Hopp til hovedinnald

Slik fungerer det

Når kan du parkere gratis

Parkeringsordninga gjeld måndag til fredag frå kl. 06.00 – 18.00, utanom helge- og heilagdagar. Mellom kl. 18.00 - 06.00 er parkeringsplassane opne for alle.

Her finn du parkeringane

Reglar for parkering

Maksimal samanhengande parkeringstid er 20 timar, og det er ingen plassgaranti. Dette gjeld parkering både med og utan parkeringsbevis.

Det er ditt ansvar å ha gyldig parkeringsbevis tilknytt bilen. Dersom du ikkje har gyldig bevis, eller bilen står parkert i meir enn 20 timar, kan du bli ilagt gebyr etter satsar oppgitt i Parkeringsforskrifta. I særskilte situasjonar kan køyretøyet ditt også bli fjerna.

Les meir om eigne reglar for:

Kven kan få parkeringsbevis

For å kunne parkere gratis må du ha ein gyldig periodebillett (7-, 30 eller 180-dagar) for vaksen/student/honnør innanfor eller til/frå sone A i appen Skyss Billett. I tillegg til gyldig billett må du ha parkeringsbevis i appen.

Registrer parkeringsbevis i appen Skyss Billett

  • Gå til «meny» (øvst i venstre hjørne) og vel «parkering» 
  • Registrer opptil to skilt nummer. OBS! Berre ein bil kan stå parkert om gongen.  
  • Første gong du brukar parkeringsbeviset, må du hugse å aktivere det.  

Parkeringsbeviset vert automatisk aktivert ved fornying av periodebillett og varer til kl. 18.00 den dagen periodebilletten går ut.   

imagejs63k.png

Parkeringsbevis for deg med Skysskort
Dersom du har periodebillett på Skysskort, kan du få utdelt parkeringsbevis på kundesenteret vårt. Foreløpig er ikkje parkeringsbeviset tilgjengeleg i nettbutikken. 

Her finn du parkering

Bilparkering for kollektivreisande med parkeringsbevis har vi på følgande stader: 

Birkelandsskiftet har om lag  280 parkeringsplassar. 
Det er 12 ladeplassar for elbil på parkeringsplassen.

 

Steinsvikvegen i nærhetn av Lagunen har om lag 150 parkeringsplassar. 

Nesttun har om lag 180 parkeringsplassar. Parkeringa ved Skjoldsskiftet har om lag 59 plassar. 

Det er om lag 117 parkeringsplassar fordelt på ulike stader på Skjold. Skjold har ca. 29 plassar, Skjold kirke har ca. 29 plassar og Skjoldsskiftet har ca. 59 plassar. 

Skogsskiftet har om lag 54 parkeringsplassar.

Storavatnet har om lag 160 plassar fordelt på to parkeringar. 

Straume terminal har om lag 160 plassar fordelt på to parkeringar. Eigne reglar gjeld for Kystbygarasjen. Meir informasjon finn du her. 

Åsane har om lag 200 parkeringsplassar. 

På Knarvik kai er det om lag  150 parkeringsplassar. 


Apcoa Parking utfører parkeringskontrollar på vegne av Skyss.