Hopp til hovedinnald

Bestill bussen her 

Bestillingstransport i Kvinnherad er eit tilbod der du kan bestille ein buss som kjem når du treng han, og som køyrer deg dit du skal på Husnes. Det er plass til rullestol og barnevogn om bord.

Bussen køyrer måndag til fredag 09.00–14.00 og 16.00–22.00.
Bussen køyrer ikkje på heilagdagar.

Bestillingsbussen køyrer innanfor det markerte området på kartet.

Du kan bestille bussen på ulike måtar:

  • Last ned appen Skyss Bestilling og legg inn bestillinga di.
  • Bestill på nett her
  • Ring oss på telefon 55 55 90 99 måndag-fredag klokka 08.00-17.00.

Du kan bestille bussen så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Dersom fleire skal reise på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å vente. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig kva tid bussen kjem. 

Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil éin månad fram i tid.

Kva kostar det?

Bestillingsbussen har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett  dersom du har det. Hugs at du uansett må bestille bussen.

Korleis kjøper eg billett?

Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.

Kven kan bruke bestillingsbussen?

Bestillingsbussen er for alle. Du kan for eksempel bestille han dersom du skal på handletur, på trening, til legen eller på besøk.

Lurer du på noko?

Du kan kontakte oss måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 17.00. Ring oss på 55 55 90 99, så hjelper vi deg.

Reisegaranti

Her kan du lese meir om reisegaranti og billettrefusjon.

Bestillingstransport i Masfjorden er eit tilbod der du kan bestille reisa di. Bestillingsrutene går langs faste strekningar til faste tider, men berre om ruta er bestilt. Rutene blir køyrde med taxi, men er merka med Skyss i vindauget. Sjå detaljar om rutene lenger nede.

Du kan bestille transport på ulike måtar:

  • Last ned appen Skyss Bestilling og legg inn bestillinga di.
  • Bestill på nett her
  • Ring oss på telefon 55 55 90 99 måndag-fredag klokka 08.00-17.00.

Du kan bestille transport så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før reisa. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig kva tid bussen kjem.

Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil éin månad fram i tid.

Dette er rutene med bestillingstransport

Solheim - butikken på Haugsvær

Køyrer frå Solheim torsdagar klokka 09.30.
Køyrer frå butikken på Haugsvær torsdagar klokka 12.00.

Indre Haugsdal - butikken på Haugsvær

Køyrer frå Indre Haugsdal torsdagar klokka 10.30.
Køyrer frå butikken på Haugsvær torsdagar klokka 12.45

Byrkjeland - butikken på Hosteland

Køyrer frå Byrkjeland fredagar klokka 09.30.
Køyrer frå butikken på Hosteland fredagar klokka 12.30.

Reknes - butikken på Hosteland

Køyrer frå Reknes fredagar klokka 11.00.
Køyrer frå butikken på Hosteland fredagar klokka 14.00.

Masfjordnes ferjekai - butikken på Kvingo - Einestrand

Køyrer frå Masfjordnes ferjekai onsdagar klokka 09.30, med stopp på butikken på Kvingo og vidare til Einestrand dersom det er bestillingar der. 
Køyrer frå Einestrand onsdagar klokka 12.00, med stopp på butikken på Kvingo og vidare til Masfjordnes ferjekai. 

Ingen av rutene køyrer på heilagdagar.

Kva kostar det?

Bestillingstransport har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett dersom du har det. Hugs at du uansett må bestille. Her finn du informasjon om prisar.

Korleis kjøper eg billett?

Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken. Her finn du informasjon om korleis du kjøper billett.

Kven kan bruke bestillingstransport?

Bestillingstransport er for alle. Du kan for eksempel bestille han dersom du skal på handletur eller på besøk.

Lurer du på noko?

Du kan kontakte oss måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 17.00. Ring oss på 55 55 90 99, så hjelper vi deg.

Reisegaranti

Her kan du lese meir om reisegaranti og billettrefusjon.

I Odda går ikkje alle bussane til faste tider heile dagen. Mellom kl. 16.00 og 20.00 kan du bestille bussen. 

Slik fungerer HentMeg

  • Bestill buss på hentmeg.no eller ring 55 55 90 70/ 177.
  • Vel kvar du vil bli henta. Bussen kjem til næraste haldeplass.
  • Du vil få ei melding om når bussen kjem. Du kan også følge bestillinga di på nett.
  • Bussen køyrer til avtalt haldeplass. 

Korleis bestiller eg?

Bestill buss her

Bestill bussen på hentmeg.no eller ved å ringe Skyss på 55 55 90 70.

Bestillinga blir bekrefta på SMS. Der står det hentetidspunktet du har fått. Du kan også følge bestillinga di på hentmeg.no. 

Dess tidlegare du bestiller, dess større sjanse er det for at bussen kjem akkurat når du ønsker. Du kan bestille turen din inntil sju dagar i forvegen. Bussen køyrer i hovudsak etter "først til mølla"-prinsippet.

Sjå opningstidene våre på telefon her

Når køyrer bussen?

  • Måndag til fredag 16.00-20.00.

Utanom desse tidene følger bussen rutetidene.

Her finn du oppdatert rutetabell for linje 984, 985, 994 og 995. Du kan også søke i reiseplanleggaren.

Heilagdagar
HentMeg i Odda er tilgjengeleg kvardagar enten det er skulefri eller ikkje, og er innstilt på bevegelege heilagdagar. 

Kva kostar det?

Bussen har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett dersom du har det. Hugs at du uansett må bestille. Du finn meir informasjon om prisar her.

Korleis kjøper eg billett?

Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.

Kvar køyrer bussen?

HentMeg er tilgjengeleg i området merka på kartet. Bussen hentar deg på eit ordinært busstopp.

Kart over Odda som viser kor tilbodet Hent meg er tilgjengeleg. Kartet viser Eitrheim, Tokheim, Kalvanes, Hatleflot og Trolltunga camping.

 

Personvernerklæring for HentMeg

Bestillingstransport i Samnanger er eit tilbod der du kan bestille ein buss som kjem når du treng han, og som køyrer deg dit du skal i Samnanger. Det er plass til rullestol og barnevogn om bord.

Bussen køyrer måndag til fredag 09.00–14.00 og 16.00–22.00.
Bussen køyrer ikkje på heilagdagar.

Bussen køyrer i fire ulike område. Du kan bestille bussen til turar innanfor kvart område, eller til og frå det midtre området. Slik sikrar vi at ventetida ikkje blir for lang.

Du kan bestille bussen på ulike måtar:

  • Last ned appen Skyss Bestilling og legg inn bestillinga di.
  • Bestill på nett her
  • Ring oss på telefon 55 55 90 99 måndag-fredag klokka 08.00-17.00.

Du kan bestille bussen så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Dersom fleire skal reise på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å vente. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig kva tid bussen kjem.

Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil éin månad fram i tid.

Kva kostar det?

Bestillingsbussen har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett  dersom du har det. Hugs at du uansett må bestille bussen.

Korleis kjøper eg billett?

Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.

Kven kan bruke bestillingsbussen?

Bestillingsbussen er for alle. Du kan for eksempel bestille han dersom du 
skal på handletur, på trening, til legen eller på besøk.

Lurer du på noko?

Du kan kontakte oss måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 17.00. Ring oss på 55 55 90 99, så hjelper vi deg.

Reisegaranti

Her kan du lese meir om reisegaranti og billettrefusjon.

Bestillingstransport på Tertnes er eit tilbod der du kan bestille ein buss som kjem når du treng han, og som køyrer deg dit du skal på Tertnes. 

Bussen køyrer måndag til fredag 08.30-12.00 og 12.30-16.30.
Bussen køyrer ikkje på heilagdagar. 

Bussen køyrer innanfor det markerte området på kartet. Vi kan plukke deg opp og køyre deg dit du vil innanfor Tertnes-området, Åsane Terminal, Åsane senter, Horisont og Åsane kirkegård. Området går også litt sørover på Nedre Åstveit, vestover til Rema 1000 i Morvikveien, austover ut til Rolland Legesenter og nordover til Gullgruven. 

Du kan bestille bussen på ulike måtar:

  • Last ned appen Skyss Bestilling og legg inn bestillinga di.
  • Bestill på nett her
  • Ring oss på telefon 55 55 90 99 måndag-fredag klokka 08.00-17.00.

Du kan bestille buss så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før reisa. Dersom fleire skal reise på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å vente. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig kva tid bussen kjem.

Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil éin månad fram i tid.

Kva kostar det?

Bestillingsbussen har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett  dersom du har det. Hugs at du uansett må bestille bussen.

Korleis kjøper eg billett?

Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.

Kven kan bruke bestillingsbussen?

Bestillingsbussen er for alle. Du kan for eksempel bestille han dersom du skal på handletur, på trening, til legen eller på besøk.

Lurer du på noko?

Du kan kontakte oss måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 17.00. Ring oss på 55 55 90 99, så hjelper vi deg.

Reisegaranti

Her kan du lese meir om reisegaranti og billettrefusjon.

Serviceskyss er er eit tilbod med bestillingstransport i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Bestillingsrutene går langs faste strekningar til faste tider, men berre dersom ruta er bestilt. Tilbodet skal vere ope og tilrettelagt for alle. 

Du bestiller transport seinast innan eit gitt tidspunkt dagen før ruta går. Informasjon om korleis du bestiller, finn du under ruta di i oversikta her. Du blir henta heime og køyrd frå dør til dør. 

Serviceskyss kostar 30 kroner kvar veg. Du kjøper og betaler billett om bord, og kan betale med bankkort eller kontantar.

Sjå alle serviceskyssrutene her.

Trygt heim er eit tilbod med nattavgangar i distrikta for deg mellom 16 og 24 år. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass. Du kjøper og betaler billett på vanleg måte. Nokre av rutene er bestillingsruter som må bestillast på førehand. 

Tilbodet er tilgjengeleg her:

  • Bømlo / Stord
  • Florø
  • Førde
  • Kvinnherad
  • Nordfjordeid
  • Sandane
  • Sogndal
  • Stryn
  • Voss / Granvik / Ulvik

Her finn du meir informasjon om Trygt heim-rutene.