Hopp til hovedinnald

Belte i buss reddar liv

Bruk av belte i buss held deg på plass i setet, slik at du ikkje er til fare for deg sjølv eller andre dersom det skulle skje ei ulykke.

Spørsmål og svar om belte i buss  

Kvifor er det ikkje setebelte i alle bussar?

Det finst fem bussklassar i Noreg og EU-området. Skyss følger dei nasjonale køyretøyforskriftene som seier kva bussar som skal ha setebelte, og i kva bussar det er påbode å bruke dei.

  • Bussklasse 1 er bussar som har fleire ståplassar og er meinte for byområde der det er mykje av- og påstiging. Dei blir ofte omtalte som bybussar. Desse bussane kan ikkje køyre fortare enn 70 km/t, og det er ikkje krav om at det skal vere montert setebelte. Dersom det er setebelte tilgjengeleg i ein buss av denne klassen, er det ikkje påbode å bruke det. Vi anbefaler likevel at du alltid bruker setebelte der det er montert.
  • Bussklasse 2 er bussar som hovudsakleg har sitteplassar, men som kan ta med nokre ståande passasjerar i tillegg. Det er krav om at det skal vere montert setebelte i slike bussar, og det er påbode å bruke det. Bussar i denne klassen kan ikkje køyre fortare enn 80 km/t.
  • Bussklasse 3 er bussar som ikkje har ståplassar. Det er krav om at det skal vere montert setebelte i slike bussar, og det er påbode å bruke det. Desse bussane kan ikkje køyre fortare enn 100 km/t.
  • Bussklasse A er minibussar som er innretta med fleire ståplassar, og det er ikkje krav om at det skal vere montert setebelte der. Der det er montert setebelte, er det påbode å bruke det. Bussane i denne klassen kan ikkje køyre fortare enn 80 km/t.
  • Bussklasse B er minibussar med berre sitteplassar. Det er krav om at det skal vere montert setebelte der, og det er påbode å bruke det. Desse bussane kan ikkje køyre fortare enn 80 km/t.

Skyss stiller i nye busskontraktar krav til busselskapa om at det skal vere setebelte i alle bussar. Det gjeld også bussar i bussklasse 1, der det ifølge køyretøyforskrifta ikkje er krav om setebelte. I Vestland er det derfor setebelte i alle Skyss sine bussar, med nokre få unntak.

Unntaka gjeld i nokre tilfelle der det blir brukt reservebussar, og der det framleis blir brukt eldre bussar i nye kontraktar. Dette gjeld tolv bybussar i bussklasse 1 i Odda og på Stord.

Kvifor må eg som sit, bruke setebelte, mens dei som står, ikkje er sikra?

Bruk av setebelte i buss er ei kompleks problemstilling som mange aktørar er engasjerte i. Det er Statens vegvesen som har ansvar for køyretøyforskriftene, mens Samferdsledepartementet har ansvar for forskrift om bruk av setebele. Ytterlegare spørsmål om dette må rettast dit.

Kvifor køyrer bussar utan setebelte og med ståplassar på motorveg?

Bussar i dei ulike bussklassane må følge fartsavgrensinga som er sett i køyretøyforskrifta, uavhengig av kva fartsgrense det er på vegen. Køyretøyforskrifta seier følgande:

  • Bussklasse 1 – kan ikkje køyre fortare enn 70 km/t
  • Bussklasse 2 – kan ikkje køyre fortare enn 80 km/t
  • Bussklasse 3 – kan ikkje køyre fortare enn 100 km/t
  • Bussklasse A – kan ikkje køyre fortare enn 80 km/t
  • Bussklasse B – kan ikkje køyre fortare enn 80 km/t

Kva gjer eg dersom setebeltet i bussen er øydelagt?

Busselskapa har ansvar for å halde setebelta ved like. Dersom du likevel opplever at setebeltet ikkje fungerer, oppfordrar vi deg til å gjere bussjåføren merksam på dette. Du kan òg melde frå til Skyss og gi beskjed om kva linje du reiste med, på kva tidspunkt, og frå kva for ein haldeplass. Dersom du i tillegg har «internnummeret» på bussen, vil det hjelpe oss. Du finn dette nummeret på utsida av bussen, både på venstre side av framdøra og bak på bussen.

Kvifor har nokre bussar trepunktsbelte, mens andre har topunktsbelte?

I kontraktane Skyss har med busselskapa, har vi definert setebeltekrav som er i tråd med den nordiske busstandarden, Bus Nordic. Det vil seie at vi har stilt krav om at det skal vere setebelte i bussane, men at busselskapa står fritt til å velje om det skal vere tre- eller topunktsbelte. I dei aller fleste nye bussane som køyrer for Skyss, er det montert trepunktsbelte.

Kva gjer eg dersom setebeltet er for kort til meg?

Bussane som køyrer for Skyss, følger den nasjonale køyretøyforskrifta, der lengda på setebelta ikkje er definert. Som vi skriv ovanfor, har Skyss i kontraktane med busselskapa definert setebeltekrav som er i tråd med Bus Nordic-standarden. Det avgrensar moglegheitene vi har til å stille særeigne krav til setebelte. Skyss oppfordrar likevel busselskapa til å ha dei lengste tilgjengelege setebelta i nye bussar.

Det er Statens vegvesen som kontrollerer om du bruker setebelte, også i buss. Dersom det ikkje er mogleg å bruke setebelte i ein buss der dette er påbode, har kontrollørane rutinar for korleis det skal handterast. Dersom du har ytterlegare spørsmål om dette, må dei rettast til Statens vegvesen.

Kvifor er det ikkje setebelte på bybanen?

Det er ikkje setebelte i trikk, tog eller bybane. Ytterlegare spørsmål om dette må rettast til Jernbanetilsynet, som har ansvaret for regelverket knytt til bybanen. 

Les meir om setebelte i buss hos Statens vegvesen