Hopp til hovedinnald

Skoleskyssordninga gir eleven rett til: 

  • Rett til fri skoleskyss mellom heim og skole til faste start- og sluttider, på ordinære skoledagar (ikkje laurdag, søndag eller skoleferiar).
  • Skoleskyss dekker ikkje skyss til og frå fritidsaktivitetar og liknande.

Desse kan få innvilga skoleskyss:

  • 1. klassingar som bur minst 2 kilometer frå skolen.
  • 2.-10. klassingar som bur minst 4 kilometer frå skolen.
  • Vidaregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområdet eller er for gamle til å kjøpe ungdomsbillett, og har meir enn 6 kilometer til skolen.
  • Elevar som har for kort avstand, men der skolevegen blir definert som særleg farleg (søknad sendast til kommunen).
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonsnedsetjing eller sjukdom kan ha rett på skyss mellom skole og heim, uavhengig av reiselengde.

Om du meiner du har rett på gratis skoleskyss må du kontakte skolen, som søker om skoleskyss på vegne av elevane.

Vidaregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområdet og skal søke om skolereisekort for buss, kan søke sjølv her.

Ikkje krav på skoleskyss?
Her finn du informasjon om korleis du kan kjøpe vanleg billett.