Haukeliekspressen
Skyss garanterer korrespondanse med Haukeliekspressen for deg som reiser til og frå Bergen.
Det vil seie at dersom du skal reise til og frå Bergen med overgang på Seljestad til Haukeliekspressen, skal du komme fram til målet for reisa.
Det er forpliktande korrespondanse mellom Skyss sitt lokaltilbod i Hordaland på strekninga Bergen – Odda/Seljestad og Haukeliekspressen Haugesund – Oslo. Korresponderande busser til Haukeliekspressen går heile vegen til / frå Bergen - Seljestad
Sjå rutetidene for Skyss som korresponderer med Haukeliekspressen her Sjå rutetidene for Haukeliekspressen her
Bruk av Skyss enkeltbillett
På Haukeliekspressen kan du på strekninga Odda-Røldal-Etne reise med Skyss enkeltbillett som er gyldig i sone D. Du kan kjøpe billetten i Skyss sine kanalar, om bord i bussen eller i NOR-WAY sine kanalar. Dersom du har billetten på Skysskort, må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort.
Billettar kjøpt i NOR-WAY sine kanalar er berre gyldige på NW180 Haukeliekspressen. Dei kan ikkje brukast på Skyss sine transportmiddel. Unntaket er dersom du har kjøpt billett hos NOR-WAY til Haukeliekspressen, der billetten også gjeld heile eller deler av strekninga Seljestad-Bergen. Denne billetten kan brukast på Skyss linje 930.