Sykkelparkering
Her finn du informasjon om sykkelparkering i området rundt Bergen.
Bergen busstasjon
På Bergen busstasjon har vi gratis sykkelparkering under tak. Sykkelparkeringa finn du på baksida av Bergen busstasjon, ved kundesenteret vårt. Du går ned rampen for å parkere sykkelen din.
For å kunne parkere sykkelen din her, må du bruke bankkort. Følg instruksen på skiltet ved inngangen til sykkelparkeringa. Kortet ditt blir ikkje belasta. Sykkelparkeringa er tilgjengeleg klokka 06.00 - 23.30. Sykkelparkeringa er videoovervaka.
På Bergen busstasjon er det også plassert 10 sykkelboksar frå Bikely. Boksane er plassert ved den nord-vestre inngangen til busstasjonen, nær kundesenteret vårt. Boksane er gratis å bruke i 4 timar, og etter det kostar det 10 kr per time. For å bruke sykkelboksene må du ha appen til Bikely.
Nesttun
Ved Nesttun terminal har vi gratis sykkelparkering under tak. Sykkelparkeringa finn du mellom Nesttun terminal A og Meny.
For å kunne parkere sykkelen din her, må du bruke bankkort. Følg instruksen på skiltet ved inngangen til sykkelparkeringa. Kortet ditt blir ikkje belasta. Sykkelparkeringa er tilgjengeleg heile døgnet. Sykkelparkeringa er videoovervaka.
Birkelandsskiftet terminal
På Birkelandsskiftet terminal har vi gratis sykkelparkering under tak. Sykkelparkeringa finn du bak sjåførbua ved perrong B.
For å kunne parkere sykkelen din her, må du bruke bankkort. Følg instruksen på skiltet ved inngangen til sykkelparkeringa. Kortet ditt vil ikkje bli belasta. Sykkelparkeringa er døgnope Sykkelparkeringa er videoovervaka.
Loddefjord terminal
På Loddefjord terminal har vi gratis sykkelparkering under tak. Sykkelparkeringa finn du i garasjeanlegget ved Joker-butikken.
For å kunne parkere sykkelen din her, må du bruke bankkort. Følg instruksen på skiltet ved inngangen til sykkelparkeringa. Kortet ditt vil ikkje bli belasta. Sykkelparkeringa er døgnope.
Åsane terminal
Ved Åsane terminal har vi gratis sykkelparkering under tak. Sykkelparkeringa finn du ved innfartsparkeringa for bilar, mot Skeidar.
For å kunne parkere sykkelen din her, må du bruke bankkort. Følg instruksen på skiltet ved inngangen til sykkelparkeringa. Kortet ditt vil ikkje bli belasta. Sykkelparkeringa er døgnope.
Inne på sykkelparkeringa er det 48 vanlege sykkelparkeringsstativ og 12 parkeringar med løysinga frå Bikeep. Stativa har innebygd høgtalarm og ein stålbøyle som låser både ramme og hjul. Du kan bruka stativa med appen Bikeep eller med eit kort som har RFID-brikke som til dømes tilgangskort, ladebrikke eller liknande.
Straume terminal
På Straume terminal har vi gratis sykkelparkering under tak. Sykkelparkeringa finn du i eit sykkelhus like ved Straume bussterminal og det er plass til 36 syklar.
For å kunne parkere sykkelen din her, må du bruke bankkort. Følg instruksen på skiltet ved inngangen til sykkelparkeringa. Kortet ditt vil ikkje bli belasta. Sykkelparkeringa er tilgjengeleg klokka 05.00 - 23.30. Sykkelparkeringa er videoovervaka.
Ågotnes terminal
På Ågotnes terminal er det sett opp 10 sykkelstativ med trygg sykkelparkering. Stativa har innebygd høgtalaralarm og ein stålbøyle som låser både ramme og hjul. Du kan bruka stativa med appen Bikeep eller med eit kort som har RFID-brikke som til dømes tilgangskort, ladebrikke eller liknande.
Lagunen terminal
På Lagunen er det enkle sykkelstativ under tak under trappa mellom bybanehaldeplassen og bussterminalen.
Inne i parkeringsanlegget til Lagunen er det også plassert bokser frå Bikely. Her er det gratis å parkere i 3 timar, og det kostar 10 kr per time etter det. For å nytte denne parkeringa må du ha appen til Bikely.
Fyllingsdalen terminal
På Fyllingsdalen terminal er det sett opp 24 sykkelboksar frå Bikely, i tillegg til 9 sykkelbøylar. Det koster 10 kr å nytte sykkelboksane i 12 timar, deretter kostar det 10 kr per time å stå parkert der.
Sletten senter
Ved parkeringsplassen på motsett side av vegen for Sletten senter er det plassert boksar frå Bikely. Her er det gratis å parkere i 4 timar, og det kostar 10 kr per time etter det. For å nytte denne parkeringa må du ha appen til Bikely.
Kleppestø terminal
På kaia ved Kleppestø terminal er det plassert fire boksar frå Bikely. Her er det gratis å parkere. For å nytte denne parkeringa må du ha appen til Bikely.
I tillegg er det 10 parkeringar med løysinga frå Bikeep ved rådhuset og 10 ved Kleppestø sykehjem. Stativa har innebygd høgtalaralarm og ein stålbøyle som låser både ramme og hjul. Du kan bruka stativa ved å hjelp av appen Bikeep eller med eit kort som har RFID-brikke (som til dømes tilgangskort, ladebrikke eller liknande). Det er gratis å parkere sykkelen i stativa.
Frekhaug terminal
Ved Frekhaug terminal er det sett opp 4 sykkelboksar frå Bikely. Det er gratis å nytte desse dei fyrste 12 timane, deretter kostar det 10 kr per time å stå parkert der. For å nytte denne parkeringa må du ha appen til Bikely.
Knarvik kai
Ved Frekkhaug terminal er det sett opp 4 sykkelboksar frå Bikely. Det er gratis å nytte desse dei fyrste 12 timane, deretter kostar det 10 kr per time å stå parkert der. For å nytte denne parkeringa må du ha appen til Bikely.
Knarvik bussterminal
Ved Frekkhaug terminal er det sett opp 4 sykkelboksar frå Bikely. Det er gratis å nytte desse dei fyrste 12 timane, deretter kostar det 10 kr per time å stå parkert der. For å nytte denne parkeringa må du ha appen til Bikely.
Sykkelparkering langs bybanen
På dei fleste bybanehaldeplassar langs linje to, og nokre haldeplassar langs linje 1 er det etablert sykkelparkering med sykkelbøylar under tak. Desse er plassert nærme haldeplassane og er gratis å nytte. Dette gjeld:
- Haukeland sjukehus, ved begge utgangane
- Kristianborg
- Kronstad
- Fløen
- Mindemyren
- Råstølen
- Lagunen terminal
- Kokstadflaten
- Kokstad
- Sandslimarka
- Sandslivegen