Ofte spurde spørsmål
Vi har samla dei spørsmåla som mange spør oss om.
Slik fungerer skoleskyssbilletten
Kvar kan eg reise med skoleskyssbilletten?
Skoleskyssbilletten er berre gyldig mellom heim og skole, på skoledagar.
Elevar med rett på skoleskyss får to skoleskyssbillettar kvar dag. Éin billett frå heim til skole, som kan nyttast i tidsrommet kl. 06.00-12.00, og éin billett frå skole til heim, som kan nyttast i tidsrommet kl. 12.00-19.00 for elevar ved barne- og ungdomsskole og kl.12.00-22.00 for elevar ved vidaregåande skole.
Elevar som skal reise andre stader, må kjøpe eigen billett til desse reisene.
Kan eg bruke skoleskyssbilletten når skolen for eksempel skal inn til byen på museum?
Nei, du kan berre bruke skoleskyssbilletten mellom heim og skole, på skoledagar. Skoleskyssbilletten dekker ikkje reiser andre stadar enn dette. Då må du kjøpe eigen billett.
Kan eg få skoleskyssbilletten på mobilen i staden for på fysisk kort?
Ja, elevar på ungdoms- og vidaregåande skole kan velje mellom å ha skoleskyssbilletten på mobilen eller som eit fysisk kort.
Dersom du har skoleskyssbilletten på mobil, må du sørge for å ha nok straum og mobildata på telefonen. I dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil kontrollørane kunne søke opp billetten din ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Korleis og når får eg skolekortet mitt?
Alle skolekort blir sende til skolen. Du kan reise gratis til skolen første skoledag, der du får utdelt ditt personlege skolekort.
Skoleskyssbilletten er gyldig så lenge du har rett på gratis skoleskyss, så ta godt vare på kortet!
Eleven har mista skolekortet sitt. Kva gjer vi?
Elevar som mister skolekortet sitt må ta kontakt med skolen for å få nytt skolekort.
Kva skal eg gjere om det er billettkontroll?
Dersom du har skoleskyssbillett på skolekort, vil kontrolløren sjekke skolekortet og sjå at skoleskyssbilletten som er tilknytta kortet er gyldig.
Dersom du har skoleskyssbillett på mobil, vil kontrolløren sjekke billetten i appen Skyss Billett på telefonen din. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen. Dersom det er billettkontroll og du er tom for straum og mobildata, vil kontrollørane kunne søke opp billetten din ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Tilrettelagd skyss
Kvifor må det leverast ny legeerklæring kvart skoleår?
Fylkeskommunen ved Skyss er forplikta til å ha oppdatert dokumentasjon på eleven sitt behov til ei kvar tid. Normalt sett ber vi om oppdatert legeerklæring minst kvart andre år. For elevar med varige diagnosar og tydelege transportbehov legg vi til grunn fem år.
Føresetnader og evner kan endre seg over tid. Ei oppdatert legeerklæring må difor leggast ved alle nye søknader om skoleskyss for at fylkeskommunen ved Skyss skal ha nok opplysningar før eit enkeltvedtak blir fatta.
Kvifor får eg avslag på taxi sjølv om eg har legeerklæring?
Ein lege kan ikkje innvilge skoleskyss, men må gi forvaltninga grunnlag for å vurdere retten etter opplæringslova.
Dersom eleven har behov for tilrettelagd skoleskyss med drosje/privatbil må dette vere grunngitt i dokumentasjonen. Utgangspunktet for skoleskyss er at alle elevar som kan, skal nytte kollektivtransport.
Legeerklæringa må seie noko om:
- Grunnen til at eleven har redusert reiseevne (diagnose og beskriving av utfordringar med skolereisa) .
- Kva type transport det blir søkt om (buss, skyss utført med eige transportmiddel, taxi) .
- Anslått tidsrom for når eleven treng slik transport (veker, månader, år).
Forvaltningslova seier at “saken skal være så godt opplyst som mulig før vedtak treffes”, og fylkeskommunen har teieplikt. Elevar og føresette må gi skolen og fylkeskommunen den informasjonen som er nødvendig for at Skyss kan fatte vedtak om skoleskyss. Dersom det ikkje blir gitt slik informasjon kan det føre til at søknaden om skoleskyss blir avslått.
Vi bur langt frå skulen, og skulevegen krev fleire bussar – kan vi få skyss med taxi viss reisetida blir for lang?
Reise- og ventetid skal vere forsvarleg både med omsyn til den enkelte elev, og til ei rasjonell organisering av skyssen. I vurderinga blir gangtid, ventetid og tid med transportmiddel sett i samanheng. I tillegg vert det lagt vekt på eleven sin alder.
Fylkeskommunen ved Skyss skal arbeide for å organisere ei samla reisetid (ein veg) innanfor følgande rammer:
- Ca. 45 minutt for 1.-4. trinn
- Ca. 60 minutt for 5.-7. trinn (eitt bussbyte)
- Ca. 75 minutt for 8.-10. trinn (fleire bussbyte)
Elevar med lang avstand mellom heim og skole må rekne med lengre samla reisetid. Ved delt bustad vil vurderingane knytte til forsvarleg reisetid kunne avgrense retten til skyss frå begge bustadane.
Det er føresette som har hovudansvaret for trafikkopplæringa av eigne barn. Det er viktig at føresette trener mykje med barna, slik at dei er i stand til å ferdast i trafikken og ta bussen på eiga hand. Dersom det ikkje er forsvarleg, må føresette revurdere busituasjonen sin eller ordne seg sjølve. Søknaden kan bli avslått om det er samfunnsøkonomisk uforsvarleg.
Korleis og når får vi refundert utgifter for eigenkøyring?
Føresette til elevar med rett på tilrettelagd skoleskyss kan søke om å få utføre skoleskyssen privat/med eigen bil. Skoleskyss med eige transportmiddel skal vere søkt om i Skyss Elev (skolen søker på vegne av føresette) og vere godkjent av Skyss på førehand. For å få refusjon må skyssutøvar sjølv føre krav i Visma Expense. Refusjonskrav blir utbetalt etter faste satsar etterskotsvis etter avslutta halvår (evt. skoleår).
Eleven har skoleskyss med taxi og bur i delt bustad. Denne veka skal eleven bu meir hos far på grunn av sjukdom. Kan vi melde frå om det og endre skyssen for denne veka?
Midlertidige endringar i samværsfordelinga gir ikkje rett til endring i skyssopplegget.
Føresette må reise på jobb seinast kl. 07.30. Kan taxien kome før det?
Transporten er planlagd slik at alle elevar skal nå skolestart, og er basert på samkøyring. Vi tek ikkje omsyn til når føresette reiser på jobb eller liknande.
Eleven har ein avtale etter skolen. Kan taxien hente eleven tidlegare enn vanleg?
Fylkeskommunen ved Skyss gir berre skoleskyss til vanleg skolestart- og slutt. Ein kan ikkje endre på tida for skyssen, berre seie den opp.
Kan søsken eller venner sitje på i taxien?
Det er berre elevar som har fått vedtak om skoleskyss med taxi som kan vere med i taxien.
Eleven er sjuk og treng ikkje taxi i morgon. Korleis kan ein melde frå om dette?
Kontakt taxitransportøren direkte så snart som mogleg.
Søknadsprosess, reglar og behandlingstid
Korleis søker eg om skoleskyss?
For grunnskole:
Dersom du meiner du har rett på gratis skoleskyss, må du kontakte skolen. Skolen kan søke om skoleskyss på vegne av elevane sine i søknadssystemet “Skyss Elev”.
For vidaregåande:
Elevar i vidaregåande skole som bur utanfor ungdomsbillettområdet og skal søke om buss, kan søke sjølve her.
Du må kontakte skolen dersom du bur innenfor ungdomsbillettområdet og er over 21 år, skal søke om skoleskyss på medisinsk grunnlag, eller fordi du mangler kollektivtilbod. Skolen vil registrere søknad for deg.
Kva er behandlingstida på søknaden min, og kvar får eg beskjed når den er ferdigbehandla?
Vi behandlar søknader for neste skoleår fortløpande frå 1. mars, og dei fleste vil vere behandla innan juli. Føresette/elev får vedtaksbrev i Digipost, og skolen kan følge med på saksstatus i Skyss Elev.
Nye søknader eller søknader om endringar som kjem etter 1. august har inntil 14 dagar saksbehandlingstid.
For søknader i inneverande skoleår er saksbehandlingstida normalt på under ei veke.
Merk: Saksbehandlingstida føreset at vi har all den informasjonen vi treng, og det kjem an på kompleksiteten av saka. Søknader som ikkje er fullstendig opplyst eller der vi må hente inn meir informasjon eller dokumentasjon, kan ta lengre tid å behandle.
Eleven har fått avslag på søknad om skoleskyss på grunn av for kort avstand. Vi er uenige i oppmålinga. Kva gjer vi?
Avstanden heim-skole vert målt langs kortaste, gangbare veg som er open for allmenn ferdsel, den vegen det er naturlig å gå til skolen.
De kan sjølve kontrollere oppmålinga og finne avstand mellom heim og skole i kartet.
Vedtak om skoleskyss gjeld berre for eitt skoleår om gongen. Søknadar om skoleskyss vert handsama på nytt kvart år. Grunnar for avslaget kan vere at saka har endra seg når det gjeld alder, bytte av skole, flytting og kontrollmåling av avstand.
Dersom eleven eller føresette meiner at det er gjort feil i saka, kan de klage. Klager må sendast skriftleg til skoleskyss@skyss.no der de grunngir kva de meiner er feil i oppmålinga.
Kva er forskjellen på fylkeskommunal og kommunal skoleskyss?
Fylkeskommunen ved Skyss sitt ansvar:
- Fatte vedtak om skoleskyss grunna avstand, behov for båtskyss eller på medisinsk grunnlag.
- Organisere skoleskyssen.
Kommunen sitt ansvar:
- Fatte vedtak om skoleskyss grunna særleg farleg skoleveg når skolevegen er under høvesvis 2 kilometer for elevar i 1. klasse og 4 kilometer for elevar i 2. - 10. klasse.
- Merk: Farleg skoleveg gjeld ikkje for elevar i vidaregåande skule.
Kor lang veg må eleven ha mellom heim og skole for å ha rett på skoleskyss?
Elevar i 1. trinn må ha minimum 2 kilometer mellom heimen og skolen, og elevar i 2.-10. trinn må ha minimum 4 kilometer.
Elevar i vidaregåande skole må ha minimum 6 kilometer. Dersom dei bur innanfor ungdomsbillettområdet og er mellom 16 og 20 år, må dei i staden kjøpe ungdomsbillett.
Vi bur midlertidig hos besteforeldre på grunn av oppussing. Får barnet skoleskyss dit?
Nei, dessverre. Skoleskyss til midlertidig bustad må de organisere sjølve.