Sjekk kor full bussen er før han kjem
Medan du ventar på bussen, kan du sjekke om det er mykje eller lite ledig plass om bord.
I reiseplanleggaren kan du opptil eit kvarter før bussen kjem, sjå korleis kapasiteten er om bord for. Tenesten gjeld ikkje for alle område.

Dei tre menneskesymbola framfor kvar avgang blir fylt opp etter kor full bussen er:

Sjekk direkte på haldeplassen
Denne moglegheita har du også på sanntidsskilta og på skjermane med avgangsinformasjon på haldeplassar. Den same logikken for å vise kor full bussen er, ligg bak, men utan fargar.

Slik ser det ut på sanntidsskilta på haldeplassane

På skjermane ser det slik ut. Du kan sjå om det er mykje eller lite ledig plass på bussane som kjem. Her ser vi at linje 4 og 6 har noko ledig plass på neste avgang, mens dei andre har god plass på bussen.