Hopp til hovedinnald

 

Vinnarar av fotokonkurransen

I sommar hadde vi ein fotokonkurranse der du kunne tipse oss om fine stader å reise med heile familien. Gratulerer og takk til Anne Elin Sætevik, Alicja Aleksandrowicz, Herman Gytri Juklestad og Siri Lima som har sendt inn flotte bilde frå Erdal i Sunnfjord, Stend hovedgård i Fana, dagsturhytta i Førde og Gamle Bergen.

Bilete visar ein venegjeng på ei strand i kveldsol.

Ta turen til Erdal i Sunnfjord! Her finn du ei flott, langrunn strand som er spesielt fin i kveldssol. Berre fem minutt unna med buss, enten du reiser frå Naustdal eller Førde. God tur.

Tusen takk til Ann Elin Sætevik for fint bilde og reisetips!

Reis dit kollektivt!
Buss nr. 250 Førde–Florø.

Bilete visar eit lite barn og eit lite lam ved eit gjerde.

Ta turen til Stend hovedgård! På Stend kan du starte dagen med å besøke dyra på Stend vidaregåande skule. Her kan du treffe små lam, kyr, hestar  - og til og med ein snakkande fugl! I same område finn du Mjølkevika. Ei mykje brukt badevik som ligg lunt og fint til. I Mjølkevika er det gangveg ned til stranda, stupebrett og toalettfasilitetar.  

Tusen takk til Alicja Aleksandrowicz for fint bilde og tips!

Reis dit kollektivt!
Buss nr. 60, 61, 62 og 64 går til Stend.

Bilete visar dagsturhytta i Førde, og ein gut som balanserar på ei line utanfor.

Ta turen til dagsturhytta i Førde! Ved dagsturhytta Gytta er det koselege benkar, bålplass og gapahuk til overnatting. Du finn òg disser og stropper du kan balansere på. 

Tusen takk til Herman Gytri Juklestad for fint bilde og reisetips!

Reis dit kollektivt!
Buss nr. 201, (bybussen i Førde) tek deg til stoppet ved Vieåsen barnehage utgangspunktet for turen til hytta.

Bilete visar eit vindauge med gardiner. Utanfor er folk i historiske klede samla på eit lite torg med ei julegran.

Ta turen til Gamle Bergen i førjulstria! Her kan de oppleve jul slik dei feira før i tida. Ein super førjulsaktivitet for heile familien.

Tusen takk til Siri Lima for fint bilde og reisetips!

Reis dit kollektivt! 
Mellom anna stoppar buss nr. 3, 4, 12, 16E og 19 ved Gamle Bergen.


Her finn du fleire gode reisetips for familien

Send oss ditt reisetips!

Ofte er dei beste minna berre ein kort tur unna – med buss, båt eller bybane! Vi samlar inn tips til kortreiste, familievennlege eventyr som du kan reise til med kollektivtransport i Vestland! Har du ein favorittstad som passar perfekt for barn? Ta eit bilete, og tips oss om DIN favorittplass. 

Skriv kva du likar med plassen og korleis du kan reise kollektivt dit. Kanskje kan vi dele tipset ditt her på nettsida eller på ein skjerm om bord?

Reiser du med Skyss, er det billeg å oppdage nye stader med barna! Kvar dag reiser nemleg 4 barn gratis med 1 vaksen på buss, bybane og båtar med sonepris. Og barnebilletten gjeld heilt fram til fylte 18 år.

Tenk på miljøet, la bilen kvile, og gjer kollektivreisa til ein del av opplevinga!

Del tipset med oss her!

NB. Ver varsam med å dele bilder av barn som kan identifiserast.

NB. Ver varsam med å dele bilder av barn som kan identifiserast.

Samtykke

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon