Hopp til hovedinnald

Det blir nye ruter og avgangstider. Endringane gir nye avgangar kveldstid onsdag, og avgangane natt til laurdag blir ikkje lenger køyrde. 

Endringane gir eit tilbod til ungdommar som skal heim på kveldstid, og vi håpar at tilbodet blir teke godt imot.


Nye faste ruter frå og med 5. februar:

  • Voss stasjon - Vinje - Myrkdalen: Linje 950
  • Voss stasjon - Bolstadøyri: Linje 920/950 (blir køyrd av drosje)
  • Voss - Bjørgamarki - Palmafossen - Voss: Linje 951
  • Voss - Oppkvitno: Linje 954 (blir køyrd av drosje)


Meir om det nye tilbodet

  • Avgang frå Voss stasjon til Bolstad blir endra frå natt til laurdag til onsdag kveld kl. 21.15 med linje 920/950.
  • Avgang frå Voss stasjon til Stalheim hotell med linje 950 blir endra frå natt til laurdag til onsdag kveld kl. 21.25, og køyrer no heilt til Myrkdalen.
  • Det blir ein ny avgang som køyrer Voss stasjon–Palmafossen– Bjørgamarki–Palmafossen–Voss stasjon på onsdagar kl. 21.25 med linje 951.
  • Det blir ein ny avgang som køyrer Voss stasjon–Palmafossen skule– Ygre–Oppkvitno onsdagar kl. 21.15 med linje 954. 
  • Avgang frå Voss stasjon til Hjeltnes med linje 945 natt til laurdag blir ikkje køyrd. 



    Turane til Bolstad og Oppkvitno blir køyde med drosje, dei andre turane blir køyrde med buss.

    Du treng ikkje bestille for å reise med Trygt Heim. Bussane og drosjene går frå Voss stasjon til oppgitte tider og køyrer dersom det er passasjerar som skal vere med frå denne haldeplassen. 

    Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.


Publisert:

Oppdatert: