Avvikling av mellombels teneste
Frå 1. november 2024 er det ikkje mogleg å bestille rutetabellar heim i posten.
Tenesta der du kan bestille ein eller fleire rutetabellar og få dei sende heim i posten, blei innført som ei mellombels overgangsteneste då rutehefta blei fjerna frå bussane for fleire år sidan.
No er tida komen for å stenge denne tenesta. Talet på reisande som bestiller rutetabellar heim i posten har gått nedover jamnt og trutt dei seinare åra. I same periode har talet på ruteendringar undervegs i året gått opp, og vi tilpassar rutene ofte. Du kan difor oppleve at rutetabellen du har på papir, ikkje vil stemme, også kort tid etter at den er skriven ut. Vi anbefaler difor at du sjekkar reiseplanleggaren når du skal ut og reise.
Her finn du reiseplanleggaren på nettsida.
Her laster du ned appen Skyss Reise.
Rutetabellar i PDF-format blir framleis å finne på nettsida. Her finn du dei.
Desse tabellane kan du sende på e-post til deg sjølv eller skrive ut heime om du har skrivar tilgjengeleg.
For enkelt å finne fram til di rutetabell, kan du lage eit bokmerke, eller kopiere nettadressa til denne, og så bruke ho direkte neste gong.
Du kan også skrive ut rutetabellar på Skyss kundesenter på Bergen busstasjon.
Publisert:
Oppdatert: