Faste endringar i rutetilbodet
Her finn du informasjon om korleis bussar og Bybanen køyrer i feriar og på heilagdagar.
Feriedagar
I samband med skulane sine feriar blir rutetilbodet litt redusert. Blant anna er alle skuleruter innstilte. Det vil i praksis seie at avgangar som er markerte med fotnote "s" i rutetabellane, ikkje blir køyrde i desse periodane.
Kommunane i Vestland har nokre gonger ulike datoar for planleggingsdagar og ferieveker (eksempelvis haustferie). Ver difor merksam på dette. Vi oppfordrar til å følge med på det aktuelle området for endringar.
Reiseplanleggaren på nett og i app vil vere oppdatert med kva turar som blir køyrde den aktuelle dagen.
Sommar- og vintertid
Ein tommelfingerregel er at alle bussar går etter gammal tid fram til klokka 05.00 neste morgon (neste dag). Det vil seie at ei vanleg rute kan gå til rundt midnatt på gammal tid, før den startar på ny tid frå første avgang neste morgon.
I praksis påverker overgangen mellom sommar- og vintertid berre bussar som har nattavgangar, og desse vil gå etter gammal tid fram til siste avgang. For dei rutene som går heile døgnet, vil det å stille klokka ha lite å seie, då dei går til faste tider gjennom døgnet.
Heilagdagar og fridagar
I all hovudsak er det verdt å merke seg tre periodar i året som skapar endringar for rutetilbodet. Dette er påske, mai månad og jul- og nyttårsveka. Kva tilbod som vert køyrt, kan vere ulikt i ulike område i Vestland. Ver obs på at det kan vere lokale forskjellar, og spesielt for båtar kan enkelte turar køyre i tillegg utover dagvariantane.
Sjå ditt område for ein detaljert oversikt over korleis transportmidla køyrer.
Endringar i påske
Skjærtorsdag
På skjærtorsdag køyrer dei fleste bussane kvardagsruter. Ruter merka med skuledagar i rutetabell køyrer ikkje.
- Områder der alle avgangar er innstilt: Austevoll.
- Områder som køyrer søndagsruter: Sunnhordland, Hardanger og Voss.
Langfredag
På langfredag køyrer dei fleste bussane søndagsruter.
- Områder der alle avgangar er innstilt: Austevoll.
Påskeafta
På påskeafta køyrer bussane normale laurdagsruter.
Normale laurdagsruter betyr at nattavgangar (natt til søndag) køyrer som normalt.
1. påskedag
1. påskedag køyrer dei fleste bussane søndagsruter.
- Områder der alle avgangar er innstilt: Austevoll, Modalen og Vaksdal.
2. påskedag
2. påskedag køyrer dei fleste bussane søndagsruter.
- Områder der alle avgangar er innstilt: Modalen og Vaksdal.
Mai, pinse og Kristi Himmelfartsdag
I fridagane/heilagdagane som er i mai månad, vert alle bussar køyrt etter søndagsruter. Unntaket er Bergen sentrum og omegn som køyrer laurdagsruter Kristi Himmelfartsdag (med nattavgangar natt til søndag).
1. mai
På arbeidarane sin dag køyrer alle ruteområder søndagsruter.
17. mai
På grunnlovsdagen køyrer alle ruteområder søndagsruter.
Kristi Himmelfartsdag
Alle ruteområder med unntak av Bergen og omegn køyrer søndagsruter. Bergen sentrum og omegn køyrer laurdagsruter med nattavgangar (natt til søndag).
Pinseaftan
På pinseaftan køyrer alle ruteområder laurdagsruter, og dei fleste områda køyrer med nattavgangar.
1.-2. pinsedag
Alle ruteområder køyrer søndagsruter første og andre pinsedag.
Jul og nyttår
Julaftan
Det vert køyrt kvardag utan skuleturar på julaftan fram til ca. kl. 16.00 i alle områder, med unntak av bussar i Bergen og omegn som køyrer laurdagsruter.
Det er verdt å merke seg at ingen bussar køyrer etter siste tur rundt kl. 16.00 på julaftan.
1. juledag
På første juledag køyrer bussane anten søndagsruter, eller så er alle turane innstilt.
Område der alle turar er innstilt: -
2. juledag
På første juledag køyrer bussane anten søndagsruter, eller så er alle turane innstilt.
Område der alle turar er innstilt: -
Romjula (27.-30. desember)
Bussar i Bergen og omegn køyrer laurdagsruter, medan bussar i øvrige områder køyrer kvardag utan skuleturar.
Nyttårsaftan
På årets siste dag køyrer alle områder laurdagsruter.
1. nyttårsdag
1. januar køyrer bussane søndagsruter.
Publisert:
Oppdatert: