Hopp til hovedinnald

Kollektivselskapa AtB, Skyss og Kolumbus har starta eit prosjekt for å sjå kva tilbod som fungerer best for å få folk til å velje miljøvenlege transportmiddel framfor bil.

Som ein del av dette arbeidet blir det no gjennomført ei undersøking om delt mobilitet, særleg fokusert på el-sparkesyklar, bysyklar, bildeling og samkøyring.

Deltakarane i undersøkinga utgjer eit tilfeldig utval av befolkninga og vil bli kontakta via SMS eller brev. Det er viktig at så mange som mogleg deltek i undersøkinga, for å få svar på kva befolkninga meiner om desse transportformene.

SMS er send ut med avsendar Skyss og har link frå Analysestrategi.com.

 

Publisert:

Oppdatert: