Hopp til hovedinnald

Innleiing

Skoleskyss er ein del av elevar sine rettar etter opplæringslova, og skal bidra til at dei som har lang eller farleg skoleveg, eller som har medisinske utfordringar med å ta seg til skolen, kan dra nytte av sin rett til opplæring. Skoleskyss utført av Skyss blir i hovudsak gjennomført som del av den ordinære kollektivtrafikken.

Elevar som søker om skoleskyss med Skyss sine kollektivmiddel på grunnlag av avstand kan i utgangspunktet søke sjølve, sjå punkt 1.2. For søknader om tilrettelagt skyss, skyss på medisinsk grunnlag eller transport med andre kollektivmiddel er det skolen som søker om skoleskyss på vegne av elevane, sjå punkt 1.3-1.7. De bør søke om skoleskyss snarast råd etter skoleinntaket. 

Eleven sitt beste er eit grunnleggjande omsyn i sakar om skoleskyss, og blir tungt vekta i spørsmål om kva som vil vere ei forsvarleg skolereise. Vurderinga av kva som er til det beste for eleven er ikkje alltid det som vil vere den enklaste løysinga for eleven.

Skyss må ha tilstrekkeleg tid til å planlegge og organisere transporten. Dette inneber at søkarar må akseptere at det kan ta noko tid før transporttilbodet blir sett i gang etter at søknaden er meldt inn. I samband med oppstart av nytt skoleår må ein rekne med inntil 14 dagar saksbehandlingstid, både for nye søknader og for endringar i eksisterande søknader. 
Elevar i den vidaregåande skolen som bur i «Ungdomsbillettområdet» og er under 21 år har som regel ikkje rett til fri skoleskyss grunna avstand. Dette er fordi dei har tilgang til eit godt kollektivtilbod både i skoletida og på fritida, og kan kjøpe 30-dagars ungdomsbillett som er ei sterkt rabattert ordning. Sjå punkt 1.2 i rettleiaren for skoleskyss.

Informasjon om søknadsprosessen og om ungdomskort finst på www.skyss.no/reise/skoleskyss. På nettsida er det òg kart over «ungdomsbillettområdet».

1.    Kva gir rett på gratis skoleskyss

1.1.    Definisjonar
Heimel: Opplæringslova kap.9, rundskriv Udir-2-2019

Retten til skoleskyss er individuell og følger den enkelte eleven.

Skoleskyss blir rekna som den daglege transporten mellom heim og skole til skolen sine ordinære start- og sluttider.

Med tilrettelagt skoleskyss meiner vi skoleskyss utført med drosje, sjå punkt 5.2, eller med eige transportmiddel, sjå punkt 5.3.

Med skoleskyss på medisinsk grunnlag meiner vi skoleskyss for elevar som på grunn av funksjonshemming eller skade eller sjukdom har behov for transport, sjå punkt 1.4.

Med skoleskyss på midlertidig medisinsk grunnlag meiner vi skoleskyss for elevar som på grunn av akutt og midlertidig skade eller sjukdom har behov for transport i ein avgrensa periode på opptil 56 dagar, sjå punkt 1.5.

1.2.    Avstand mellom heim og skole
Heimel: Opplæringslova § 9-1, § 28-7, opplæringsforskrifta §§ 8-1 og 8-2, Prop. 57 L (2022-2023), s. 594-595, Udir «Tolkning av avstandskriteriet i opplæringsloven § 7-1» (08.05.2019)

Elevar i vidaregåande skole som bur 6 km eller meir frå skolen, har rett til gratis transport eller full transportgodtgjersle. Avstandsgrensa på 6 km er absolutt. Det er ikkje rom for å utøve skjønn med omsyn til avstanden.

Ved oppmåling av avstand nyttar Skyss digitale geografiske kart. Private oppmålingar blir ikkje vektlagt i klagesaker.

Avstanden mellom heim og skole blir målt langs kortaste alminneleg farbare veg rekna frå dør til dør. Dersom det er fleire inngangsdører eleven kan bruke på skolen, skal avstanden målast til den døra som ligg lengst unna, uavhengig av om eleven faktisk brukar denne døra. Med alminneleg farbar veg meiner vi vegar som ikkje er skilta forbode for gåande. 

Det er unntak for retten til gratis skoleskyss for elevar i vidaregåande skole som har adresse innanfor «ungdomsbillettområdet». Elevar under 21 år som bur i dette området og som oppfyller avstandskravet for rett til skoleskyss får som hovudregel ikkje innvilga gratis skoleskyss. Dette er fordi dei har tilbod om å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Unntaket for rett til gratis skoleskyss gjeld òg elevar i den vidaregåande skolen som ikkje endå er fylt 16 år. 

«Ungdomsbillettområdet» er områder i fylket der det er eit tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida. For Vestland fylkeskommune gjeld dette bergensområdet. Unntaket følger av dispensasjon gitt av Statsforvaltaren i Vestland, som gjeld for eitt år om gongen. 

Forklaring
Kartgrunnlaget og vegdata kjem frå Kartverket. Avstand blir målt i det digitale verktøyet https://skuleskyss.vlfk.no/kart. Private oppmålingar med til dømes bil og GPS blir ikkje vektlagt i klagesaker, men om de meiner det er feil i den digitale oppmålinga kan de syne til kva de meiner er feil.

I tillegg til offentleg veg, blir òg gangvegar, stiar og private vegar som er open for allmenn ferdsel rekna som alminneleg farbar veg. Det avgjerande er om vegen er open for gåande.

Elevar i den vidaregåande skolen som ikkje oppfyller vilkår om avstand, har ikkje rett til gratis transport eller full transportgodtgjersle sjølv om dei grunngir søknaden med særleg farleg skoleveg. Etter opplæringslova er det berre grunnskoleelevar som har rett på skyss grunna særleg farleg skoleveg.

Sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss for meir informasjon om bruk av ungdomsbillett til skoleskyss. Her finst òg kart over «ungdomsbillettområdet».

1.3.    Skoleskyss med båt
Heimel: Opplæringslova § 9-1

Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

Der det er nødvendig sender skolen søknad om privat transport med båt til Skyss på vegne av eleven og deira føresette. Det er Skyss som fattar vedtak i saka, og som har avgjerdsmynde i saker vedkomande skoleskyss med privat båttransport.

Reglane om «ungdomsbillettområde» gjeld òg med omsyn til båttransport, sjå punkt 1.2.

1.4.    Skoleskyss på medisinsk grunnlag
Heimel: Opplæringslova § 9-1, §9-2, § 28-7 ,forvaltningslova § 17, Udir-2-2019

Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis transport til og frå skolen. 

Det må vere funksjonshemminga eller sjukdomen som gjer at eleven har behov for skoleskyss. Omgrepet «funksjonshemming» vil kunne omfatte både varige fysiske og psykiske funksjonsvanskar.

Behovet for skoleskyss må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog. I særskilte tilfelle kan Skyss be om vurderingar utover dette, til dømes frå PP-tenesta. Mangelfull erklæring frå lege/behandlande psykolog kan føre til lengre saksbehandlingstid, og eventuelt avslag på søknad.

Fylkeskommunen vil kunne legge saka fram for rådgjevande legar, som kan hjelpe Skyss i vurderinga av eleven si reiseevne.

For reglar om følgeperson, sjå punkt 6.4.

Forklaring
Ein lege kan ikkje innvilge skoleskyss, men må gi forvaltninga grunnlag for å vurdere retten etter opplæringslova. Dersom eleven har behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat bil må dette vere grunngitt i dokumentasjonen. Utgangspunktet for skoleskyss er at alle elevar som kan, skal nytte kollektivtransport. 

Erklæringa må seie noko om:

  • grunnen til at eleven har redusert reiseevne (diagnose og beskriving av utfordringar med skolereisa)
  • kva type transport det blir søkt om (buss, skyss utført med eige transportmiddel, drosje)
  • anslått tidsrom for når eleven treng slik transport (veker, månader, år)


1.5.    Skoleskyss på midlertidig medisinsk grunnlag
Heimel: Opplæringslova § 9-1, forvaltningslova § 17, Udir-2-2019

For elevar som har ein akutt og midlertidig skade eller sjukdom, kan skolen bestille og sette i gang tilrettelagt skoleskyss før søknaden er behandla av Skyss. Det må vere den akutte skaden eller sjukdommen som gjer at eleven treng tilrettelagt skoleskyss etter punkt 1.4, og varigheita kan ikkje vere lenger enn 56 dagar.

Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring. Dersom skyssbehovet ikkje er dokumentert, eller dokumentasjonen er mangelfull, vil Skyss kunne stanse den oppsette transporten utan varsel.

Skolar som set i gang midlertidig medisinsk skyss utan tilstrekkeleg dokumentasjon på eleven sitt behov kan bli ansvarlege for kostnaden ved den utførte transporten.
For reglar om følgeperson, sjå punkt 6.4.

Forklaring
Ein lege kan ikkje innvilge skoleskyss, men må gi forvaltninga grunnlag for å vurdere retten etter opplæringslova. Dersom eleven har behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat bil må dette vere grunngitt i dokumentasjonen. Utgangspunktet for skoleskyss er at alle elevar som kan, skal nytte kollektivtransport. 

Erklæringa må seie noko om:

  • grunnen til at eleven har redusert reiseevne (diagnose og beskriving av utfordringar med skolereisa)
  • kva type transport det blir søkt om (buss, skyss utført med eige transportmiddel, drosje)
  • anslått tidsrom for når eleven treng slik transport (veker, månader, år)

Døme på akutt skade der skolane kan legge inn midlertidig medisinsk skoleskyss er beinbrot eller operasjon som krev avlastning hos eleven. Varige tilstandar som kan gi midlertidige behov for transport skal skolane legge inn som varig medisinsk skoleskyss.

Dersom skolen tek direkte kontakt med transportør og set i gang skoleskyss utan at dette har blitt søkt om,  blir dette rekna som bestillingstransport, som må dekkast av skolen.

2.    Særskilte grupper i VGS med og utan rett til skoleskyss

2.1.    Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
Heimel: Opplæringslova §§ 9-1 og 7-1, 3. ledd. 

Lærlingar, praksisbrevkandidat og lærekandidat blir ikkje definert som elevar når dei er i lære/praksis, og har difor ikkje rett til skyss etter opplæringslova.

Når lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar får opplæring i skole, gjeld reglane for elevar.

Dei som får sluttopplæring på skole og ikkje i bedrift, og framstiller seg til fag- eller sveineprøve som elev, blir også rekna som elevar. Desse har rett til skoleskyss som andre elevar etter gjeldande reglar.

For elevar i yrkes- og studiekompetanse (YSK), sjå punkt 2.2.

2.2.    Yrkes- og studiekompetanse, YSK
Heimel: Opplæringslova § 9-1, jf. § 7-1.

Dei som er tatt inn til vidaregåande opplæring med yrkes- og studiekompetanse, YSK, har rett til skoleskyss når dei får opplæring på skolen. 

Dei som har utplassering i bedrift er rekna som elevar, og har rett til gratis transport eller transportgodtgjersle også til utplasseringsstaden etter vanlege reglar.
Dei som er i lære og har teikna lærekontrakt vert rekna som lærling, og har ikkje rett til gratis transport eller transportgodtgjersle.

2.3.    Oppfølgingstenesta
Heimel: Opplæringslova § 9-4

Elevar som er knytt til Oppfølgingstenesta blir rekna som ordinære elevar etter §§ 9-1 og 28-7.

2.4.    Hospitantar
Heimel: Opplæringslova § 9-4

Dei som hospiterer i den vidaregåande skolen året før vidaregåande opplæring startar opp, har ikkje status som elev i den vidaregåande skolen, og har ikkje rett på skoleskyss etter opplæringslova.

Forklaring
Hospitering kan til dømes vere etter avtale mellom ungdomsskule, rehabiliteringsteam eller behandlingsinstitusjon og den potensielle eleven eller deira føresette.

2.5.    Vaksne med rett til vidaregåande opplæring
Heimel: Opplæringslova kapittel 21, jf.§§ 18-3 og 28-7, Rundskriv Udir-2-2008

Vaksne elevar som er tatt inn på vidaregåande skole gjennom ordinært inntak, har rett til skoleskyss på lik linje med andre elevar i vidaregåande skole til og med det skoleåret som tar til det året dei fyller 24 år. Frå og med skoleåret som tek til året etter eleven fyller 24 år har eleven ikkje rett på gratis skoleskyss.

Kandidatar som deltek på kurstilbod på ein vidaregåande skole har ikkje krav på transport eller godtgjersle.

Vaksne som er tatt inn i vidaregåande skole på særskilte vilkår, til dømes attføring, fell utanfor skyssansvaret i opplæringslova. Dei har ikkje rett på fri skoleskyss.

2.6.    Kombinasjonsklassar
Heimel: Opplæringslova kapittel 21 og § 18-2, Udir «Mer grunnskoleopplæring til ungdom» ( 01.10.2021), Skyss sin rettleiar for skoleskyss i grunnskolen, punkt 1.7

Elevar som har rett på vidaregåande opplæring, men som får meir grunnskoleopplæring for å kunne få nytte av vidaregåande opplæring, er rekna som elevar i grunnskolen. Deira rett til gratis skoleskyss er regulert i rettleiar for skoleskyss i grunnskolen, punkt 1.7.

3.    Eleven sin heim

3.1.    Adresse
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Prop. 57 L (2022-2023), s. 594-595

Elevar har rett til transport til og frå sin heim eller oppsamlingsplass nær heimen, dersom vilkåra for skyss elles er oppfylt. Eleven sin heim er i utgangspunktet den adressa eleven står oppført med i folkeregisteret. Ved delt bustad eller fast samvær kan begge føresette sine bustadar vere eleven sin heim. Hybeladresse, asylmottak, fosterheim og avlastningsheim kan òg bli rekna som eleven sin heim.

3.2.    Delt bustad og fast samvær
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Prop. 57 L (2022-2023), s. 594-595

Elevar som har fleire heimar har rett til transport til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra. Vurderinga blir gjort individuelt for kvar av adressene.

For at ei adresse skal vere rekna som eleven sin heim, må eleven sitt opphald på kvar adresse vere ei rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, ikkje improviserte enkeltbesøk. Det er ikkje eit krav om at eleven bur like mykje i kvar heim, men det avgjerande er at eleven faktisk bur to stadar.

Fordelinga av når eleven bur i kvar heim må vere skildra i søknad eller i eit vedlegg for at Skyss skal kunne godkjenne skoleskyss til begge heimar. Midlertidige endringar frå den faste planen gir ikkje rett på ny organisering av transport.

Skyss er ansvarleg for å organisere eit forsvarleg transporttilbod. Vurderinga av om eleven har rett til gratis skoleskyss, kva som er akseptabel reisetid og kva som er forsvarleg transport vil bli gjort sjølvstendig og konkret for begge heimane. 

Dersom ein av dei føresette bur slik til at dagleg skyss ikkje kan bli organisert innanfor forsvarlege rammer, vil eleven ikkje ha rett til gratis skoleskyss til og frå denne heimen. I slike tilfelle må eleven eller eleven sine føresette enten sjølve ordne med transport, revurdere eleven sin busituasjon eller innlosjere eleven.

Elevar med to heimar vil kunne ha rett til skyss til og frå begge heimane, sjølv om den eine heimen ligg i eit anna fylke enn skolen eleven går på. Det vil likevel vere det fylket der eleven er folkeregistrert som har opplæringsansvaret for eleven, og som er ansvarleg for kostnader ved transporten.

3.3.    Hybel
Heimel: Opplæringslova § 9-13, Udir-2-2019

Dersom eleven bur på hybel blir denne rekna som eleven sin heim. Heimreiser til føresette sin bustad i helgar, feriar eller fridagar er ikkje rekna som skoleskyss, og blir ikkje dekka.

3.4.    Asylmottak
Heimel: Opplæringslova § 9-1, jf. § 5-1.

For elevar som bur i asylmottak, blir asylmottaket rekna som eleven sin heim.

3.5.    Fosterheim
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Prop. 57 L (2022-2023), s. 594

Når ein elev bur i fosterheim etter offentleg vedtak, blir fosterheimen rekna som eleven sin heim. Dersom eleven bur midlertidig i beredskapsheim eller liknande gjeld reglane om midlertidig bustad, punkt 3.6.

Det er kommunen som har fatta vedtak om plasseringa i fosterheim som er styrande for kva fylkeskommune som er ansvarleg for transporten.

Forklaring
Dersom eleven bur eller går på skole i eit anna fylke enn sitt heimfylke og ikkje kan nytte offentleg kollektivtransport må transportmiddel avklarast i samarbeid mellom heimfylket og fylket der eleven bur.

3.6.    Avlastningsheim
Heimel: Opplæringslova §9-1, jf. § 8-3 og Prop. 57 L (2022-2023), s. 594

For elevar som har tilbod om avlasting etter kommunalt enkeltvedtak blir avlastingsheimen rekna som eleven sin heim dei dagane eleven har slikt tilbod. 

Dersom avlastingsheimen ligg i eit anna fylke, er heimfylket ansvarleg for å dekke persontaksten.

Forklaring
Det kan godkjennast transport til både avlastingsinstitusjonar og hos privat avlastar i regi av kommunen. Kopi av enkeltvedtaket om avlastning må leggast ved søknaden om skyss til/frå avlastningsheimen. Private ordningar om avlastning utan offentleg vedtak, til dømes hos andre familiemedlemer, fell utanom retten til skoleskyss.

3.7.    Midlertidig bustad utanfor heimen og fleire bustader i løpet av året
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Udir-2-2019, og Q-06/2007 frå Barne- og likestillingsdepartementet

Elevar som midlertidig bur utanfor heimen vil normalt ikkje ha rett til gratis skoleskyss frå denne adressa.

Elevar som etter offentleg vedtak bur midlertidig utanfor heimen vil likevel kunne ha rett til gratis skoleskyss dersom vilkåra elles er innfridde. Dette gjeld også om midlertidig bustad er i eit anna fylke. Uforsvarleg lang reisetid eller ekstraordinære kostnader kan føre til at retten til skoleskyss blir avgrensa. 

I tilfelle der eleven bur midlertidig utanfor heimen vil det bli tatt omsyn til at eleven kan vere i ein vanskeleg livssituasjon, og involverte instansar bør vere fleksible og ha evne til å ta raske avgjersler.

I barnevernssaker der det er fatta vedtak om at eleven skal bu på korttidsinstitusjon eller i midlertidig beredskapsheim, har det statlege eller kommunale barnevernet som har fatta vedtaket ansvar for meirkostnader ved transport fram til eleven har fått ein meir permanent bustad.

Elevar som har fleire faste bustader i løpet av skoleåret har rett på gratis skoleskyss dersom vilkåra elles er oppfylt. Har bustaden funksjon som ferie- eller fritidsbustad, har elevar ikkje rett på skyss.

Forklaring
Døme på faste bustader i løpet av året er dersom heimen driv turistbedrift med sesongdrift og stølsdrift.

Døme på midlertidig bustad som kan gi rett på fylkeskommunal skoleskyss er opphald på krisesenter, helseinstitusjon eller opphald i midlertidig avlastningsheim.

Bustad utanfor heimen som skuldast andre meir «frivillige tilhøve» som t.d. oppussing/utleige av heimen, gir ikkje rett til gratis skoleskyss. Utgifter til skoleskyss grunna midlertidig bustad utanfor heimen grunna brann, vasskade eller liknande dekkast ikkje av opplæringslova sine føresegner. I slike tilfelle kan husstanden ha moglegheit til å rette krav til sitt forsikringsselskap.

3.8.    Elevar i helseinstitusjon
Heimel: Opplæringslova § 28-4, jf.§ 9-1, Rundskriv Udir-2-2019

Elevar som er innlagde på helseinstitusjonar i Vestland har rett til gratis skoleskyss dersom vilkåra for gratis skoleskyss elles er innfridd. Retten gjeld berre for innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten.

Retten gjeld òg for elevar som er barn av eller søsken til personar som er innlagt på slik helseinstitusjon, når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for barnet eller søsken.

3.9.    Heimreise i helgar for internatelevar ved skolar som har opplæring i og på teiknspråk 
Heimel: Opplæringslova § 6-3

For funksjonshemma elevar som går på skolar som har opplæring i og på teiknspråk og bur på internat dekker Skyss inntil 6 heimreiser pr. skoleår. Det er ein føresetnad at eleven nyttar det rimelegaste kollektive transportmiddelet.

Dersom opphaldet ved skolen berre omfattar delar av skoleåret blir talet på heimreiser avkorta tilsvarande.

Skyss dekker heimreiser berre innan Vestland fylke.

4.    Eleven sin opplæringsstad

4.1.    Hovudregel om opplæringsstad
Heimel: Opplæringslova §§ 9-1 og 28-7 

Retten til skoleskyss er som hovudregel knytt til skolen der eleven er tatt inn. 

Skyss i skoletida er ikkje rekna som skoleskyss, og blir ikkje dekt av skoleskyssordninga.

Forklaring
Døme på transport som fell utanfor skoleskyssordninga er transport mellom undervisningsstader, eller i samband med utflukter og liknande. Den enkelte skole må organisere og finansiere slik transport.

4.2.    Skyss til private vidaregåande skolar
Heimel: Privatskolelova §§ 2-1 og 3-7, Opplæringslova §§ 5-1, 9-1 og 9-2

Elevar ved privatskolar som er godkjent til statstilskot, har rett til skyss etter dei same vilkåra som elevar i den offentlege skolen. Andre private skolar er ikkje omfatta av retten til skoleskyss.

Retten til skyss, reisefølge og tilsyn for elevar i privatskolar gjeld berre innanfor fylkesgrensa der eleven bur. For elevar med fleire bustader skal retten vurderast individuelt for kvar adresse.

Retten til skyss gjeld ikkje skolar i utlandet.

Forklaring
Vurderinga av om reisa er forsvarleg er avgrensa til den delen av reisa som er innanfor fylkesgrensa. Eleven eller deira føresette må sjølve syte for skyssen mellom fylkesgrensa og skolen.

Tilrettelagt transport til fylkesgrensa blir ikkje godkjent og sett i gang før Skyss har fått tilbakemelding om korleis resten av reisa blir organisert og finansiert.

Ved delt bustad kan eleven ha rett til skoleskyss frå begge føresette si adresse etter reglane i kap. 1.1, men berre innanfor fylkesgrensa for kvar av adressene. Det er ikkje avgjerande kvar eleven er folkeregistrert.

Døme: Elev bur i fylke A når ho er hos mor og går på privat skole der, men bur i fylke B når ho er hos far. Avstanden mellom heimen og skolen i fylke A er over 6 km, og avstanden mellom heimen og fylkesgrensa i fylke B er 500 m. Eleven vil då ha skyssrett mellom heimen og skolen innanfor fylke A når ho bur hos mor. Fordi det er gangavstand mellom heimen fram til fylkesgrensa i fylke B vil eleven ikkje ha rett til gratis skoleskyss når ho bur hos far. Reisa mellom fylkesgrensa og skolen vil eleven eller dei føresette vere ansvarlege for.

4.3.    Obligatorisk utplassering
Heimel: Opplæringslova § 9-1, jf. § 7-1, Prop L.nr.57 s.661 

I dei tilfella utplassering i arbeidspraksis av elevar er ein obligatorisk del av undervisninga blir transport dekka etter same reglar som for skyss mellom heim og skole. Elevar som må bu vekke i samband med utplassering kan få godtgjersle for dagleg skyss mellom bustad på utplasseringsstaden dekka etter same reglar som for skyss mellom heim og skole. 

Reglane om ungdomsbillett gjeld også for transport til/frå utplassering.

Det er ein føresetnad at utplasseringsstaden er i Vestland fylke og at dagleg skyss er forsvarleg. Unntak gjeld for elevar som bur i grenseområde til andre fylke. Dei kan få dekka utgifter til dagleg transport til utplasseringsstad i nabofylke etter same reglar.  

Reisa til bustad på praksisstad blir ikkje dekka, med mindre det kan dokumenterast at det ikkje er mogeleg for eleven å få praksisplass nærmare heimen. Skyss vil i slike tilfelle dekke ein tur/retur pr. praksisperiode.

Søknad om transport skal vere meldt inn og behandla av Skyss før fri skoleskyss blir iverksett. 

Forklaring
Det er ein føresetnad at elevar som får dekka transport i samband med obligatorisk utplassering/praksis nyttar det rimelegaste kollektive transportmiddel. Ved krav om refusjon skal kvitteringar leggjast ved. Refusjonskrav utan kvittering vil ikkje bli utbetalt.
Elevar som køyrer sjølve og har fått godkjent skoleskyss med køyregodtgjersle må sende inn refusjonsskjema. Sjå punkt 6 for informasjon om refusjon av utgifter.

4.4.    Skoleplass i anna fylke
Heimel: Opplæringslova §§ 9-1, 28-7, Prop.57L (2022-2023) s.658
 
Retten til skoleskyss for elevar heimehøyrande i Vestland som går på skole i andre fylke gjeld dersom ein av følgjande føresetnader er oppfylte:

a)    Eleven går på ei line det ikkje er tilbod om i Vestland.
b)    Eleven får ikkje skoletilbod/utplasseringsplass i Vestland.
c)    Eleven går på skole utanfor fylket etter avtale mellom Vestland fylkeskommune og vedkomande fylke (gjesteelev).

For elevar i private vidaregåande skolar gjeld eigne reglar, sjå punkt 4.2.

Fylkeskommunen har ikkje ansvar for skyss når eleven sjølv vel vidaregåande opplæring i eit anna fylke dersom Vestland fylkeskommune gir tilsvarande tilbod.

Elev heimehøyrande i andre fylke som går på vidaregåande skole i Vestland fylke må søke om skoleskyss frå heimfylket.

Forklaring
Ein gjesteelev er i § 19-2 i forskrift til opplæringslova definert som elev som er tatt inn til eit vidaregåande skoletilbod i eit fylke der eleven ikkje er folkeregistrert pr. 1. januar det året kurset startar. Folkeregistrert adresse pr. 1. januar er avgjerande for kva for eit fylke som har økonomisk ansvar for skoleplass og skoleskyss det komande skoleåret dersom det ikkje føreligg særskilte avtalar mellom fylkeskommunane.

Eleven er sjølv ansvarleg for å sende søknad om skoleskyss/skyssgodtgjersle til fylkeskommunen. Eleven må legge ved stadfesting frå opplæringsavdelinga på at skoleplass i anna fylke er innvilga.

4.5.    Landslinje og statlege vidaregåande skolar
Heimel: Opplæringslova §§ 9-1 og 28-7 og Prop. 57 L (2022-2023) s. 696

Elevar som tar vidaregåande utdanning ved statlege vidaregåande skolar eller landslinjer har rett på skyss mellom heim (hybel/internat) og skole etter dei same retningslinjene som andre elevar. Skyssutgifter blir dekka etter rimelegaste kollektive reisemåte.

Forklaring
Landsdekkande linjer er eit tilbod som er finansiert av fylkeskommunane, og er ikkje det same som landslinjer, som er eit statleg finansiert tilbod. Skoleskyss i samband med skoleplass her følger reglane i punkt 4.4.

4.6.    Reise til kompetansesenter
Elevar som etter avtale med Vestland fylkeskommune mottar deltidsundervisning ved kompetansesenter for personar med nedsett funksjonsevne kan få dekt reiseutgifter etter rimelegaste kollektive reisemåte.

Eleven må på førehand søke om å få dekt reiseutgiftene.

Forklaring
Ordninga omfattar berre eleven sjølv. Dersom eleven må ha med seg følgeperson er skolen ansvarleg for å dekke kostnader til dette.

5.    Tilrettelagt skoleskyss

5.1.    Generelle reglar
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Prop. 57 L (2022-2023) s. 594-595 , SOM-2015-3340

I særskilte tilfelle kan Skyss godkjenne tilrettelagt skoleskyss mellom heimen og skolen. Tilrettelagt skoleskyss betyr i denne samanheng skoleskyss utført med drosje, sjå punkt 5.2, eller med eige transportmiddel, sjå punkt 5.3.

Tilrettelagt skoleskyss kan bli innvilga av Skyss i følgande tilfelle:

  • Det manglar offentleg rutetilbod.
  • Strekninga mellom heim og offentleg transportmiddel er over 3 km (sidevegsskyss) når eleven elles har rett på fri skoleskyss.
  • Behov for tilrettelegging av skoleskyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.4.

Det er Skyss som skal innvilge og organisere tilrettelagt skyss. Det kan gjelde heile eller deler av skolevegen. Ved manglande offentleg rutetilbod kan Skyss velje anten å organisere eit tilrettelagt skysstilbod eller å gi full skyssgodtgjersle til eleven/føresette.

Forklaring
Transport mellom skole og medisinsk behandling er ikkje å rekne som skoleskyss. Dette er helseføretaka sitt ansvarsområde.

5.2.    Eleven sine rettar og plikter i samband med tilrettelagt skoleskyss med drosje
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Udir-2-2019 

Skyssretten er avgrensa til skolen sine ordinære start- og sluttider. 

Elevar som har innvilga skoleskyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.5, kan få skoleskyss til tilrettelagt timeplan om behovet er dokumentert og timeplanen er fast. Dei kan òg få skyss til tilsynsordning i den vidaregåande skolen (TIV). Sjå og punkt 7.1. 

Skoleskyss utført med drosje erstattar rutegåande transport, og hentetider kan ikkje endrast midlertidig etter behov. Midlertidige endringar i timeplanen gir ikkje rett på endra tider for skoleskyss. Dersom skolen likevel ønsker skyss til varierande tider eller midlertidig timeplan blir dei ansvarlege for organisering og kostnad av skyssen. Hyppige endringar i timeplan kan bli vurdert som midlertidige endringar, og avgrense retten til skyss.

Elev/føresette/skole gjer avtale med transportøren om faste hente- og bringetider med utgangspunkt i dei ordinære start- og sluttidene. Transportør som utfører tilrettelagt skoleskyss på vegne av Skyss kan sette føringar for hente- og leveringstider. 

Elevar må rekne med å bli henta/levert på ein oppsamlingsplass der dette er mogeleg. Eleven må vere klar til avtalt tid. Grunna køyreplan og samkøyring kan transportør køyre vidare dersom eleven ikkje er klar til avtalt tid.

Transportøren skal legge opp køyreruta slik at eleven får ei forsvarleg reise- og ventetid. For elevar med behov for tilsyn må skolane minst kunne ta imot desse 15 minutt før skolestart. Tilsvarande må skolen minst legge til rette for at elevane kan bli henta 15 minutt etter skoleslutt. Elevar kan ha noko lengre ventetid enn 15 minutt på skolen før og etter skoledagen, der dette følger av avtale eller det er vurdert at eleven samla sett har ei forsvarleg reise- og ventetid.

All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagte skyssen. Det betyr at eleven kan få ekstra køyretid som følge av slik samordning. Ein må og vere førebudd på inntil 15 minutt forseinking frå avtala hentetid grunna variasjon i trafikale forhold.

Transport mellom skole og medisinsk behandling er ikkje å rekne som skoleskyss. Dette er helseføretaka sitt ansvarsområde.

Henting utanom fastsette hentetider i samband med akutt sjukdom fell utanfor retten til skoleskyss etter opplæringslova. I slike tilfelle er føresette sjølve ansvarlege for transport.

Forklaring
Elevar har ikkje rett til å bli henta til uregelmessige tider. Dette gjeld til dømes skoleavslutningar, eksamen og liknande.

Elevar med tilrettelagt skyss på medisinsk grunnlag vil som hovudregel reknast å ha behov for tilsyn før og etter skolestart, med mindre anna kjem fram i ei konkret vurdering for eleven.

5.3.    Privat utføring av skoleskyss mot godtgjersle  
Heimel: Opplæringslova § 9-1, opplæringsforskrifta § 8-1, Prop. 57 L (2022-2023) s. 594, Udir-3-2011

Fylkeskommunen skal gi eleven full skyssgodtgjersle dersom dei ikkje vel å tilby
gratis skyss. I tilfelle der Skyss vel å ikkje organisere eit skysstilbod må eleven avklare val av transportmiddel med Skyss så snart som mogleg. I desse sakene blir faktiske og nødvendige utgifter refundert i tråd med forskrift til opplæringslova.
For elevar som har fått innvilga tilrettelagt skyss med drosje kan ein søke om å utføre dette som eigentransport med refusjon etter gjeldande satsar.

Køyregodtgjersle blir innvilga for køyring til og frå skolen innan dei ordinære start- og sluttider. Skyssutøvarar som utfører privat skyss og køyrer eins ærend får dekka reise både tur og retur.

Skyss med eige transportmiddel skal søkast om og godkjennast av Skyss på førehand. Det blir ikkje godtgjort for køyring med tilbakeverkande kraft.

Refusjonen blir utbetalt etterskotsvis. Skyssutøvarar skal sende inn oversikt over faktisk utført køyring på eige skjema i samband med innsending av refusjonskrav. Kravet bør vere innsendt seinast innan 6 månader etter avslutta skoleår. Skjema for refusjon skal vere attestert av skolen før det blir lagt ved krav om utbetaling. Krav som ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon vil ikkje bli utbetalt.

Skyssgodtgjersle blir godtgjort etter statens satsar for skattefri kilometergodtgjersle. I tillegg til km-satsen kan skyssutøvarar få dekt andre nødvendige kostnader som er dokumentert.

Forklaring
Andre nødvendige kostnader kan mellom anna vere betaling av bompengar og ferjeturar. Alle utgifter utover kilometergodtgjering blir godtgjort etter billegaste måte (rabattavtale) og må vere dokumentert. Skolen må kontrollere utgiftene før refusjonen blir sendt til Skyss. Berre dokumenterte utgifter blir refundert.

Alle utgifter til skoleskyss skal vere ført i refusjonsskjema. Skjema må vere attestert av skolen og leggjast ved refusjonskrav. Skjema for refusjon med informasjon om satsar ligg på Skyss sine heimesider. Sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss.

6.    Skysstandard og reisetid

6.1.    Organisering av skysstilbod
Heimel: Opplæringslova § 9-1, Prop. 57 (2022-2023) s. 594-595, Udir-2-2019

Skyss skal organisere eit skyssopplegg som er rasjonelt og økonomisk forsvarleg. All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagde skoleskyssen.

Skyssretten er avgrensa til skolen sine ordinære start- og sluttider. Elevar som har innvilga skyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.4, kan få skoleskyss til tilrettelagt timeplan om behovet er dokumentert og timeplanen er fast.

Skyssløysinga kan bli endra i løpet av skoleåret dersom det kjem ny informasjon eller endringar i tilhøva.

Forklaring
Skyssretten gjeld til dei faste tidene klassane har gjennom skuleåret, og blir organisert til desse tidene. Skoleskyssen blir ikkje tilpassa til dømes fritak frå enkelttimar, akutt sjukdom, eksamen eller skoleavslutning.

6.2.    Akseptabel gangavstand til transportmiddel
Heimel: Opplæringslova § 9-1 Prop. 57 L (2022-2023) s. 594, Udir-2-2019

Skyssretten er knytt til strekninga mellom heim og skole. Eleven må pårekna å måtte ta seg fram ein rimeleg distanse til ein oppsamlingsplass. Elevar med fri skoleskyss på medisinsk grunnlag, sjå punkt 1.4, vil ha rett på transport frå sjølve heimen dersom det ikkje er forsvarleg at dei tek seg fram til ein oppsamlingsplass.

Gangavstanden til haldeplass/oppsamlingsplass kan vere inntil 3 km. Elevar som har lengre gangavstand enn 3 km kan søke om tilrettelagt skyss på denne strekninga, sjå punkt 5.1. Det er ein føresetnad at vilkåra for rett til fri skyss i opplæringslova § 9-1 er oppfylt.

Avstandsgrensa for sidevegskyss er rettleiande. I ei totalvurdering kan det i tillegg til avstand bli vektlagt:

  • om eleven har ein funksjonshemming, sjukdom eller skade
  • samla reisetid
  • framkomst på veg
  • samfunnsøkonomisk forsvarleg kostnad 

6.3.    Akseptabel reisetid
Opplæringslova § 9-1, Udir-2-2019 punkt 5, Prop. 57 (2022-2023) s. 594-595 

Reise- og ventetid skal vere forsvarleg både med omsyn til den enkelte elev og ei rasjonell organisering av skyssen. 

I vurderinga av om eleven si reise er forsvarleg blir gangtid, ventetid og tid med transportmiddel sett i samanheng. I tillegg blir det lagt vekt på:

  • kvar eleven må vente (på skolen, ute, i venterom)
  • om ventetida er i skolen si ordinære opningstid
  • kor stor del av reisetida som er på transportmiddel
  • rasjonell og samfunnsøkonomisk organisering av skyssen

Ekstraordinært kostbare skyssordningar og skyssordningar med særleg lange reisetider kan medføre at dagleg skyss ikkje blir vurdert som forsvarleg. I slike tilfelle må eleven eller deira føresette enten sjølve ordne transport, revurdere eleven sin busituasjon eller innlosjere eleven. 

Forklaring
Det er ikkje sett maksimale reisetider for skoleskyss i lovverket og elevane må akseptere ei viss reisetid i samband med skoleskyssen. Elevar med lang avstand mellom heim og skole må rekne med lengre samla reisetid. 

Generelt er det forventa at ventetid innanfor skolen sine generelle opningstider kan bli brukt til skolearbeid. Enkeltelevar som grunna fagkombinasjonar får fritimar som fell på starten eller slutten av skoledagen, slik at dei får ei anna start- og/eller sluttid enn resten av sin klasse og trinn kan ikkje rekne med at det blir sett opp eigen skyss til desse tidene. Skyss må gjere ei konkret vurdering av den totale reise- og ventetida sett opp mot eleven sine føresetnader og ei rasjonell organisering av skyssen for å avgjere kva som vil vere ei forsvarleg ordning.

Dei fleste elevar med skoleskyss på medisinsk grunnlag i den vidaregåande skolen vil ha ei samla reise- og ventetid innanfor 75 minutt ein veg. Reisetida vil bli påverka av avstand, samkøyring og trafikkale tilhøve, og det vil ikkje alltid vere mogleg å organisere skoleskyss innanfor denne ramma. Dette vil særleg gjelde elevar som reiser langt, brukar ferje eller båt på skolereisa eller har spesielt utfordrande trafikksituasjonar mellom heim og skole. 

6.4.    Reisefølge og tilsyn
Heimel: Opplæringslova §§ 9-2, 12-3 og 28-7, Prop. 57 L (2022-2023) s. 595, merknad til opplæringslova § 9-2, Rundskriv Udir-2-2019

Elevar har rett til reisefølge dersom dette er nødvendig for at eleven skal kunne nytte seg av det skysstilbodet dei har rett til. Elevar som kan trenge medisinering undervegs i transporten, må ha med følge. Ansvar for medisinering eller medisinsk hjelp under transport kan ikkje leggast på sjåfør.

Elevar har rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før undervisninga startar og etter at undervisningstida er avslutta.

Skolen har ansvar for organisering av tilsyn og følge. Behov for reisefølge og tilsyn må meldast til skolen.

Transport av reisefølge gjeld på same strekning som eleven. Dersom skolen ønskjer transport av reisefølge utover dette må det avtalast særskilt med transportør, og skolen vil vere ansvarleg for meirkostnadane. 

Behov for reisefølge og tilsyn for elevar i private vidaregåande skolar må skolen avklare med fylkeskommunen ved avdeling for opplæring og kompetanse.

Forklaring
Elevar som treng hjelp til klargjering før eller etter skyss, til dømes på- og avkleding, hjelp i trapper, oppgangar eller gardsplass, må få dette av føresette eller tilsette ved eleven sin bustad eller skole.

Reglane om reisefølge og tilsyn gjeld òg for elevar i privatskolar.

6.5.    Psykososialt miljø
Heimel: Opplæringslova kapittel 12, Prop.57L (2022-2023) s.610, Udir-2-2019

Eleven har rett på eit godt psykososialt miljø på skolen.

Dersom forhold på skolevegen gjer at ein elev ikkje opplever det som trygt og godt å vere på skolen, har skolen ein plikt til å hjelpe eleven. Dette inneber at forhold på skolevegen kan føre til tiltak for å sikre eit trygt og godt skolemiljø på skolen.

Forklaring
Tiltak kan for eksempel vere at det blir sett inn tilsyn på skolereisa.

6.6.    Innlosjering
Heimel: Opplæringslova § 9-3

Fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til, eller som har så lang veg, at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Om nødvendig skal fylkeskommunen bygge elevheim.

7.    Samordning

7.1.    Generelle reglar
Heimel: Opplæringslova § 28-7 (4), Prop. 57 L (2022-2023) s. 290 om “Korleis skyssen skal organiserast”

Skolane skal etterstreve å samordne oppstart og avslutning av skoleåret, feriar og fridagar med skoleruta til kommunen der skolen ligg. Skolane skal òg forsøke å samordne sine start- og sluttider med omkringliggjande grunn- og vidaregåande skolar, så langt det lèt seg gjere. 

Skolane må vidare etterstreve å samordne start- og sluttider for elevar med tilrettelagt timeplan som har behov for tilrettelagt skyss av medisinske grunnar, sjå punkt 1.4.

Behov for tilpassing av skoleruta eller endringar i skolen sine start- og sluttider skal meldast til Skyss innan 1. mars. I vurdering av om Skyss kan tilpasse tider for kollektivtransport vil det særleg bli lagt vekt på om skyssen kan bli samordna for skolar i same område. Dette gjeld både for vidaregåande skolar og grunnskolar.

Det kan ikkje påreknast  at Skyss kan tilpasse tider for kollektivtransport dersom det blir meldt om endringar etter 1. mars. Det same gjeld dersom det er meldt om endringar i tider eller skolerute som kan verke inn på skyss for andre skolar. 

Forklaring
Betre samordning på tvers av skoleruter og start- og sluttider bidrar til eit meir heilskapleg tilbod for elevane og meir effektiv organisering av skoleskyss.

Kravet til samordning av skyssen tilseier at Vestland fylkeskommune ved Skyss bør vere uttalepart i saker som gjeld endra skolestruktur (nedlegging, samanslåing og annan omstrukturering som verker inn på skoleskyss).

7.2.    Informasjonsplikt
Heimel:  Prop. 57 L (2022-2023) s. 598-599, merknad til opplæringslova § 10-3, forvaltningslova § 11

Fylkeskommunen har plikt til å informere elevane om deira skyssrettar.

Skyss og sentraladministrasjonen vil informere skolane og gjere tilgjengeleg informasjonsmateriell. Skolane må informere vidare til elev/føresette om gjeldande regelverk og retter.

Forklaring
Skoleskyssen er organisert slik at det er den enkelte skole som administrerer skoleskyss på vegner av sine elevar, og fungerer som bindeledd mellom elev/føresett og Skyss. Dette inneber at skolen må gjere seg kjent med gjeldande regelverk og informere og hjelpe ved innhenting av informasjon. Dei må og hjelpe elevar og føresette med avklaring av detaljer om skyss som er innvilga.

8.    Reglar for bruk av skoleskyssbevis

8.1.    Generelle reglar
Alle elevar som får innvilga gratis skoleskyss, og som nyttar offentleg transport, får tildelt ein skoleskyssbillett for buss (ev. andre transportmiddel som båt, tog, ferje). 

Skoleskyssbillettane er tilpassa skoleruta og gjeld med følgjande avgrensingar:

  • Skoleskyssbilletten er gyldig mellom heimen og skolen.
  • Skoleskyssbilletten kan nyttast til 2 reiser pr. skoledag med eventuell omstiging.
  • Skoleskyssbilletten er ikkje gyldig i helgar, feriar og fridagar.
  • Skoleskyssbilletten gjeld for maksimalt 190 skoledagar.

Skoleskyssbilletten er personleg, og kan ikkje brukast av andre, eller på andre strekningar enn mellom heim og skole. Billetten kan bli brukt på valfri avgang mellom heim og skole i tidsrommet billetten er gyldig.

Skolen skal deaktivere elevar sin skoleskyss dersom eleven sluttar, flyttar eller av andre grunnar går ut av skyssordninga midt i skoleåret. Elevar som går ut av skyssordninga må levere inn fysisk skoleskyssbillett til skolen. 

Forklaring
Elevar med rett til skoleskyss får to skoleskyssbillettar kvar dag: Éin frå heim til skole som kan nyttast i tidsrommet kl. 06:00-12:00, og éin frå skole til heim som kan nyttast i tidsrommet kl. 12:00-22:00. Skoleskyssbilletten kan ikkje nyttast for til dømes reiser til og frå fritidsaktivitetar eller til andre stader enn mellom heim og skole, men kan bli brukt på valfri avgang innanfor tidsrommet billetten er gyldig. Dei som har fleire moglege avgangar kan derfor velje å reise seinare eller tidlegare, til dømes dersom dei har aktivitetar på skolen etter skoleslutt. Skoleskyssen og skoleskyssbilletten er tilrettelagt for reise til skolen sine start- og sluttider. Tidsrommet for skoleskyssbilletten og avgangar med kollektivmiddel vil ikkje bli utvida eller tilpassa andre aktivitetar.

Kostnadene ved skoleskyss blir delt mellom Skyss og opplæringsavdelinga. Opplæringsavdelinga blir fakturert tilsvarande månadskort for vaksne per elev per månad. Fakturering blir gjort ut i frå når det meldast i frå om at eleven går ut av skyssordninga. Ein kan altså ikkje melde ut med «tilbakeverkande kraft».

8.2.    Tap og feil på skoleskyssbillett
Ved tap eller feil på skoleskyssbillett gjeld følgjande:
•    Melding om feil, tapt eller øydelagd skoleskyssbillett skal snarast meldast via skolen til Skyss.
•    Ved fysisk billett vil eleven få utlevert ny skoleskyssbillett på skolen.
•    Fysisk skoleskyssbillett som er meldt tapt blir sperra og kan ikkje brukast seinare.

8.3.    Misbruk
Heimel: Transportvedtekter § 4

Ved misbruk eller ugyldig skoleskyssbillett blir den reisande sanksjonert i tråd med transportvedtektene.

Forklaring
Sjå https://www.skyss.no/billett-og-pris/transportvedtekter/ for meir informasjon om transportvedtekter.

8.4.    Vedtak og klagerett
Heimel: Forvaltningslova §§ 17, 28 og 35, opplæringslova § 29-1

Vedtak om skoleskyss er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Vedtaket om skoleskyss kan klagast på av part eller dei med rettsleg klageinteresse. Frist for å klage er tre veker rekna frå den dagen vedtaket kjem fram til mottakar.

Ei eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune ved Skyss, som då vil behandle saka på nytt. Dersom Skyss opprettheld vedtaket, kan saka bli sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som fattar endeleg vedtak.

Fylkeskommunen skal syte for at saka er tilstrekkeleg opplyst for å fatte vedtak. Elevar og føresette må gi skolen og fylkeskommunen den informasjonen som er nødvendig for at det kan fattast vedtak om skoleskyss. Dersom det ikkje blir gitt slik informasjon kan det føre til at søknaden blir avslått.

Dersom eit vedtak er gjort på openbert feil grunnlag, kan fylkeskommunen gjere om vedtaket, jf. forvaltningslova sine føresegner.

Klageretten gjeld vedtak om retten til skoleskyss og organiseringa av skoleskyssen.