Hopp til hovedinnald

Du kan reise mellom Bergen Lufthavn og Bergen sentrum med Bybanen (linje 1). På vegen stoppar Bybanen mellom anna på terminalane Birkelandsskiftet, Lagunen, Nesttun og Bergen busstasjon. Frå desse terminalane går det bussar til ulike reisemål i og rundt Bergen.

Du kan også reise mellom Bergen lufthavn og Straume terminal med buss nummer 23.

Bruk reiseplanleggaren til å planlegge reisa di.

Billettpris
Billetten kostar 49 kroner for ein vaksen, 25 kroner for barn (6-17 år) og honnør, og 29 kroner for student og militær. 

Sjå meir informasjon om prisane våre her.

Flybussen (FB50/FB51)
Du kan også reise til og frå Bergen Lufthavn med Flybussen. Nokre av rutene går til Bergen sentrum, mens andre går til Åsane via Fyllingsdalen og sentrum.

Flybussen har også ei rute mellom Bergen lufthavn og Flesland kai, kalla Kaibussen (FB55). For meir informasjon om rutetider, haldeplassar, prisar og billettkjøp, sjå flybussen.no.

Ekspressbuss (NW431)
Til/frå Bergen Lufthavn kan du også reise med ekpressbuss til/frå Førde med Nor-Way bussekspress. For meir informasjon om rutetider, haldeplasser, prisar og billettkjøp, sjå nor-way.no.

For å reise mellom Florø sentrum og Florø lufthamn, finst det to bussalternativ.

Buss nummer 252 går mellom lufthamna og Florø terminal via fleire haldeplassar i sentrum. 

Buss nummer 251 går mellom lufthamna og Florø kulturhus, og frå kulturhuset til Brandsøy via Torvmyrane skule og tilbake til sentrum via Havikbotten og Solbakken.

Bruk reiseplanleggaren til å planlegge reisa di.

Billettpris
Billetten kostar 49 kroner for ein vaksen, 25 kroner for barn (6-17 år) og honnør, og 29 kroner for student og militær. 

Sjå meir informasjon om prisane våre her.

Du kan reise mellom Førde og Førde Lufthamn Bringeland med Flybussen FB59, som går frå Vieåsen, forbi Førde sentralsjukehus, vidare via Førde rutebilstasjon og til flyplassen. Bussen køyrer same rute på veg frå flyplassen til Førde.

Flybussen køyrer ikkje frå flyplassen før etter at flyet har landa, og du må kjøpe billett om bord eller i appen Entur.

Bruk reiseplanleggaren til å planlegge reisa di.

Billettpris
Prisen for vaksne er 150 kroner, medan barn, honnør og militær betaler 75 kroner.

30-dagars ungdomsbillett kan brukast som billett. Familierabatt, grupperabatt og reiserabatt gjeld ikkje.

Du kan reise mellom Sandane lufthamn og Sandane rutebilstasjon med buss nummer 100.

Bruk reiseplanleggaren til å planlegge reisa di.

Billettpris
Billetten kostar 49 kroner for ein vaksen, 25 kroner for barn (6-17 år) og honnør, og 29 kroner for student og militær. 

Sjå meir informasjon om prisane våre her.

Du kan reise mellom Sogndal lufthamn og Sogndal skysstasjon med Flybussen FB58. Bussen går via Kaupangsenteret. Flybussen køyrer ikkje frå flyplassen før etter at flyet har landa, og du må kjøpe billett om bord eller i appen Entur.