Undersøking om miljøvenlege transportmiddel
Dei som deltek i undersøkinga vil bli kontakta via sms eller brev.
Kollektivselskapa AtB, Skyss og Kolumbus har starta eit prosjekt for å sjå kva tilbod som fungerer best for å få folk til å velje miljøvenlege transportmiddel framfor bil.
Som ein del av dette arbeidet blir det no gjennomført ei undersøking om delt mobilitet, særleg fokusert på el-sparkesyklar, bysyklar, bildeling og samkøyring.
Deltakarane i undersøkinga utgjer eit tilfeldig utval av befolkninga og vil bli kontakta via SMS eller brev. Det er viktig at så mange som mogleg deltek i undersøkinga, for å få svar på kva befolkninga meiner om desse transportformene.
SMS er send ut med avsendar Skyss og har link frå Analysestrategi.com.
Publisert:
Oppdatert: