får skoleskyssbilletten din på mobil
Kva må du som elev på ungdomsskolen gjere for å bruke skoleskyssbillett på mobil?
- Meld frå til skolen om at du ønskjer skoleskyssbillett på mobil og oppgje telefonnummeret ditt.
- Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
- Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir til skolen.
- Når skolen har registrert at du ønsker skoleskyssbillett på mobil og søknad om skoleskyss er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skoledagar.
- Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Kva må du som elev i vidaregåande skole gjere for å ta i skoleskyssbillett på mobil?
Elevar som berre treng buss og bur utanfor ungdomsbillettområdet, kan søkje om skoleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på skuleskyss.vlfk.no og logge inn som ELEV.
Skolen må søke for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod.
Elevar kan sjølv sjekke om dei bur innanfor / utanfor ungdomsbillettområdet her: skuleskyss.vlfk.no/kart
- Kryss av for at du ønsker å få billetten på mobil i søknaden om skoleskyss og oppgi telefonnummeret ditt. Kryss også av om du treng å nytte tog eller båt.
- Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din.
- Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir i søknaden.
- Når du har registrert at du ønsker skoleskyssbillett på mobil og søknad om skoleskyss er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skoledagar .
- Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Har du allereie søkt skoleskyss, men ønsker billetten på mobil? Då kan du enkelt sende inn søknaden på nytt og velje å få skoleskyssbilletten på mobil.
Kva må skolen gjere for å tilby elevane skoleskyssbillett på mobil?
Brukarrettleiing til grunnskole
Brukarrettleiing til vidaregåande skole
Korleis vil det sjå ut på eleven sin telefon?
Kva gjer eg ved billettkontroll?
Dersom du har skoleskyssbillett på skolekort, vil kontrollør sjekke skolekortet og sjå at skoleskyssbillett som er tilknytta kortet er gyldig. Dersom du har skoleskyssbillett på mobil, vil kontrollør sjekke denne i appen Skyss Billett på telefonen din.