Sanntidsinformasjon
Sanntid betyr oppdatert informasjon om kva tid bussen er forventa å køyre frå haldeplassen.
Appen Skyss Reise, reiseplanleggaren på skyss.no, gratistenesta vår for avgangvisning, (avgangsvisning.skyss.no) og digitale haldeplasskilt viser avgangstider i sanntid. Avgangar med sanntid er markerte med oransje farge og er tilgjengeleg for alle busshaldeplassar i Hordaland.
Estimert tid i minutt til passering er vist med oransje skrift.
Appen Skyss Reise
Mobilappen Skyss Reise viser også tidtabell med tider for buss, bybane, båt, ferje og tog i heile Vestland og har reiseplanleggarfunksjon. Last ned appen gratis:
Digitale skilt på haldeplass
På utvalde haldeplassar har vi digitale skilt som også viser sanntid. Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid i klokkeslettform (tt:mm). Alle haldeplasskilt er monterte med ein høgtalar, der dei som ønsker det, kan få lest opp informasjonen som står på skjermen.

Sanntidsskilt viser berekna tid for når bussen køyrer frå haldeplassen.
Nyttig informasjon
Ved større hendingar som påverkar kollektivtrafikken, informerer vi om avvik i blant anna appen Skyss Reise, reiseplanleggaren og på digitale haldeplasskilt. Meir informasjon om korleis du oppdaterer deg ved avvik i kollektivtrafikken finn du her.
I fleire område er det også mogleg å sjå kapasiteten om bord på bussen.