Rettleiar for skoleskyss i grunnskolen
Innleiing
Skoleskyss er ein del av elevar sine rettar etter opplæringslova, og skal bidra til at dei som har lang eller farleg skoleveg, eller som har medisinske utfordringar med å ta seg til skolen, kan dra nytte av sin rett til opplæring. Skoleskyss utført av Skyss blir i hovudsak gjennomført som del av den ordinære kollektivtrafikken.
Barnet sitt beste er eit grunnleggjande omsyn i saker om skoleskyss, og blir tungt vekta i spørsmål om kva som vil vere ei forsvarleg skolereise. Vurderinga av kva som er til det beste for barnet er ikkje alltid det som vil vere den enklaste løysinga for barnet, og det blir stilt høgare forventingar til kva barn kan meistre etter kvart som barna mognast.
Skolen søker om skoleskyss på vegne av elevane i fylkeskommunen sitt søknadssystem.
Skyss må ha tilstrekkeleg tid til å planlegge og organisere skyssen. Dette inneber at søkarar må akseptere at det kan ta noko tid før transporttilbodet blir sett i gang etter at søknad er meldt inn. I samband med oppstart av nytt skoleår må ein rekne med inntil 14 dagar saksbehandlingstid, både for nye søknader og for endringar i eksisterande søknader.
Vedtaksmynde er fordelt slik mellom Vestland fylkeskommune ved Skyss og kommunane:
Kommunen har ansvar for og fattar vedtak i saker som gjeld:
- særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, der eleven bur mindre enn 4 km frå skolen (2 km for første årstrinn)
- annan skoleskyss etter kommunalt vedtak
Vestland fylkeskommune ved Skyss har ansvar for og fattar vedtak i saker som gjeld:
- ordinær skoleskyss (grunna avstand mellom heim og skole)
- skyss på medisinsk grunnlag
- vurdering av skyssmiddel ved særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, der eleven bur meir enn 4 km frå skolen (2 km for første årstrinn).
1. Kva gir rett på gratis skoleskyss?
1.1. Definisjonar
Heimel: Opplæringslova kap.4, rundskriv Udir-2-2019
Retten til skoleskyss er individuell og følger den enkelte eleven.
Skoleskyss blir rekna som den daglege transport mellom heim og skole til skolen sine ordinære start- og sluttider.
Med tilrettelagt skoleskyss meiner vi skoleskyss utført med drosje, sjå punkt 4.2, eller med eige transportmiddel, sjå punkt 4.3.
Med skoleskyss på medisinsk grunnlag meiner vi skoleskyss for elevar som på grunn av funksjonshemming eller skade eller sjukdom har behov for transport, sjå punkt 1.5.
Med skoleskyss på midlertidig medisinsk grunnlag meiner vi skoleskyss for elevar som på grunn av akutt og midlertidig skade eller sjukdom har behov for transport i ein avgrensa periode på opptil 56 dagar, sjå punkt 1.6.
1.2. Avstand mellom heim og skole
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Udir «Tolkning av avstandskriteriet i opplæringsloven § 7-1» (08.05.2019)
Elevar i 2. til 10.årstrinn som bur meir enn 4 km frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i første årstrinn er skyssgrensa 2 km. Avstandsgrensene på 2 km og 4 km er absolutte. Det er ikkje rom for å utøve skjønn med omsyn til avstanden.
Ved oppmåling av avstand nyttar Skyss digitale geografiske kart. Private oppmålingar blir ikkje vektlagt i klagesaker.
Avstand mellom heim og skole blir målt langs kortaste alminneleg farbare veg rekna frå dør til dør. Dersom det er fleire inngangsdører eleven kan bruke på skolen, skal det målast til døra lengst vekke, uavhengig av om eleven faktisk brukar denne døra. Med alminneleg farbar veg meiner vi vegar som ikkje er skilta forbode for gåande.
Forklaring
Kartgrunnlaget og vegdata kjem frå Kartverket. Avstand blir målt i det digitale verktøyet https://skuleskyss.vlfk.no/kart. Private oppmålingar med til dømes bil og GPS blir ikkje vektlagt i klagesaker, men om de meiner det er feil i den digitale oppmålinga kan de syne til kva de meiner er feil.
I tillegg til offentleg veg, blir også gangvegar, stiar og private vegar som er open for allmenn ferdsel rekna som alminneleg farbar veg. Det avgjerande er om vegen er open for gåande.
1.3. Særleg farleg skoleveg
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og § 28-7, Udir-2-2019, Prop.57 L (2022-2023) s. 578
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.
Dersom avstanden mellom heim og skole er under avstandsgrensa for rett på skoleskyss etter føresegna i punkt 1.2 er kommunen ansvarleg for skyss. Søknad om skyss skal då rettast til kommunen.
Dersom avstanden mellom heim og skole er over avstandsgrensa skal søknaden behandlastt av Skyss. Skolen registrerer søknad om skoleskyss i Skyss sitt fagsystem på bakgrunn av informasjon frå føresette.
Føresette har hovudansvaret for trafikkopplæringa av eigne barn, sjå punkt 7.7.
Forklaring
Det er eige søknadsskjema for søknad om skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Skjema finn de på www.skyss.no/reise/skoleskyss.
For at vilkåret om «ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg» skal vere oppfylt, må skolevegen innebere ein risiko som klart overstig det som er normalrisikoen ved å ferdast i trafikken for barn. Det er eit skille mellom farleg skoleveg og særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Sjølv om ein skoleveg kan bli definert som farleg, og det kan vere risikabelt at barn skal gå på denne, betyr ikkje det at vilkåret i opplæringslova § 4-1 om «særleg farleg eller vanskeleg» skoleveg er oppfylt. Det er i unntakstilfelle, der risikoen er markant høgare enn normalt, at kommunen eller fylkeskommunen har ansvar for å organisere skyss.
I tillegg til tilhøve ved vegen skal tilhøve ved den einskilde eleven, til dømes alder, utvikling, syn og høyrsel, bli teken med i vurderinga av om vegen blir rekna for å vere «særleg farleg eller vanskeleg».
Skoleelevar sine trafikkferdigheiter er heilt avhengig av relevant trening og opplæring. I tilfelle der det blir innvilga skyss for ein avgrensa periode, er det viktig at føresette i denne perioden trener mykje med barna slik at dei blir i stand til å ferdast i trafikken på eiga hand når skyssen fell bort. Det finst mange gode råd om slik opplæring på Trygg Trafikk sine heimesider.
1.4. Skoleskyss med båt
Heimel: Opplæringslova § 4-1
Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.
Der det er nødvendig sender skolen søknad om privat transport med båt til Skyss på vegne av eleven og deira føresette. Det er Skyss som fattar vedtak i saka, og som har avgjerdsmynde i saker vedkomande skoleskyss med privat båttransport.
1.5. Skoleskyss på medisinsk grunnlag
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 28-7, forvaltningslova § 17, Prop. 57 L (2022-2023) s.579, Udir-2-2019
Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis transport til og frå skolen.
Det må vere funksjonshemminga eller sjukdommen som gjer at eleven har behov for skoleskyss. Omgrepet «funksjonshemming» vil kunne omfatte både varige fysiske og psykiske funksjonsvanskar.
Behovet for skoleskyss må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog. I særskilte tilfelle kan Skyss be om vurderingar utover dette, til dømes frå PP-tenesta. Mangelfull erklæring frå lege/behandlande psykolog kan føre til lengre saksbehandlingstid, og eventuelt avslag på søknaden.
Fylkeskommunen vil kunne legge saka fram for rådgjevande legar, som kan hjelpe Skyss i vurderinga av eleven si reiseevne.
For reglar om følgeperson, sjå punkt 7.5.
Forklaring
Ein lege kan ikkje innvilge skoleskyss, men må gi forvaltninga grunnlag for å vurdere retten etter opplæringslova. Dersom eleven har behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat bil må dette vere grunngitt i dokumentasjonen. Utgangspunktet for skoleskyss er at alle elevar som kan, skal nytte kollektivtransport.
Erklæringa må seie noko om:
- grunnen til at eleven har redusert reiseevne (diagnose og beskriving av utfordringar med skolereisa)
- kva type transport det blir søkt om (buss, skyss utført med eige transportmiddel, drosje)
- anslått tidsrom for når eleven treng slik transport (veker, månader, år)
1.6. Skoleskyss på midlertidig medisinsk grunnlag
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 28-7, forvaltningslova § 17, Udir-2-2019
For elevar som har ein akutt og midlertidig skade eller sjukdom, kan skolen bestille og setje i gang tilrettelagt skoleskyss før søknaden er behandla av Skyss. Det må vere den akutte skaden eller sjukdommen som gjer at eleven treng tilrettelagt skoleskyss etter punkt 1.4, og varigheita kan ikkje vere lenger enn 56 dagar.
Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring. Dersom skyssbehovet ikkje er dokumentert, eller dokumentasjon er mangelfull, vil Skyss kunne stanse den oppsette transporten utan varsel.
Skolar som set i gang midlertidig medisinsk skyss utan tilstrekkeleg dokumentasjon på eleven sitt behov kan bli ansvarlege for kostnaden av skyss som blir utført.
For reglar om følgeperson, sjå punkt 7.5.
Forklaring
Ein lege kan ikkje innvilge skoleskyss, men må gi forvaltninga grunnlag for å vurdere retten etter opplæringslova. Dersom eleven har behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat bil må dette vere grunngitt i dokumentasjonen. Utgangspunktet for skoleskyss er at alle elevar som kan, skal nytte kollektivtransport. Erklæringa må seie noko om:
- grunnen til at eleven har redusert reiseevne (diagnose og beskriving av utfordringar med skolereisa)
- kva type transport det blir søkt om (buss, skyss utført med eige transportmiddel, drosje)
- anslått tidsrom for når eleven treng slik transport (veker, månader, år)
Døme på akutt skade der skolane kan legge inn midlertidig medisinsk skoleskyss er beinbrot eller operasjon som krev avlastning hos eleven. Varige tilstandar som kan gi midlertidige behov for skyss skal skolane legge inn som varig medisinsk skoleskyss.
Dersom skolen tek direkte kontakt med transportør og set i gang skyss utan at dette har blitt søkt om blir skyssen rekna som bestillingstransport og må den dekkast av skolen.
1.7. Førebuande opplæring for vaksne
Heimel: Opplæringslova §§ 21-1, 21-2 og 21-3
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som bur 4 km eller meir frå opplæringsstaden, har rett til gratis skoleskyss. Det må liggje føre kommunalt vedtak om at eleven er tatt opp til førebuande opplæring. Vedtaket må innehalde tal undervisningstimar, oversikt over fag, dagar og opplæringsstad.
Vaksne som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for skyss har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei deltek i førebuande opplæring for vaksne, sjå punkt 1.5. Desse har òg rett på reisefølge og tilsyn dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine i ventetida før og etter opplæringa. Ansvarsfordelinga mellom kommune og fylkeskommune gjeld tilsvarande som for andre elevar i grunnskolen.
Kommunen skal innlosjere dei vaksne når dagleg skyss etter første og andre ledd ikkje er forsvarleg.
Forklaring
Skyss mellom undervisningsstader må bli organisert og dekt av skole eller kommune.
Ein del kommunar har tilbod om aktivitetar og arbeid på same lokasjon som det blir sett opp vaksenopplæring. Dette gir ikkje rett på gratis skoleskyss, men mange kommunar har eigne tilbod om transport i samband med dette.
2. Eleven sin heim
2.1. Adresse
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Prop. 57 L (2022-2023), s. 579
Elevar har rett til transport frå og til sin heim eller oppsamlingsplass nær heimen, dersom vilkåra elles er oppfylt. Eleven sin heim er i utgangspunktet den adressa eleven står oppført med i folkeregisteret. Ved delt bustad eller fast samvær kan begge føresette sine bustader vere eleven sin heim. Asylmottak, fosterheim og avlastingsheim kan òg bli rekna som eleven sin heim.
2.2. Delt bustad og fast samvær
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Prop. 57 L (2022-2023), s. 579
Elevar som har fleire heimar har rett til transport til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra. Vurderinga blir gjort individuelt for kvar av adressene.
For at ei adresse skal vere rekna som eleven sin heim, må eleven sitt opphald på kvar adresse vere ei rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, ikkje improviserte enkeltbesøk. Det er ikkje eit krav om at eleven bur like mykje i kvar heim, men det avgjerande er at eleven faktisk bur to stadar.
Fordelinga av når elev bur i kvar heim må vere skildra i søknad eller i eit vedlegg for at Skyss skal kunne godkjenne skoleskyss til begge heimar. Midlertidige endringar frå den faste planen gir ikkje rett på ny organisering av transport.
Skyss er ansvarleg for å organisere eit forsvarleg transporttilbod. Vurdering av om eleven har rett til gratis skoleskyss, kva som er akseptabel reisetid og kva som er forsvarleg transport vil bli gjort sjølvstendig og konkret for begge heimane.
Dersom ein av dei føresette bur slik til at dagleg skyss ikkje kan bli organisert innanfor forsvarlege rammer, vil eleven ikkje ha rett til gratis skoleskyss til og frå denne heimen. I slike tilfelle må føresette enten sjølve ordne med transport, revurdere eleven sin busituasjon eller innlosjere eleven.
Elevar med to heimar vil kunne ha rett til skyss til og frå begge heimane, sjølv om den eine heimen ligg i ein annan kommune eller i eit anna fylke enn skolen eleven går på. Det vil likevel vere den kommunen der eleven er folkeregistrert som har opplæringsansvaret for eleven, og som blir fakturert for kommunale kostnader ved transporten. Begge adressene vil kunne vere utgangspunkt for kva som er eleven sin nærskole i samband med skoleskyss.
2.3. Asylmottak
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 4-2 jf. § 2-2
For elevar som bur i asylmottak, blir asylmottaket rekna som eleven sin heim.
2.4. Fosterheim
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 28-3, Prop. 57 L (2022-2023) s.579
Når ein elev bur i fosterheim etter offentleg vedtak, blir fosterheimen rekna som eleven sin heim. Dersom eleven bur midlertidig i beredskapsheim eller liknande gjeld reglar om midlertidig bustad, punkt 2.6.
Det er kommunen som har fatta vedtak om at eleven skal i fosterheim som er ansvarleg for kommunale kostnader ved transporten. Dette gjeld og dersom fosterheimen ligg i ein annan kommune enn skolen.
Når eleven bur i fosterheim er eleven sin nærskole den skolen som ligg nærmast fosterheimen.
2.5. Avlastningsheim
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Prop. 57 L (2022-2023) s.579
For elevar som har tilbod om avlastning etter kommunalt enkeltvedtak blir avlastingsheimen rekna som eleven sin heim dei dagane eleven har slikt tilbod.
Dersom avlastingsheimen ligg i ein annan kommune, er heimkommunen ansvarleg for å dekke persontaksten.
Forklaring
Det kan godkjennast transport til både avlastningsinstitusjonar og hos privat avlastar i regi av kommunen. Kopi av enkeltvedtaket om avlastning må leggjast ved søknaden om skyss til/frå avlastningsheimen. Private ordningar om avlastning utan offentleg vedtak, til dømes hos andre familiemedlemer, fell utanom retten til skoleskyss.
2.6. Midlertidig bustad utanfor heimen og fleire bustader i løpet av året
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Udir-2-2019, Q-06/2007 frå Barne- og likestillingsdepartementet
Elevar som midlertidig bur utanfor heimen vil normalt ikkje ha rett til gratis skoleskyss frå denne adressa.
Elevar som etter offentleg vedtak bur midlertidig utanfor heimen vil likevel kunne ha rett til gratis skoleskyss dersom vilkåra for skyss elles er innfridde. Dette gjeld også om midlertidig bustad er i ein annan kommune eller fylke. Uforsvarleg lang reisetid eller ekstraordinære kostnader kan føre til at retten til skoleskyss blir avgrensa.
I tilfelle der eleven bur midlertidig utanfor heimen vil det bli tatt omsyn til at eleven kan vere i ein vanskeleg livssituasjon, og involverte instansar bør vere fleksible og ha evne til å ta raske avgjersler.
I barnevernssaker der det er fatta vedtak om at eleven skal bu på korttidsinstitusjon eller i midlertidig beredskapsheim, har det statlege eller kommunale barnevernet som har fatta vedtaket ansvar for meirkostnader ved transport fram til barnet har fått ein meir permanent bustad.
Elevar som har fleire faste bustader i løpet av skoleåret har rett på gratis skoleskyss dersom vilkåra for å få skyss elles er oppfylt. Har bustaden funksjon som ferie- eller fritidsbustad, har elevar ikkje rett på skyss.
Forklaring
Døme på faste bustader i løpet av året er dersom heimen driv turistbedrift med sesongdrift og stølsdrift.
Døme på midlertidig bustad som kan gi rett på fylkeskommunal skoleskyss er opphald på krisesenter, helseinstitusjon eller opphald i midlertidig avlastningsheim.
Bustad utanfor heimen som skuldast andre meir «frivillige tilhøve» som t.d. oppussing/utleige av heimen, gir ikkje rett til gratis skoleskyss. Utgifter til skoleskyss grunna midlertidig bustad utanfor heimen grunna brann, vasskade eller liknande dekkast ikkje av opplæringslova sine føresegner. I slike tilfelle kan husstanden ha moglegheit til å rette krav til sitt forsikringsselskap.
2.7. Elevar i helseinstitusjon
Heimel: Opplæringslova § 28-4 jf. § 4-1, Rundskriv Udir-2-2019
Elevar som er innlagde på helseinstitusjonar i Vestland har rett til gratis skoleskyss dersom vilkåra for gratis skoleskyss elles er innfridd. Retten gjeld berre for innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten.
Retten gjeld òg for elevar som er barn av eller søsken til personar som er innlagt på slik helseinstitusjon, når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for barnet eller søsken.
3. Eleven sin skole
3.1. Nærskole
Heimel: Opplæringslova §§ 2-6, 4-1, 28-7, Udir-2-2019,
Udir tolkingsuttale «Nærskoleprinsippet og skolekretsgrenser»,
Med nærskole meiner vi skolen som eleven soknar til etter kommunen sine vedtak om skolekrinsar. Retten til skoleskyss gjeld mellom heimen og nærskolen.
Dersom kommunen innvilgar søknad om å gå på ein annan skole enn nærskolen kan dei i nokre tilfelle stille vilkår knytt til skoleskyssen i vedtak om skoleplass. Vedtaket om skoleplass vil vere førande for kva rett eleven har til gratis skoleskyss til ein anna skole enn nærskolen. Dersom skolebytet gir eit anna transportbehov enn eleven ville hatt til sin nærskole kan retten til skyss bli avgrensa.
Kommunen er ansvarleg for meirkostnader knytt til skoleskyss til annan skole enn nærskolen overfor fylkeskommunen. Sjå punkt 7.3.
Forklaring
Dersom kommunen har stilt vilkår om skoleskyssen i vedtak om skoleplass på ein anna skole enn nærskolen, vil dei føresette normalt vere ansvarleg for skoleskyss. Føresette kan vere ansvarlege for ekstrakostnad knytt til skyss dersom eleven til dømes må reise lengre enn dei ville gjort til nærskolen. Dersom føresette vil klage på at det er stilt vilkår i vedtak om skoleplass må denne klaga rettast til kommunen som har fatta vedtaket.
Kommunen har ikkje høve til å sette vilkår knytt til skoleskyssen dersom skoleplassen er grunngitt i eleven sin rett til opplæring, til dømes ved spesialskolar.
3.2. Skoleskyss til private grunnskolar
Heimel: Privatskolelova §§ 2-1 og 3-7, opplæringslova §§ 4-1, 4-2 og 4-3, Ot.prp.nr.46 (1997-98) s.175-176
Elevar ved privatskolar som er godkjent til statstilskot, har rett til skyss etter dei same vilkåra som elevar i den offentlege skolen. Andre private skolar er ikkje omfatta av retten til skoleskyss.
Retten til skyss, reisefølge og tilsyn for elevar i privatskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa der eleven bur. For elevar med fleire bustader skal retten vurderast individuelt for kvar adresse.
Retten til skyss gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne, eller skolar i utlandet.
Forklaring
Vurderinga av om reisa er forsvarleg er avgrensa til den delen av reisa som er innanfor kommunegrensa. Dei føresette må sjølve syte for skyssen mellom kommunegrensa og skolen.
Tilrettelagt transport til kommunegrensa blir ikkje godkjent og sett i gang før Skyss har fått tilbakemelding om korleis resten av reisa blir organisert og finansiert.
Ved delt bustad kan eleven ha rett til skoleskyss frå begge føresette si adresse etter reglane i kap. 1.1, men berre innanfor kommunegrensa for kvar av adressene. Det er ikkje avgjerande kvar eleven er folkeregistrert. Døme: Elev bur i kommune A når ho er hos mor og går på privat skole der, men bur i kommune B når ho er hos far. Avstanden mellom heimen og skolen i kommune A er over 4 km, og avstanden mellom heimen og kommunegrensa i kommune B er 500 m. Eleven vil då ha skyssrett mellom heimen og skolen innanfor kommune A når ho bur hos mor. Fordi det er gangavstand mellom heimen fram til kommunegrensa i kommune B vil eleven ikkje ha rett til gratis skoleskyss når ho bur hos far. Reisa mellom kommunegrensa og skolen vil dei føresette vere ansvarlege for.
3.3. Undervisning ved alternativ opplæringsarena
Heimel: Ot.prp.nr.46 (1997-98) s. 175-176 og 194, Udir tolkningsuttale 12.12.2014
For elevar som etter kommunalt vedtak har undervising på alternativ opplæringsarena, blir dette rekna som eleven sin skole. Kommunen er ansvarleg for meirkostnader knytt til skoleskyss til alternativ opplæringsarena, og må organisere slik transport utanom fagsystem for skoleskyss. Dette gjeld og for undervisning delar av året ved kompetansesenter.
Skyss dekkjer kostnader tilsvarande som det eleven har rett til nærskolen. Skolen eller kommunen kan søke til Skyss om refusjon. Retten til skoleskyss gjeld berre så langt dagleg skyss er forsvarleg.
Forklaring
I refusjonskrav må det framkomme kva som er totalkostnaden ved skyssen, og kva som er rekna å vere meirkostnad.
Dersom eleven ikkje ville hatt tilrettelagt skoleskyss til sin nærskole og får eit anna skyssbehov til alternativ opplæringsarena vil heile kostnaden vere ein meirkostnad som kommunen er ansvarleg for.
4. Tilrettelagt skoleskyss
4.1. Generelle reglar
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 7-3, Ot.prp.nr.46 (1997-1998) s.175-176, SOM-2015-3340
I særskilte tilfelle kan Skyss godkjenne tilrettelagt skoleskyss mellom heimen og skolen. Tilrettelagt skoleskyss betyr i denne samanheng skoleskyss utført med drosje, sjå punkt 4.2, eller med eige transportmiddel, sjå punkt 4.3.
Tilrettelagt skoleskyss kan bli innvilga av Skyss i følgande tilfelle:
- Det manglar offentleg rutetilbod.
- Strekninga mellom heim og offentleg transportmiddel er over 1 km for elevar i 1.årstrinn, og over 2 km for elevar i 2.-10.årstrinn (sidevegsskyss) når eleven elles har rett på gratis skoleskyss.
- Dersom skolevegen kan definerast som særleg farleg eller vanskeleg, sjå punkt 1.3, og det ikkje kan organiserast forsvarleg reise med kollektivtransport.
- Behov for tilrettelegging av skoleskyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.5.
Det er Skyss som skal innvilge og organisere tilrettelagt skoleskyss. Det kan gjelde heile eller deler av skolevegen. Unntak frå dette gjeld for skyss etter kommunalt vedtak. Det vil då ligge til kommunen å vurdere skyssmiddel, og skoleskyssen blir organisert av Skyss basert på det kommunen har meldt inn.
Forklaring
Transport mellom skole og medisinsk behandling er ikkje å rekne som skoleskyss. Dette er helseføretaka sitt ansvarsområde.
4.2. Eleven sine rettar og plikter i samband med tilrettelagt skoleskyss med drosje
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1, 7-3 og 7-4, Udir-2-2019 punkt 5.2
Skyssretten er avgrensa til skolen sine ordinære start- og sluttider.
Elevar som har innvilga skyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.5, kan få skoleskyss til tilrettelagt timeplan om behovet er dokumentert og timeplanen er fast. Dei kan og få skyss til og frå SFO, sjå punkt 6.1.
Skoleskyss utført med drosje erstattar rutegåande transport, og hentetider kan ikkje endrast midlertidig etter behov. Midlertidige endringar i timeplanen gir ikkje rett på endra skysstider. Dersom skolen eller kommunen likevel ønsker skyss til varierande tider eller midlertidig timeplan blir dei ansvarlege for organisering og kostnad av skyssen. Hyppige endringar i timeplan kan bli vurdert som midlertidige endringar, og kan avgrense retten til å få skysstidene tilpassa.
Elev/føresette/skole gjer avtale med transportøren om faste hente- og leveringstider med utgangspunkt i dei ordinære start- og sluttidene. Transportør som utfører tilrettelagt skoleskyss på vegne av Skyss kan sette føringar for hente- og leveringstider.
Elevar må rekne med å bli henta/levert på ein oppsamlingsplass der dette er mogeleg. Eleven må vere klar til avtalt tid. Grunna køyreplan og samkøyring kan transportør køyre vidare dersom eleven ikkje er klar til avtalt tid.
Transportøren skal legge opp køyreruta slik at eleven får ei forsvarleg reise- og ventetid, sjå punkt 5.3, og det skal det bli tatt særleg omsyn til dei yngste elevane og elevar med særskilte behov. For elevar med behov for tilsyn må skolane minst kunne ta imot desse 15 minutt før skolestart. Tilsvarande må skolen minst legge til rette for at elevane kan bli henta 15 minutt etter skoleslutt. Elevar kan ha noko lengre ventetid enn 15 minutt på skolen før og etter skoledagen, der dette følger av avtale eller det er vurdert at eleven samla sett har ei forsvarleg reise- og ventetid.
All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagte skyssen. Det betyr at eleven kan få ekstra køyretid som følge av slik samordning. Ein må og vere førebudd på inntil 15 minutt forseinking frå avtala hentetid grunna variasjon i trafikale forhold.
Henting utanom fastsette hentetider i samband med akutt sjukdom fell utanfor retten til skoleskyss etter opplæringslova. I slike tilfelle er føresette sjølve ansvarlege for transport.
Forklaring
Elevar har ikkje rett til å bli henta til uregelmessige tider. Dette gjeld til dømes skoleavslutningar, eksamen og liknande.
Avgrensingane om tilpassing i skysstider ved midlertidig eller hyppig endring av timeplan gjeld for alle elevgrupper med tilrettelagt skoleskyss med drosje, òg dei med behov for skoleskyss av medisinske grunnar.
Generelt er elevar med behov for tilsyn før og etter skolestart vurdert å vere elevane i 1.-4.årstrinn, og elevar med skyss på medisinsk grunnlag, med mindre anna kjem fram i ei konkret vurdering for eleven.
4.3. Privat utføring av skoleskyss mot godtgjersle
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Ot.prp.nr.46 (1997-1998) s.175
For elevar med behov for tilrettelagt skoleskyss, sjå punkt 4.1, kan føresette søke om å utføre dette sjølve mot godtgjersle. Køyregodtgjersle blir gitt for køyring til og frå skolen sine ordinære start- og sluttider og omfattar ikkje levering og henting i SFO. Unntak frå dette gjeld elevar som har innvilga skoleskyss av medisinske grunnar, sjå punkt 1.5 og kapittel 6. Skyssutøvarar som utfører privat skyss og køyrer eins ærend får dekka reise tur og retur.
Skoleskyss med eige transportmiddel skal søkast om og godkjennast av Skyss på førehand. Det blir ikkje godtgjort for køyring med tilbakeverkande kraft.
Refusjonen blir utbetalt etterskotsvis. Skyssutøvarar skal sende inn oversikt over faktisk utført køyring på eige skjema i samband med innsending av refusjonskrav. Kravet bør vere innsendt seinast innan 6 månader etter avslutta skoleår. Skjema for refusjon skal vere attestert av skolen før det blir lagt ved krav om utbetaling. Krav som ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon vil ikkje bli utbetalt.
I tillegg til km-satsen kan skyssutøvarar få dekt andre nødvendige kostnader som er dokumentert.
Forklaring
Andre nødvendige kostnader kan mellom anna vere betaling av bompengar og ferjeturar. Alle utgifter utover kilometergodtgjering blir godtgjort etter billegaste måte (rabattavtale) og må vere dokumentert. Skolen må kontrollere utgiftene før refusjonen blir sendt til Skyss. Berre dokumenterte utgifter blir refundert.
Alle utgifter til skoleskyss skal vere ført i refusjonsskjema. Skjema må vere attestert av skolen og leggjast ved refusjonskrav. Skjema for refusjon med informasjon om satsar ligg på Skyss sine heimesider. Sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss.
5. Skysstandard og reisetid
5.1. Organisering av skysstilbodet
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 7-3, Prop. 57 (2022-2023) s. 579, Udir-2-2019
Skyss skal organisere eit skyssopplegg som er rasjonelt og økonomisk forsvarleg. All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagde skoleskyssen.
Skyssretten er avgrensa til skolen sine ordinære start- og sluttider. Det blir ikkje sett opp skoleskyss eller utbetalt godtgjersle for skoleskyss med eige transportmiddel til SFO-tider.
Elevar som har innvilga skoleskyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.5, kan få skyss til tilrettelagt timeplan om behovet er dokumentert og timeplanen er fast. Dei kan og få skyss eller godtgjersle for skyss til SFO-tider.
Skyssløysinga kan bli endra i løpet av skoleåret dersom det kjem ny informasjon eller endringar i tilhøva.
Forklaring
Skyssretten gjeld til dei faste tidene elevane har gjennom skuleåret, og blir organisert til desse tidene. Skoleskyssen blir ikkje tilpassa til dømes fritak frå enkelttimar, akutt sjukdom, eksamen og skoleavslutning.
5.2. Akseptabel gangavstand til transportmiddel
Heimel: Opplæringslova § 4-1, Prop. 57 (2022-2023) s. 678, Udir-2-2019
Skyssretten er knytt til strekninga mellom heim og skole. Eleven må pårekna å måtte ta seg fram ein rimeleg distanse til ein oppsamlingsplass. Elevar med gratis skoleskyss på medisinsk grunnlag vil ha rett på transport frå sjølve heimen dersom det ikkje er forsvarleg at dei tek seg fram til ein oppsamlingsplass, sjå punkt 1.5.
Gangavstanden til haldeplass/oppsamlingsplass kan vere inntil 1 km for elevar i 1.årstrinn, og inntil 2 km for elevar i 2. til 10.årstrinn. Elevar som har lengre gangavstand enn dette kan søke om tilrettelagt skyss på denne strekninga, sjå punkt 4.1. Det er ein føresetnad at vilkåra for rett til gratis skyss elles er oppfylt.
Avstandsgrensa for sidevegskyss er rettleiande. I ei totalvurdering kan det i tillegg til avstand bli vektlagt:
- om eleven har ein funksjonshemming, sjukdom eller skade
- samla reisetid
- framkomst på veg
- samfunnsøkonomisk forsvarleg kostnad
5.3. Akseptabel reisetid
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 7-3, Udir-2-2019 punkt 5, Prop. 57 (2022-2023) s. 579
Reise- og ventetid skal vere forsvarleg både med omsyn til den enkelte elev og ei rasjonell organisering av skyssen.
I vurderinga av om eleven si reise er forsvarleg blir gangtid, ventetid og tid med transportmiddel sett i samanheng. I tillegg blir det lagt vekt på følgjande moment:
- Eleven sin alder
- Kvar eleven må vente (på skolen, ute, i venterom)
- Kor stor del av reisetida som er på transportmiddel
- Rasjonell og samfunnsøkonomisk organisering av skyssen
Elevane som får ventetid før undervisning tek til og etter at undervisning er slutt kan ha rett på tilsyn, sjå punkt 7.5.
Ekstraordinært kostbare skyssordningar og skyssordningar med særleg lange reisetider kan medføre at dagleg skyss ikkje blir vurdert som forsvarleg. I slike tilfelle må føresette enten sjølve ordne transport, revurdere eleven sin busituasjon eller innlosjere eleven.
Forklaring
Det er ikkje sett maksimale reisetider for skoleskyss i lovverket og elevane må akseptere ei viss reisetid i samband med skoleskyssen. Skyss etterstrever å organisere ei samla reisetid (gangtid, ventetid og tid med transportmiddel) ein veg innanfor følgjande rammer:
- Omlag 45 min for 1.-4. årstrinn
- Omlag 60 min for 5.-7. årstrinn
- Omlag 75 min for 8.-10. årstrinn
Elevar med lang avstand mellom heim og skole må rekne med lengre samla reisetid, til dømes ved samanslåing av skolar som fører til lengre reiseavstandar eller når eleven ikkje reiser innanfor nærskolekrinsen. Det er viktig å merke seg at vurderingane knytt til forsvarleg reisetid, vil kunne avgrense rett til skoleskyss.
6. Skolefritidsordning og leksehjelp
6.1. Generelle reglar
Heimel: Opplæringslova §§ 7-3 og 13-7, Udir-2-2019
Elevar med plass i skolefritidsordninga har som hovudregel ikkje rett til gratis skoleskyss til og frå SFO.
Elevar som har plass i skolefritidsordninga og som på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss mellom heimen og skolefritidsordninga. Retten omfattar ikkje transport på skolefrie dagar.
Forklaring
Fylkeskommunen sitt skyssansvar er avgrensa til skoleruta, og gjeld til dømes ikkje på planleggingsdagar og i feriar.
Dersom eleven har tilbod om SFO utanom skoledagane må ein vende seg til kommunen for spørsmål om transport desse dagane.
6.2. Elevar med spesialpedagogisk undervisning i skolefritidsordninga
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 7-3, jf. § 5-1
Elevar som gjennom SFO får spesialpedagogisk opplæring etter kommunalt enkeltvedtak, kan ha rett til skyss dei dagane dei har slik undervisning på SFO.
Det er ein føresetnad at vilkåra for skyssrett elles er oppfylt, sjå kapittel 1.
Forklaring
Skolen/kommunen må sende inn dokumentasjon for undervisningsopplegget. Denne dokumentasjonen må fortelle kva dagar det blir gitt undervisning, og inkludere vedtaket om at eleven får undervisning i SFO. For å ha skyssrett skal SFO-tilbodet vere gratis.
Det er ikkje eit vilkår for rett til skyss etter denne føresegna at eleven har behov for skyss av medisinske årsaker.
6.3. Leksehjelp
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1 og 7-3, jf. § 5-1, Udir-2-2019
Leksehjelp blir ikkje rekna som opplæring eller som SFO, og gir ikkje rett til gratis skoleskyss. Dette gjeld òg for elevar med behov for skoleskyss på medisinsk grunnlag.
7. Kommunane sitt ansvar
7.1. Plikt til samordning
Heimel: Opplæringslova § 28-7, rundskriv Udir-2-2019, Prop. 57 L (2022-2023) s. 290
Fylkeskommunen har hovudansvaret for organisering av skoleskyss. Kommunen og fylket skal samarbeide om organiseringa. Det inneber at kommunane må ta med skyssorganiseringa i vurderingane sine når dei fastset start- og sluttider og skoleruta.
Skyss blir sett opp etter kommunen si skolerute. Behov for tilpassing av skoleruta eller endringar i skolen sine start- og sluttider skal meldast til Skyss innan 1. mars. I vurdering av om Skyss kan tilpasse tider for kollektivtransport vil det særleg bli lagt vekt på om skyssen kan bli samordna for skolar i same område. Dette gjeld både for vidaregåande skolar og grunnskolar.
Det kan ikkje påreknast at Skyss kan tilpasse tider for kollektivtransport dersom det blir meldt om endringar etter 1. mars. Det same gjeld dersom det er meldt om endringar som kan verke inn på skyss for andre skolar.
Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan Statsforvaltar gi pålegg.
Forklaring
Betre samordning på tvers av skoleruta og start- og sluttida bidrar til eit meir heilskapleg tilbod for elevane og meir effektiv organisering av skoleskyss.
Kravet til samordning av skyssen tilseier at Vestland fylkeskommune ved Skyss bør vere uttalepart i saker som gjeld endra skolestruktur (nedlegging av skolar, endring av inntaksområde og liknande).
7.2. Informasjonsplikt
Heimel: Prop. 57 L (2022-2023) s. 598-599, forvaltningslova § 11
Kommunen og fylkeskommunen har plikt til å informere elevane om deira skyssrettar.
Fylkeskommunen vil informere kommunane/skolane og gjere tilgjengeleg informasjonsmateriell. Kommunar og skolar må informere vidare til elev/føresette om gjeldande regelverk og retter.
Forklaring
Skoleskyssen er organisert slik at det er den enkelte skole som administrerer skoleskyss på vegne av sine elevar, og fungerer som bindeledd mellom elev/føresett og Skyss. Dette inneber at skolen må gjere seg kjent med gjeldande regelverk og informere og hjelpe ved innhenting av informasjon. Dei må og hjelpe elevar og føresette med avklaring av detaljer om skyss som er innvilga.
7.3. Økonomisk ansvar
Heimel: Opplæringslova § 28-7, rundskriv Udir-2-2019, Prop. 57 (2022-2023) s. 696
Kommunane har økonomisk ansvar for:
- skoleskyss etter kommunalt vedtak
- nødvendig tilsyn og reisefølge
- persontakst for all skoleskyss på den aktuelle strekninga
- meirkostnader for skyss til annan skole enn nærskole og alternativ opplæringsarena
Dersom Skyss må etablere nye ruter for å skysse elevar kommunen er ansvarleg for, vil det ikkje vere tilstrekkeleg med refusjon etter persontakst.
Forklaring
Av omsyn til praktisk handsaming av kostnadsfordeling blir kommunane fakturert for meirkostnadar for skyss til annan skole enn nærskolen etter faste takstar.
Kommunen blir fakturert for dei turane som er søkt inn og godkjent i fagsystem for skoleskyss. Det blir ikkje gjort fråtrekk for dei dagane elevane ikkje nyttar skyssen.
7.4. Reisefølge og tilsyn
Heimel: Opplæringslova § 28-7 og § 4-2, Prop. 57 (2022-2023) s. 572, Udir-2-2019
Elevar har rett til reisefølge dersom dette er nødvendig for at eleven skal kunne nytte seg av det skysstilbodet dei har rett til. Elevar som kan trenge medisinering undervegs i transporten, må ha med følge. Ansvar for medisinering eller medisinsk hjelp under transport kan ikkje leggjast på sjåfør.
Elevar har også rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før og etter undervisninga. Retten til tilsyn kan i enkelte tilfelle gjelde i samband med bytte av transportmiddel undervegs.
Kommunen har ansvaret for å organisere og finansiere slikt reisefølge og tilsyn. Dette gjeld òg dersom eleven kan gå til skolen med følge. Behov for reisefølge og tilsyn må meldast til skolen.
Transport av reisefølge gjeld på same strekning som eleven. Dersom skolen eller kommunen ønskjer ekstra transport utover dette må det avtalast særskilt med transportør, og skolen eller kommunen vil vere ansvarleg for meirkostnadene.
Forklaring
Elevar som treng hjelp til klargjering før eller etter skyss, til dømes på- og avkleding, hjelp i trapper, oppgangar eller gardsplass, må få dette av føresette eller tilsette ved eleven sin bustad eller skole.
Reglane om reisefølge og tilsyn gjeld også for elevar i privatskolar.
7.5. Psykososialt miljø
Heimel: Opplæringslova §§ 9A-1 og 9A-3, Prop.57L (2016-2017) s.26 og s. 60, Udir-2-2019
Eleven har rett på eit godt psykososialt miljø på skolen.
Dersom forhold på skolevegen gjer at ein elev ikkje opplever det som trygt og godt å vere på skolen, har skolen ein plikt til å hjelpe eleven. Dette inneber at forhold på skolevegen kan føre til tiltak for å sikre eit trygt og godt skolemiljø på skolen.
Forklaring
Tiltak kan for eksempel vere at det blir sett inn tilsyn på skolereisa.
7.6. Innlosjering
Heimel: Opplæringslova § 4-3
Kommunen skal innlosjere elevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg.
I vurderinga skal det særleg bli lagt vekt på tilhøve som gjeld den einskilde elev, til dømes alder, funksjonshemming, reisetid og tryggleik, og om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen.
I tvilstilfelle avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast.
Kommunen fører tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjert.
7.7. Trafikkopplæring
Trafikkopplæring i grunnskolen er forankra i læreplan. God trafikkopplæring bør skje i samspel mellom skole og heim, men føresette har hovudansvaret for trafikkopplæringa av eigne barn. Skolane har som oppgåve å gjennomføre trafikkopplæring kontinuerleg gjennom heile skoletida, og skolar som har elevar som reiser dagleg med buss bør øve på trygg bussåtferd.
Trygg trafikk har gode øvingsoppgåver på www.tryggtrafikk.no.
Forklaring
Vestland fylkeskommune har ei tilskotsordning for trafikktryggingsaktivitetar som både kommunar og skolar kan søke om. For meir info, sjå www.vestlandfylke.no.
8. Innmelding og reglar for bruk av skoleskyssbillett
8.1. Generelle reglar
Heimel: Opplæringslova §§ 4-1, 7-3, 28-7.
Alle elevar som blir innvilga gratis skoleskyss, og som nyttar offentleg transport, får tildelt eit skoleskyssbillett for buss (ev. andre transportmiddel som båt, tog, ferje).
Skoleskyssbillettane er tilpassa skoleruta og gjeld med følgjande avgrensingar:
- Skoleskyssbilletten er gyldig mellom heimen og skolen.
- Skoleskyssbilletten kan nyttast til 2 reiser pr. skoledag med eventuell omstiging.
- Skoleskyssbilletten er ikkje gyldig i helger, feriar og fridagar.
- Skoleskyssbilletten gjeld for maksimalt 190 skoledagar.
Skoleskyssbilletten er personleg, og kan ikkje brukast av andre, eller på andre strekningar enn mellom heim og skole. Billetten kan bli brukt på valfri avgang mellom heim og skole i tidsrommet billetten er gyldig.
Skolen skal deaktivere elevar sin skoleskyss dersom eleven sluttar, flyttar eller av andre grunnar går ut av skyssordninga midt i skoleåret. Elevar som går ut av skyssordninga må levere inn fysisk skoleskyssbillett til skolen.
Forklaring
Elevar med rett til skoleskyss får to skoleskyssbillettar kvar dag: Éin frå heim til skole som kan nyttast i tidsrommet kl. 06:00-12:00, og éin frå skole til heim som kan nyttast i tidsrommet kl. 12:00-19:00. Skoleskyssbilletten kan ikkje nyttast for til dømes reiser til og frå fritidsaktivitetar eller til andre stader enn mellom heim og skole, men kan bli brukt på valfri avgang innanfor tidsrommet billetten er gyldig. Dei som har fleire moglege avgangar kan derfor velje å reise seinare eller tidlegare, til dømes dersom dei har aktivitetar på skolen etter skoleslutt. Skoleskyssen og skoleskyssbilletten er tilrettelagt for reise til skolen sine start- og sluttider. Tidsrommet for skoleskyssbilletten og avgangar med kollektivmiddel vil ikkje bli utvida eller tilpassa andre aktivitetar.
Kommunen blir fakturert for skoleskyssen til elevane etter reglar i opplæringslova § 28-7. Fakturering blir gjort ut i frå når det meldast i frå om at eleven går ut av skyssordninga. Ein kan altså ikkje melde ut med «tilbakeverkande kraft».
8.2. Tap av skoleskyssbillett
Ved tap eller feil på fysisk skoleskyssbillett gjeld følgjande:
- Melding om tapte eller øydelagd skoleskyssbillett skal snarast meldast via skolen til Skyss.
- Eleven vil få utlevert ny skoleskyssbillett på skolen.
- Skoleskyssbillett som er meldt tapt blir sperra og kan ikkje brukast seinare.
8.3. Misbruk
Heimel: Transportvedtekter § 4
Ved misbruk eller ugyldig skoleskyssbillett blir den reisande sanksjonert i tråd med transportvedtektene.
Forklaring
Sjå https://www.skyss.no/billett-og-pris/transportvedtekter/ for meir informasjon om transportvedtekter.
9. Vedtak og klagerett
Heimel: Forvaltningslova §§ 17, 28 og 35, opplæringslova § 15-2
Vedtak om skoleskyss er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Vedtaket om skoleskyss kan klagast på av part eller dei med rettsleg klageinteresse. Frist for å klage er tre veker rekna frå den dagen vedtaket kjem fram til mottakar.
Ei eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune ved Skyss, som då vil behandle saka på nytt. Dersom Skyss opprettheld vedtaket, kan saka bli sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som fattar endeleg vedtak.
Fylkeskommunen skal syte for at saka er tilstrekkeleg opplyst for å fatte vedtak. Elevar og føresette må gi skolen og fylkeskommunen den informasjonen som er nødvendig for at det kan fattast vedtak om skoleskyss. Dersom det ikkje blir gitt slik informasjon kan det føre til at søknaden om skoleskyss blir avslått.
Dersom eit vedtak er gjort på openbert feil grunnlag, kan fylkeskommunen gjere om vedtaket, jf. forvaltningslova sine føresegner.
Klageretten gjeld vedtak om retten til skoleskyss og organiseringa av skoleskyssen.